Nominasjonskomiteen vraka Giske: – Ikkje overraska

5 days ago 6



I dag la nominasjonskomiteen i Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag fram sitt forslag til valliste før stortingsvalet neste år.

I går blei det klart at åtte av ni medlemmar i komiteen ikkje ønsker Trond Giske på lista.

Eg visste jo korleis komiteen var samansett, så eg er for så vidt ikkje overraska, seier Giske i dag.

Sjølv om han ikkje er på komiteen sitt listeforslag har han ikkje gitt opp.

– Til sjuande og sist er det medlemmane i Trøndelag Arbeidarparti som bestemmer.

– Trygg på medlemmane sin integritet

I går blei det klart at berre ein av medlemmane i nominasjonskomiteen – Pål Sture Nilsen, leiar i Trondheim Arbeidarparti – vil ha Giske inn på listeforslaget.

– Eg er jo forundra over at dei ikkje har tatt omsyn til det medlemmane har spelt inn.

Forslaget til liste blir sendt til lokallaga før nominasjonskomiteen si endelege innstilling først blir klar 17. oktober.

Sjølve nominasjonsmøtet finn stad 30. november. Da er det medlemmane i Trøndelag Arbeidarparti som avgjer kven som skal stå på vallista.

Eg er veldig trygg på integriteten og sjølvråderetten til medlemmane i Trøndelag Arbeidarparti, seier Giske.

– Dei kjem til å ta sitt val 30. november og det valet ser eg veldig optimistisk fram til.

Pål Sture Nilsen og Trond Giske like før møtet starter i Trondheim Ap.

Pål Sture Nilsen var den einaste medlemmen i nominasjonskomiteen som ønska Giske på lista. Biletet er tatt ved ei anna anledning.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Klimaministeren ønsker Giske

Tidlegare fredag kasta Tore O. Sandvik seg inn i debatten. Han er tidlegare fylkesordførar i Trøndelag og vikarierer no som klima- og miljøminister.

I eit innlegg på Facebook skriv Sandvik at regjeringsmakt framleis er innan rekkevidde for Arbeidarpartiet, men da må dei vinne minst tre mandat frå Sør-Trøndelag valkrins.

«Den sikraste måten å rote det bort på, er å vere meir oppteken av seg sjølv, enn kvardagen og framtida til dei vi ber om tillit frå», skriv han i innlegget.

Giske åpner Tranmælfestivalen

Fredag opna Giske Tranmælfestivalen på Folkets hus i Trondheim.

Foto: Grete Thobroe / NRK

I innlegget tar Sandvik til orde for at Giske burde få tredjeplassen på lista.

Arbeidarpartiet fekk tre mandat valt inn frå Sør-Trøndelag valkrins i stortingsvalet i 2021.

« ... Om vi faktisk skal samle laget så bør Trond ha tredjeplassen og nominasjonsmøtet bør samle seg om det. Det bør også Trond bidra til», skriv Sandvik.

Tidlegare same kveld melde stortingspolitikar Kirsti Leirtrø at ho trekte seg frå nominasjonsprosessen.

– Kan bli nokon stive smil

Da NRK treff Giske fredag ettermiddag er det på Folkets hus i Trondheim. Der arrangerer Nidaros sosialdemokratiske forum og Trondheim Arbeidarparti «Tranmælfestivalen 2024».

Nidaros sosialdemokratiske forum er lokallaget Giske har bygd opp.

Dei eg har prata med verkar kampklare på vegner av Giske, seier politisk kommentator i Adresseavisen, Siv Sandvik.

– Her er Giske blant sine eigne.

Omkring 250 har møtt fram for opninga av festivalen.

– Det kan bli nokon stive smil når medlemmar frå andre lokallag kjem.

Publisert 13.09.2024, kl. 17.45

Read Entire Article