For å halde budsjetta har Arbeids- og velferdsdirektoratet bede fylkeskontora sine om å justere farta. Resultatet blir at det blir mindre arbeidsmarknadstiltak det neste halve året.
På Spesialistbedriften i Ålesund sit Mathilde H. Skorpen (47) og lurer på om ho vil bli ramma av at Nav skal spare. Ho har autisme, og lønnstilskotet arbeidsgivaren får for henne varer til slutten av august. Då skal det gjerast ei ny vurdering.
– No veit eg ikkje kva som skjer. Å miste denne jobben vil truleg føre meg tilbake til ein dårleg kvardag og livskvalitet. Eg kan ikkje miste denne jobben, eg har ikkje nokon annan stad å gå.
Fleire unge og ukrainarar får hjelp
Grunnen til at Nav kuttar i tilbodet er at dei har hjelpt mange hittil i år, fortel arbeidsdirektør i Nav, Sonja Skinnarland.
– Vi har hatt eit høgt forbruk av tiltak i heile landet, og det er heilt vanleg at vi justerer for å halde budsjettet undervegs.
Dei siste åra har det vore ein auke i talet på brukarar som treng støtte frå Nav for å komme i jobb. Unge under 30 år og flyktningar frå Ukraina skil seg særleg ut.
– Det var i fjor gjennomsnittleg 79.000 personar i tiltak til kvar tid i Noreg, fortel arbeidsdirektør i Nav, Sonja Skinnarland.
Foto: NRKArbeidsmarknadstiltaka som blir kutta i er blant anna avklaring, oppfølging, arbeidsretta rehabilitering og lønnstilskot, og det vil slå ut ulikt i ulike regionar, ifølge Skinnarland.
– Katastrofe
For Mathilde Skorpen har nettopp eit slikt tiltak gjort ein stor forskjell.
No brukar ho arbeidsdagane til å blant anna lage brann og rømmingsplanar. Før ho fekk jobben var ho for det meste heime. Det tærte på både kropp og sinn.
No er livet heilt annleis:
– Eg skjønte ganske fort at dette var ein arbeidsplass eg kunne senke skuldrene og vere meg sjølv. Det er første gongen i livet mitt at eg har blitt akseptert nokon stad. Eg måtte bli 42 år før det skjedde.
Sjefen hennar er bekymra for kva som kan skje om færre får eit tilbod til hausten.
– Det er ein katastrofe. For dette er jo folk som normalt fell utanfor arbeidslivet, seier dagleg leiar, Siv Anita Vassli.
Mathilde H. Skorpen og dagleg leiar Siv Anita Vassli i Spesialistbedriften har eit godt forhold. Det blir også tid til spøk og latter mellom arbeidsoppgåvene.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKFærre tiltak, men framleis individuell vurdering
Nav Møre og Romsdal har brukt 15 prosent meir enn planlagt i vår, og er ifølge avdelingsdirektøren det fylket som har fått flest i jobb blant dei prioriterte målgruppene.
No skal bruken av dei fleste arbeidsmarknadstiltak reduserast:
– Vi må vere litt strengare med å forlenge avtalar, for eksempel på lønnstilskot. Fleire blir avslutta no i sommar, enn det som var opphavleg tenkt, seier Erland Schei.
Nav reduserer alltid bruken av tiltak om sommaren, når aktiviteten i arbeidsmarknaden er lågare og behovet mindre, seier Erland Schei. Til hausten vil det igjen bli fleire som får tilbod, og han understrekar at det ikkje vil bli færre som får hjelp totalt sett.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKMen det betyr ikkje nødvendigvis noko for Mathilde, for alle saker skal framleis vurderast individuelt.
Det er heller ikkje snakk om å kutte tiltak som allereie er i gang, men å ikkje gi tiltak til fleire nye personar enn det er budsjett til, seier Schei.
– Men vil det ikkje kunne bli problem i andre enden, at dei som ikkje får jobbe kan få behov for sosialhjelp?
