No kjem kulda over heile landet: – Enkelte kan passere minus 30

2 hours ago 1



Dei siste dagane har fleire fått kjenne på at det har blitt kaldare, med minusgrader fleire stadar.

Men kaldare skal det bli, ifølge statsmeteorolog Marek Ratajczak.

– Det ser ut til å bli enda litt kaldare no i løpet av veka.

Den klare beskjeden frå Meteorologisk institutt er at dei fleste i heile landet vil få kjenne på kulda dei næraste dagane. Det vil seie minusgrader frå Svalbard til Sørlandet.

Frost i Hallingdal

Nesbyen i Hallingdal har fått kuldegrader allereie, men dei neste dagane blir det kaldare, ifølge meteorologen.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

Unntaket er enkelte stadar ute på kysten som vil halde seg nærare null.

– Det er berre heilt ytst på kysten, lengst sør i landet, at det kanskje kan vere nokre småøyer som er litt nærare havgapet, som kan halde seg på plussida. Men elles så vil nok dei fleste få minusgrader i litt ulik grad.

Indre strok i Finnmark, Troms og Innlandet vil passere minus 20 grader, enkelte vil kanskje til og med passere minus 30.

Allereie natt til måndag var det minus 27,8 grader enkelte stadar på Finnmarksvidda.

Kan vare ei stund

Kuldeperioden kjem i alle fall til å vare fram til helga, etter det er det litt meir usikkert. Då kan det skje at kulda varer i Nord-Noreg, men at det blir mildare i sør.

Men her er det førebels usikkert kva som skjer vidare.

– Kor mildt det blir og kor langvarig det eventuelt blir, eller om det er berre eit lite blaff, det er det større usikkerheit om.

Snø i Tromsø

Det har kome ein god snø i Snøbyen i Tromsø allereie, og meir kan det bli.

Foto: Ole-Andre Helgaas

Opp mot halv meter snø

Medan kulda vil gjere seg mest gjeldande i indre strok, kan det kome store snømengder nærare kysten. I alle fall når ein kjem litt opp i høgda.

Måndag sende Meteorologisk institutt ut farevarsel for snø i Nordfjord, Møre og Romsdal og deler av Sør-Trøndelag.

Frå måndag ettermiddag til tysdag ettermiddag er det venta snøbyer og det kan kome 15-30 centimeter snø på 24 timar.

Lokalt og i høgda og enkelte stadar i indre strok er det venta meir. Snøgrensa søkk måndag kveld heilt ned til havnivået.

– Enkelte stadar kan få ein halvmeter snø, og kanskje enda meir enn det, i løpet av veka.

Gult farevarsel for snø

Måndag vart det sendt ut farevarsel for snø for delar av Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Foto: Meteorologisk institutt / yr.no

Meteorologen seier kan bli utfordringar både for folk som skal ut på vegen og som skal måke seg ut av huset.

– Det er mange blandingar av sludd og snø, i alle fall ute på kysten. Men ein skal ikkje langt inn i landet og langt opp i høgda før alt kjem som snø.

Publisert 17.11.2025, kl. 11.51

Read Entire Article