Nesten alle unge et framfor skjermen: – Urovekkande

1 month ago 26



– Er du mett, eller vil du ha ein av dei andre også?

Siri gjer klar pizza nummer to heime hos familien Strige i Bodø.

– Ein av dei andre, svarar Rolf Reidar (14).

Både frukost og middag blir konsumert utan skjerm. For Rolf Reidar og brørne har skjermfri dag, slik dei har kvar onsdag.

Det er normalen for dei færraste, skal vi tru Nofima. Ifølge ein ny rapport blir i snitt to eller fleire av dei unge sine måltid inntatt med ein eller annan skjerm.

– Vi er overraska over kor mange av desse barna og ungdomane som et måltidet framfor skjerm kvar einaste dag, seier seniorforskar Ragnhild Eg.

Siri og Cato Strige med barna Didrik (15), Rolf Reidar (14) og Jøran (12).

Siri og Cato Strige med barna Didrik (15) (frå venstre), Rolf Reidar (14) og Jøran (12).

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Tok tidleg standpunkt

Kjevla og skravla går samtidig når mor Siri forklarar kvifor ungane får mindre skjermtid.

Ungane har rett og slett godt av å ikkje få med seg alt, alltid, meiner ho.

– Då dei var små var det ikkje problematisk, fordi dei kjente ikkje noko anna, seier Siri.

Men etter kvart som gutane blir eldre, sklir det meir ut.

– Fordi ungane blir meir og meir sjølvstendig og tar meir krav over eiga fritid.

Siri Strige lagar mat til familien, pizza denne onsdagen i august.

– Vi tok ganske tidleg standpunkt på at vi har speletid, og at det skulle vere mange pausar og andre aktivitetar, seier Strige.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Halvparten et frukost med skjerm

Ragnhild Eg, som står bak den nye rapporten, trur mange kan kjenne seg igjen i å dra fram skjermen når det ikkje er noko anna som skjer rundt oss.

– Det er mi personlege meining at det er litt urovekkande å sjå at vi har mista evna til å konsentrere oss om det som føregår. Altså å ete maten og nyte han, seier ho.

Ragnhild Eg

I arbeidet ser Ragnhild Eg på samanhengen mellom sjølvregulering og digital modenheit i bruken av digital teknologi, men også om det er samanheng med sjølvkontroll når det gjeld mat.

Foto: Nofima

I studien har dei intervjua 32 barn i alderen 10 til 12 år, og ungdomar som var 14 til 15 år gamle.

Mens snittet var på rundt 2 måltid framfor skjerm om dagen, var snittet på 2,5 for dei eldste ungdomane.

– Jo eldre dei blir, jo meir et dei framfor skjerm, og jo meir skjermtid har dei. Det høyrer saman med sosialmedieforsking at vi ser ein stadig aukande bruk.

Og halvparten oppgav at dei et frukost med skjermen.

Et du mange måltid framfor skjermen?

Informantane i undersøkinga oppgav to hovudgrunnar:

1) Dei kjeda seg og ville ha underhaldning, så dei drog fram skjermen.

2) Det er eit aspekt ved einsemd. Fleire nemnde at dei gjorde dette når dei var åleine heime.

Delte måltid gjer oss lykkelege

Allereie i 2017 var det forsking som tilsa at dei som oftare et saman med andre menneske, ofte er lykkelegare og meir tilfreds med livet.

Og tidlegare i år kom ein studie frå universitetet i Minnesota, i samarbeid med Barilla-gruppa, som foreslår at delte måltid ikkje berre minskar depressive symptom, men også gir positive følelsar.

Det er altså, ifølge forskarane, ei sterk kopling mellom delte måltid og generell lykke.

Studien har fokusert på USA, Italia og Tyskland, og tar for seg over 1.000 deltakarar frå kvart land.

Her er nokre nøkkelfunn:

  • For italienarar og tyskarar er det å lage maten, dekke på, og å rydde opp, eit verdifullt sosialt «ritual».
  • Italienarar er minst truande til å sjå på TV under måltidet, fordi dei ser på det som forstyrrande.
  • Å sjå på TV under måltida skjedde oftast hos deltakarane frå USA.

– Treng mentale pausar

Frå andre undersøkingar veit vi også at trenden med å ete framfor skjerm dagleg startar heilt ned i fireårsalderen.

Det forklarar Frida Felicia Vennerød-Diesen, som er forskar ved Nifu og har mastergrad i utviklingspsykologi.

Frida Felicia Vennerød-Diesen

– Det er jo ein vane ein legg til seg, som kan gjere det vanskeleg å gjere noko anna, seier forskaren om å ete framfor skjermen frå ung alder.

Foto: Nifu

Ho forklarar at skjerm under måltid kan påverke oss på ulike måtar. For eksempel ved å gløyme å ete eller å ete for mykje fordi vi ikkje er medvitne.

– Og sjølvsagt at vi mistar ein av ganske få mentale pausar frå skjermen i løpet av dagen. Og vi veit jo at vi treng mentale pausar.

Men det er ikkje slik at all skjermbruk er negativ skjermbruk, påpeiker Vennerød-Diesen.

– Kva gjer dei på skjermen? Snakkar dei på FaceTime med vener, ser dei på sosiale medium eller sjekkar dei kva dei skal gjere av lekser? Det er så mykje av kvardagen til barn og unge som er på digitale flater.

Og trass i tala, er det spesielt eitt måltid som framleis «heilag» for mange.

Samlar seg rundt middagsbordet

Mange av dei spurde barna svarte nemleg éin ting ofte: Det er vekk med mobilen på middagen.

Siri Strige seier at ungane alltid får lov til å høyre på musikk og lydbøker.

Rolf Reidar på 14 år synest det er OK, og truleg litt lurt, å ikkje bruke skjerm heile tida. Men han innrømmer at det ikkje alltid er like enkelt:

– Det er litt dumt fordi alle venene sit liksom med skjermen, og viss dei spør om eg har lyst til å vere med, så kan eg ikkje seie ja. Det er litt dumt å ikkje spele med venene den dagen.

Siri og Cato Strige med barna Didrik (15), Rolf Reidar (14) og Jøran (12).

Rolf Reidar (14) lever fint med å ikkje bruke skjerm heile tida, men det er ikkje så kjekt når han må seie nei til venene.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Jøran (12) synest ikkje alltid det er så stor forskjell på normal og skjermfri dag.

– Vi pleier ofte å gå ut som familie på andre dagar enn skjermfri dag også.

Jøran Strige (12) på trampolina før og etter middag

Mens Jøran og Rolf Reidar hoppa på trampoline før og etter middag, sette Didrik seg i sofaen med ein gitar.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Didrik (15) poengterer ofte at det er skjermfri dag.

– For dei får ofte sette seg med noko når kvelden og kveldsmaten nærmar seg. Det tenker eg at er heilt naturleg etter ein lang med aktivitetar at ein roar ned med litt skjerm også, seier Siri.

Også ho synest det har sine utfordringar, men seier likevel til ungane:

– Eg står i alle fall sterkt i trua på at de har ein kompetanse som ikkje alle andre har når de blir eldre, fordi de har vore nøydde til å gjere andre ting.

Publisert 21.08.2024, kl. 21.48

Read Entire Article