Nordås kastar om på planane etter Gjert-beskjed: «Det er det dummaste du kan gjere»

1 month ago 65



Når høgdeopphaldet i St. Moritz var unnagjord og siste konkurranse i London sprunge, skulle Nordås rett heim til rolege Jæren og lade opp til OL. Heilt uforstyrra.

Kjærasten måtte minst heim til Trondheim, helst ut av landet, var beskjeden da NRK møtte dei vestpå i vår. Nå har trenar Gjert Ingebrigtsens beskjed fått han til å endre meining.

Planen er skrota.

– Eg fekk beskjed av Gjert om at den planen med å sende kjærasten ut av landet, den må du berre legge på is. For det er det dummaste du kan gjere. Nå har ho vore heime i karantene i ti dagar. Maks inkubasjonstid på dei fleste virus er fire døgn, så vaknar ho frisk i morgon, så er ho «good to go», smiler Nordås.

Han har akkurat passert målstreken etter éi engelsk mil i London, berre slått med tre hundredelar av australske Oliver Hoare.

– Beinharde instruksar

Nå handlar det berre om å trykke på dei rette knappane før han skal i aksjon i Paris frå 2. august. For klokka tikker raskt mot OL:

Han skal framleis unngå folkemengder og smitte, men får litt selskap av Oda Andersen Lundeby for å senke skuldrene.

– Ho er heime på Jæren etter beinharde instruksar frå trenaren. Han sa det var det dummaste eg kunne gjere, så eg lyttar og høyrer på han.

Nordås Lundeby

TID I LAG: Nordås får likevel brukt tid saman med kjærasten Oda Andersen Lundeby før OL.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

– Kva er det som gjer at ho er viktig?

– Det gjeld å vere saman med dei folka som du trivst med, som gir deg energi og som ein er glad i. Det gir deg velvære i kvardagen og gjer at enn slappar betre av og ikkje tenker så mykje på OL.

Han har fått dei bekreftingane han treng med tanke på den fysiske forma etter 6.-plass i Monaco og 2.-plass i London. På trening er han til og med hakket skarpare enn han var da det blei VM-bronse sist sesong.

Da var han nyforelska.

– Hadde eg vore heime aleine blir det fort slik at ein tenker seg sjuk og tenker seg skada. Da tenker ein seg ut av form og det kan eg ikkje risikere, smiler Nordås, som openbert er glad for at han snart skal heim til kjærasten.

 Narve Gilje Nordås nummer to på én engelsk mil.

I FYR OG FLAMME: Nordås enda på andreplass i London.

Foto: Reuters

Siste finpuss før Paris

Dei 1609 meterane framfor 60.000 tilskodarar i London var den siste skikkelege hardøkta før OL. Nå er det finpussen som står att når han kjem heim til vestlandet.

– Det blir å «tune og tweake» litt. Vi skal køyre litt konkurransefart, litt terskel og litt roleg trening, så kan ein bygge toppform på dette.

– Er det nå ein skal kvile seg i form?

– Ja, men må ikkje kvile for mykje, ein vil ikkje bli for dvask heller. Det er ein hårfin balansegang med kvile og trening slik at ein kjenner seg skarp og med overskot. Eg prøver å justere alle parameter eg kan. Det er søvn, det er kosthald og ha det godt i kvardagen.

– Har ein det godt i kvardagen så restituerer ein betre. Det blir fokuset fram mot OL, vere heime og lada batteria, seier Nordås.

Når Paris-leikane startar treng han all energien han kan samle. Går alt etter planen skal han legge bak seg 14.500 konkurransemeter i OL.

Publisert 21.07.2024, kl. 09.28

Read Entire Article