– Det er det vi prøver å unngå no. Vi tar grep tidleg slik at vi klarer å handtere dette til hausten. Å gjere desse grepa er det beste for å hjelpe flest mogleg av brukarane våre i arbeid i løpet av året, seier Schei.
Må permittere – vil ha meir føreseielegheit
Trass i sparinga, forsikrar Nav at avtalar med arbeidsgivarar og samarbeidspartnarar vil bli følgde.
Men for arbeidsmarknadsbedrifta Brisk i Ålesund førte innsparingane til at dei permitterte delar av staben. Det var Sunnmørsposten som omtalte saka først.
Marius Finsæther Øksenvåg vil ha meir føreseielegheit for drifta av Brisk.
Foto: BriskBedrifta driv med arbeidsavklaring, arbeidsretta rehabilitering og oppfølging, og har ein rammeavtale med Nav.
I vinter fekk Brisk så mange oppdrag at dei måtte tilsette tre nye medarbeidarar for å takle pågangen. To av desse fekk vere i jobben mindre enn ein månad før dei blei permitterte på grunn av færre oppdrag frå Nav.
– Det er jo fortvilande og uføreseieleg for oss. Det gjer også at vi også blir oppfatta som ein utrygg arbeidsgivar, og det er veldig beklageleg, seier Marius Finsæther Øksenvåg, administrerande direktør i Brisk.
– Men de er jo klare over at de har ein rammeavtale?
– Ja, men i den står det også at dei skal ønske at det skal vere føreseieleg for oss som underleverandør. Og det opplever eg ikkje i denne saka her.
Nav i Møre og Romsdal svarer slik på kritikken:
– Vi forstår jo at det er ein tøff situasjon for Brisk, men vi må gjere dei grepa vi kan gjere innanfor dei rammene og avtalane vi har, seier Erland Schei.
Fryktar kommunen får rekninga
Ordføraren i Ålesund fryktar at færre tilbod om arbeidsmarknadstiltak vil føre til at fleire må få hjelp frå kommunane.
– Det er ikkje optimalt om kommunane får flytta kostnader over på budsjetta sine. Det vil jo kunne gå ut over andre tenester, seier Håkon Lykkebø Strand (Frp).
Håkon Lykkebø Strand seier at kommunen er i dialog med dei som no er permitterte frå Brisk, om andre stillingar i Ålesund som kan vere aktuelle for dei.
Foto: Grunde Grimstad / NRKOrdføraren synest ikkje noko om at Brisk må snu seg om så raskt, og er ikkje imponert over måten Nav regulerer utgiftene.
– Dette er ikkje er haldbart. Eg meiner Brisk gjer eit enormt viktig arbeid, som ein no slår beina under fordi ein statleg aktør kan snu på femøringen.
Schei ønsker ikkje å svare på kritikken.
Milliardbudsjett, men ikkje nok til alle
Arbeidsdirektør Skinnarland seier på generelt grunnlag at ho har forståing for at Nav sine tilbydarar ønsker føreseielegheit.
– Men vi veit aldri nøyaktig kor mange plassar vi vil trenge, og det er derfor har vi rammeavtalar. I avtalane står det kva vi minimum skal kjøpe og kva vi maksimum kan kjøpe seier ho, seier ho.
I år har Nav eit budsjett på om lag 8,5 milliardar kroner til øyremerka tiltak. Skinnarland seier at ho håpar ingen vil tenke at det ikkje er mogleg å få hjelp til å komme ut i arbeid framover.
– For det er det absolutt. Men dette er eit knappleiksgode, og då må vi justere slik at vi får gitt dei nødvendige tiltaka utover året.
Mathilde H. Skorpen synest det er trist å tenke på at færre vil få hjelp inn i arbeidslivet ein periode.
– Å ikkje få denne moglegheita vil vere utruleg tungt for mange. Nav seier dei vil ha fleire ute i arbeid, og så får færre denne moglegheita. Det gir ikkje meining.
Mathilde H. Skorpen blei uføretrygda som ung, men har alltid ønska å jobbe.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKPublisert 02.07.2025, kl. 06.30