Nedbygginga av psykiatrien held fram: – Noko er alvorleg gale 

5 hours ago 2



Det største hinderet til å bli frisk, er at ein ikkje får nok tid. Det er berre inn og ut, inn og ut, i ein evig spiral.

Martine var i fleire år svingdørspasient i psykiatrien. Historia hennar blei fortald av NRK for nokre veker sidan.

Ein av grunnane til at fleire hamnar i svingdøra, med fleire korte innleggingar utan å bli friskare, er at døgnplassane i psykiatrien har blitt færre.

Og slik held det fram, viser ferske tal frå SSB.

25 færre plassar

Både i Hurdalsplattforma og opptrappingsplanen for psykisk helse har regjeringa hatt eit klart mål for psykiatrien:

Dei skal snu den negative utviklinga i talet på sengeplassar.

Men nye SSB-tal viser nå at talet på døgnplassar i psykisk helsevern går ned, med 21 færre plassar for vaksne og 4 færre plassar for barn og unge.

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier regjeringa hadde høgare ambisjonar enn dette.

Dette er langt frå godt nok og heller ikkje i tråd med forventningane vi har formidla til helseregionane, seier Vestre, som lovar strakstiltak.

Men for nokre kan ikkje tiltaka komme fort nok.

Sandra Bruflot (H), medlem i helse- og omsorgskomiteen, kallar utviklinga alvorleg.

– Dette betyr at det er ein auke i talet på pasientar som ikkje får helsehjelp.

Høgre: – Gått for langt

Dette er berre eitt av fleire problem i psykisk helsevern, meiner Bruflot, som ramsar opp:

Fleire blir dømde til behandling og tar opp døgnplassane som framleis finst. Mange tusen alvorleg sjuke manglar oppsøkande team. Og det er lange køar for å få hjelp ved lågterskeltilbod.

– Da er noko alvorleg gale, seier ho.

Psykiatrien har stått overfor ei kraftig nedbygging under både Høgre og Arbeidarpartiet si leiing.

– Det har vore tverrpolitisk semje om å ta ned talet på døgnplassar, men nå har det gått for langt, seier Bruflot.

Vestre er einig i at behovet for å trappe opp er stort. Samtidig meiner han at Høgre bør gå litt «stille i dørene».

– Det forsvann over 500 døgnplassar dei åtte åra dei hadde statsministeren og fleirtal på Stortinget. Men nå er det vi som har ansvaret, og vi tar det ansvaret, seier Vestre.

Kallar det ein «bremsing» sjølv om plassane blir færre

Etter fleire tiår med nedbygging, såg det ei stund ut til at utviklinga i talet på døgnplassar ville snu.

Frå 2022 til 2023 auka det totale talet med 3 plassar – frå 3296 til 3296.

Det var rett nok framleis ein nedgang om ein justerer for befolkningsveksten.

Og frå 2023 til 2024 gjekk talet på døgnplassar i psykisk helsevern altså ytterlegare ned, i tillegg til at talet på plassar innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) minkar frå 1808 til 1776.

Det viser SSBs nye tal.

Helse- og omsorgsministeren hevdar framleis at dette er ein «bremsing av nedbygginga».

Dette sjølv om plassane har gått ned frå 0,60 til 0,59 per 1000 innbyggar, ifølge NRKs utrekning.

Onsdag uttalte helse- og omsorgsministeren i Politisk kvarter at han «straks ville følge opp og krevje plassar» om nye tal viste ei negativ utvikling.

Det står han ved.

– Eg vil straks kalle inn til føretaksmøte i dei regionale helseføretaka og be om ein konkret og tidfesta plan for korleis vi skal auke talet på døgnplassar i tråd med dei faglege framskrivingane.

Jan Christian Vestre i dress og slips

Regjeringa lova å hindre nedbygging av sengeplassar i psykiatrien. Nå viser ferske SSB-tal at døgnplassar i psykiatrien går ned. Helseminister Jan Christian Vestre (Ap)

Foto: NTB

Han forventar at sjukehusa startar arbeidet med å auke kapasiteten med ein gong – og resultat innan utgangen av året.

Er dette sjukehusa sitt ansvar eller ditt ansvar?

– Eg har ansvar for alt som skjer i Helse-Noreg, seier Vestre.

Vil styrke psykiatrien

Men dersom dette blir ansvaret til Høgre etter stortingsvalet i haust, lovar Bruflot ei brei styrking av psykiatrien.

– Vi vil styrke lågterskeltilboda, ta i bruk meir ledig kapasitet hos private på rekninga til staten, og gi pasienten fritt behandlingsval, seier Bruflot.

– Denne nedbygginga må rett og slett stoppe. Alternativet er at fleire blir kjempesjuke mens dei ventar på hjelp.

Mykje av dette jobbar regjeringa allereie med, meiner dagens helse- og omsorgsminister.

– Det er også viktig å seie at vi satsar på oppsøkande team, vi jobbar med å rulle ut lågterskeltilbod i alle kommunar, og hadde i mai rekordlåge ventetider innan psykisk helsevern. Alt dette må også fortsette, seier Vestre.

Publisert 19.06.2025, kl. 16.31

Read Entire Article