Krig i Midtausten og blokade av det viktige Hormuzsundet har i 2026 avslørt ein kritisk sårbarheit i norsk beredskap.
Medan nabolanda Sverige og Finland har lager som toler nitti dagar med importstans, har Noreg sidan 2007 halde seg til eit krav om berre 20 dagar.
Det er energibyrået IEA som krev at medlemslanda som hovudregel skal halde et beredskapslager av drivstoff som tilsvarer minst 90 dagars nettoimport.
Reglane blei laga i et tid der oljenasjonen Noreg i prinsippet kunne forsynt seg sjølv med drivstoff i ei krise. Det kan ikkje Noreg lenger.
No ropar Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) varsku på vegner av det norske næringslivet.
– Dersom vi kjem i ein situasjon der vi ikkje har tilgang på drivstoff, så rammer det forsvarsevna, sivilsamfunnet og moglegheita næringslivet har til å oppretthalde verksemda si, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NRK.
– Det er veldig alvorleg for eit samfunn som treng dette drivstoffet i ein krisesituasjon, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NRK.
Foto: Øystein Otterdal / NRKSlutt på «den djupe freden»
I fleire tiår har norsk beredskap vore prega av det analytikarar kallar den djupe freden.
Men dei siste åra har tilliten til den globale marknaden fått djupe sprekker.
Ein ny rapport frå Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) underbyggjer alvoret.
Forskarane slår fast at Noreg er kritisk avhengig av import av diesel og flydrivstoff, og gjer eitt poeng av at vi berre har eitt attverande raffineri, på Mongstad i Vestland.
Rapporten konkluderer med at det er eit enormt gap mellom det vi har i dag og det vi treng i krig.
Sjursøya i Oslo fungerer som Noregs største og viktigaste energilager, og det er her dei store tankane med bensin, diesel og flydrivstoff står plasserte. Men sjølv om tankane er massive, er innhaldet berre berekna på å halde hjula i gang i 20 dagar.
Foto: Anders Fehn / NRK– Marknaden fungerer ikkje i krise
Bjarne Schieldrop, sjefanalytikar for råvarer i SEB, forklarar til NRK at oljenasjonen Noreg er i ei sårbar «dieselfelle».
Etter at Esso la ned raffineriet på Slagentangen i 2021, må over halvparten av dieselen og nesten alt flydrivstoff bli importert.
– Greia er jo at når det verkeleg blir forsyningskrise, så fungerer ikkje desse marknadene skikkeleg lenger. Dei som då normalt eksporterer, sluttar å eksportere, seier Schieldrop.
Han legg til:
– Det blir ein sånn «hoarding»-mentalitet som gjer at krisa blir mykje verre enn det ein trudde, seier han.
Truls Skram Lerø / NRK
Mahmoud Farahmand (H), medlem i justiskomiteen på Stortinget
Vi er i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. Det må reflekterast i korleis vi organiserer oss, og korleis vi førebur oss. Ord og handling må henge saman, og da treng vi leiarskap og handlekraft. Norske drivstofflager er openbert ikkje store og gode nok, og vi støttar NHO heilhjarta i at det må takast grep for å auke beredskapen og dei norske drivstofflagera.
William Jobling / NRK
Ingrid Fiskaa, næringspolitisk talsperson i SV
Den djupe avhengigheita av import må ta slutt. Norsk politikk har i fleire tiår vore naiv og kortsiktig, og basert seg på at globale forsyningskjeder skal fungera knirkefritt. Det fungerer ikkje. No må dette snu, og då treng me større og fleire lager av matkorn, medisinar, gjødsel og drivstoff. I tillegg må me produsera meir av det me treng sjølv, og korta ned forsyningskjedene.
PRIVAT
Geir Jørgensen (R), medlem i næringskomiteen på Stortinget
Raudt har lenge meint at den sivile beredskapen er for dårleg, og har ønsket ei oppbygging av lager for kritiske varer som drivstoff. At Noreg – ein oljenasjon – berre har drivstoff nok til 20 dagar, mot nabolandas 90, er rett og slett ikkje haldbart. Vi er glade for at regjeringa nå tar grep, og vi vil jobbe for at nye reglar kjem raskt på plass.
ISMAIL BURAK AKKAN / NRK
Grunde Almeland, stortingsrepresentant for Venstre
Venstre er opne for å utvide dei norske beredskapslagera. Det mest fornuftig kan likevel vere å inngå eit felles nordisk samarbeid om beredskapslager på ein breiare front. For eksempel bør det også etablerast eit beredskapslager for viktige IT-komponentar.
NRK
Bernt G. Apeland, administrerande direktør i Virke
Det er bra at regjeringa vurderer å oppgradere førehandslagringa av drivstoff, og vi er einige i at det bør skje raskast mogleg, men det må skapast større tryggleik rundt heile verdikjeda for lagring og distribusjon av drivstoff dersom dette skal ha verdi. Her må myndigheiter og næringsliv samarbeide tettare om ein langt betre beredskap.
Lise Åserud / NTB
Bjarne Schieldrop, sjefanalytikar for råvarer i SEB
Det blir ein sånn «hoarding»-mentalitet som gjer at krisa blir mykje verre enn det ein trudde.
Valentina Baisotti
Tor Ivar Strømmen, Sjøkrigsskolen / Forsvarets høgskole
Dei norske beredskapslagra svarar i dag til om lag tjue dagars forbruk. Når så grunne reservar i tillegg delvis er samla i store og sårbare anlegg, er dette ikkje lenger eit administrativt spørsmål. Då er det eit strategisk problem. I klårtekst er det ei alvorleg svikt i den nasjonale beredskapen.
I tillegg til dei faglege åtvaringane, aukar det politiske presset om at regjeringa må ta grep.
Senterpartiet har nyleg fremja eit framlegg på Stortinget om å firedoble dei norske lagera til nitti dagar, på linje med nabolanda våre.
Framlegget får støtte frå Frp-leiar Sylvi Listhaug, som i vinter peika på dei tomme tankane ved det nedlagde raffineriet på Slagentangen som ei gyllen moglegheit til å auke kapasiteten raskt.
Regjeringa varslar grep
Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) stadfestar no at regjeringa rykker ut for å tette gapet.
I eit skriftleg svar til Stortinget varslar ho at forskrifta om beredskapslagring frå 2006 blir revidert og sendt på høyring i løpet av 2026.
– Vi arbeider med tiltak som å auke kravet til drivstofflagring og ferdigstille ei prioriteringsordning for drivstofforsyning, skriv Myrseth.
Målet er å sikre at Forsvaret, sjukehus og matlogistikk blir prioritert dersom det blir tomt.
NHO-sjef Almlid seier at organisasjonen allereie har hatt møter med myndigheitene i saka – og varslar at kontakten skal trappast opp i tida framover.
– Vi må nok sjå på dette på ein litt ny måte no enn vi har gjort fram til i dag, seier han.
– Meir dialog med privat næringsliv er hjarteleg velkommen. Vi har hyppig kontakt nå med Rådet for drivstoffberedskap og snakkar sjølvsagt også gjerne meir med NHO om situasjonen, seier statssekretær Ragnhild Syrstad i Nærings- og fiskeridepartementet.
Dersom importen av ferdigraffinert diesel og flydrivstoff sviktar, er vi i praksis avhengige av at produksjonen på Mongstad går for fullt.
Foto: Marit Hommedal / NTBPublisert 17.04.2026, kl. 06.05 Oppdatert 17.04.2026, kl. 06.29











.jpg)
English (US)