Netflix med serie om Narvik-VM

4 hours ago 1



Netflix har planar om å lage ein dokumentarserie om det norske alpinlandslaget, skriv avisa Fremover.

Det er ifølge VM-sjef Knut Eirik Dybdal. Han annonserte nyheita under næringskonferansen Agenda Nord-Noreg i Bodø på tysdag.

Serien skal følge laget fram mot verdsmeisterskapet i alpint på heimebane i Narvik i 2029, hevdar Dybdal.

– Vi vil skape ein «Drive to Survive» for alpint, sa Dybdal frå scena. Ifølge han har Netflix sagt ja til prosjektet, som skal vise både norske førebuingar og korleis konkurrentane prøver å slå laget på heimebane.

Netflix har enno ikkje stadfesta opplysningane.

Read Entire Article