«Nightcore» gjenoppstår på TikTok: – Vi kjenner litt stoltheit

1 month ago 28



– Vi synest det er kjempegøy at sjølv etter over 20 år blir måten vi miksar låtar på brukt.

Det seier Thomas S. Nilsen og Steffen Ojala Søderholm frå Alta, som er kjende som hjernane bak sjangeren «Nightcore».

Det heile starta da duoen jobba med eit skoleprosjekt dei valde å kalle «Nightcore» på starten av 2000-talet. Der dei auka farten på allereie eksisterande låtar.

Høyr eit eksempel her:

Ei stoltheit

Duoen blei raskt eit YouTube-fenomen, og nå er det blåst liv i sjangeren igjen på TikTok og andre sosiale medium.

– At namnet «Nightcore» dukkar opp støtt og stadig på sosiale plattformer gjer at vi trekker på smilebandet og kjenner litt stoltheit, seier duoen til NRK.

For dei to musikarane er det vanskeleg å seie kvifor sjangeren har blitt populær igjen. Duoen har rett nok nokre tankar om det.

– At det gjer musikken meir TikTok-vennleg og gir meir «goodvibe» er vel ikkje å legge skjul på. Grunnen til at vi begynte med dette var nettopp for å gjere musikk meir «upbeat» og gi meir godkjensle. Det er noko som har spreidd seg til fleire og fleire artistar, seier dei.

Når ein søkar på «speedup» på TikTok kjem det opp masse videoar med «Nightcore»-musikk.

Video: Skjermdump / TikTok

Ikkje eit nytt fenomen

Det er jo ikkje eit nytt fenomen, eigentleg. Ein parallell kan trekkast til diskoteka, da dei oppstod på slutten av 70-talet.

Det seier Egil Reistadbakk, universitetslektor i musikk og musikkdidaktikk ved NTNU i Trondheim. Han forklarer at det som er det nye er tilgjengelegheita.

På TikTok kan brukarane berre mikse låtane direkte i appen, seier han.

Den svenske musikkstrøymetenesta Spotify har meldt at dei vil komme med ein funksjon som gir brukarane høve til å remikse låtar i appen. Reistadbakk trur det er mest for å trekke til seg brukarar.

Det at Spotify skal lansere ein sånn funksjonalitet, trur eg ikkje nødvendigvis er tenkt som ei kjempestor teneste til musikkbransjen, seier han.

Egil Reistadbakk, universitetslektor i musikk og musikkdidaktikk ved NTNU i Trondheim

Egil Reistadbakk, universitetslektor i musikk og musikkdidaktikk ved NTNU i Trondheim.

Foto: Elin Iversen

Fleire versjonar av same låt

Fleire artistar og plateselskap slepp nå for tida eigne versjonar med auka tempo av musikken sin.

Eit eksempel er amerikanske Sabrina Carpenter. Låtane hennar frå i år, «Espresso» og «Please Please Please», har begge versjonar der tempoet er auka på Spotify.

Sabrina Carpenter har laga «Nightcore» utgåve av låten «Espresso».

Video: Sabrina Carpenter / TikTok

Reistadbakk forklarer at det har mykje med kva plattformer artistar ønsker å vere tilgjengelege på. Plattformer som TikTok og Instagram pressar til kortare video.

Da er det å berre skru opp tempoet som gjer at ein får pressa inn meir innhald på kortare tid, seier Reistadbakk.

Det er heller ikkje berre nye låtar som får nye versjonar, som var utgangspunktet til «Nightcore»-duoen.

– Det vil alltid vere musikarar som vil produsere låtar i god gammal «Nightcore»-stil, noko som er veldig gøy. Og at artistar både gir ut original versjon og versjonar med auka tempo gjer jo berre at dei når ut til fleire lyttarar og får meir popularitet, seier Nilsen og Ojala Søderholm.

Publisert 21.07.2024, kl. 17.30

Read Entire Article