Negler skaper trøbbel – tek grep etter groteske skadar

4 hours ago 5



– Eg hatar lange negler, seier landslagsspelar Vilde Ingstad kontant.

30-åringen er tilbake på det norske landslaget, etter at korsbandet rauk under OL i Paris i fjor sommar.

Ho viser gjerne fram sine eigne hender som er tapa og langt frå nylakkerte.

– Å klistre negler på er det verste eg veit. Så dei er skamklipte, legg ho til og ler høgt.

Vilde Ingstad i intervju

SKAMKLIPT: Vilde Ingstad hatar lange negler.

Foto: Frode Søreide / NRK

For nokre månader sidan vart det innført ein ny regel i internasjonal handball som forbyr spelarane å gå på bana med lange negler.

Her står det mellom annan at det er forbode med objekt som kan forårsake kutt og sår og at fingernegler må vere kortklipte.

– Fått ein del meldingar om skadar

Rapportar om fleire stygge skadar gjorde at dommaransvarleg, Espen Modahl, i Noregs Håndballforbund valde å ta grep.

– Vi har fått ein del meldingar om skadar på grunn av lange negler eller kunstig påsette negler som hadde gitt skadar både på hender og ansiktet med kutt som måtte syast, fortel han til NRK.

Episodane han siktar til har skjedd i lågare divisjonar i Noreg og på aldersbestemte lag.

Biletet øvst i denne artikkelen kjem frå forbundet. Her har ein finger blitt kutta opp av ein nagl. Kuttet går heilt inn til beinet og er gjort uskarpt av NRK.

Modahl såg så alvorleg på skadane at han valde å ta det vidare til det internasjonale forbundet.

Per Morten Sødal, dommarsjefen i det internasjonale forbundet, hadde ingen problem med å justere lovverket.

– Det var ganske stygge sår. Det var eigentleg ikkje nokon stor diskusjon rundt dette. Vi meinte det såg fornuftig ut, seier Sødal.

  • Noreg – Sør-Korea kan du følge og høyre på NRK.no og radiokanalen NRK Sport torsdag 20.30.

Kloremerke og djupe arr

Skal vi tru dei norske landslagsspelarane, er det på høg tid at dette blir presisert i regelboka.

– Det er klart at det gjer kjempevondt og er irriterande å spele mot, seier Nora Mørk til NRK.

34-åringen tok ein pause frå landslaget etter det norske OL-gullet i Paris i fjor og er i mellomtida også blitt mamma til vesle Tyra.

En gruppe kvinner som spiller basketball

HARDE TAK: Nora Mørk blir omringa av dei franske spelarane under OL-finalen i Paris i 2024.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ho får støtte av lagvenninne Veronica Kristensen, som sjølv har fått kjenne på kroppen, korleis det er å gå i kamp med ein motstandar med neglene ute.

– Eg skal ærleg seie at ein har fått kraftige kloremerke, både rundt nakke, hals og armar. Og det er ikkje noko godt. Dei kan bli ganske djupe, fortel Györ-spelaren og tar seg til halsen.

Den norske kapteinen, Henny Reistad, seier det er plagsamt at spelarar ikkje tar ein runde med naglesaksa før kamp.

– Eg føler jo at det er berre er «god stil» av spelarane å ikkje spele med lange negler, fordi det er liksom unødvendig.

en person som holder en frukt

PLAGSAMT: Henny Reistad brukar ikkje timevis på neglesalong.

Foto: Frode Søreide / NRK

Med handballen som levebrød er ho ingen hyppig gjest på neglesalongane i Esbjerg, der ho spelar til dagleg.

Mine er ikkje så veldig lange. Eg prøver å passe på og eg er ikkje så nøye med å stelle dei så veldig mykje. Eg bruker ikkje så mykje naglelakk og er nok litt «basic», fortel storscoraren, som nærmar seg 500 mål med flagget på brystet.

Kan bli sendt i garderoben

Det er lagleiaren på det enkelte lag som får ansvar for at neglene er korte nok og ikkje til fare for dei andre spelarane.

Brot på reglane vil medføre straff.

Per Morten Sødal

DOMMARSJEF: Per Morten Sødal er dommarsjef i Det internasjonale handballforbundet (IHF).

Foto: Kay Stenshjemmet

– Spelaren sjølv må forlate bana og får ikkje spele igjen før det er i orden, forklarar Sødal.

Han understrekar likevel at det ikkje er lagt opp til den store negleinspeksjonen når VM i handball blir kasta i gang denne veka.

– Det blir ikkje noko neglepoliti. Dei må ikkje stå å vise fram neglene før kamp for å seie det sånn. Dette er først og fremst eit spelaransvar og lagleiaransvar. Men ser ein nokon med for lange negler før kamp, så vil jo det sjølvsagt bli påpeikt, seier han.

Mørk fryktar ikkje at neglepolitiet skal nekte ho å kome på bana under det komande VM-meisterskapet i Tyskland og Nederland.

Mørk med håndball

FORBOD: Nora Mørk, her med rosa negler, har fått kjenne på kroppen at lange negler set djupe spor.

Foto: Frode Søreide / NRK

Det blir spanande å sjå korleis dommarane klarar å halde tak i det, eller om det berre kjem til å fade utover i meisterskapet eller sesongen. Men eg har ikkje noko slik kjempetru på at det blir eit så stort fokus, svarar Mørk.

Torsdag er det avkast for dei norske handballjentene i VM. Noreg skal spele sine innleiande kampar i den tyske byen Trier, sannsynlegvis Tyskland sin eldste by.

Publisert 27.11.2025, kl. 05.10

Read Entire Article