Nasjonalt problem med politiet sitt naudnummer

1 month ago 16



29. august 2024 kl. 21:13

Ein nasjonal teknisk feil gjer at politiet ikkje er tilgjengelege på 112.

Politiet ber publikum til å ringje 02800 i naudssituasjonar.

Operasjonsleiar i Oslo politidistrikt, Marita Aune stadfestar til NRK, at dei har problem med naudnummeret.

– IKT-tenesta til politiet jobbar med å finne ut av feilen, og per no er det vanskeleg for meg å gje eit tidsestimat på når det vert løyst, seier Aune.

Fleire av landets politidistrikt melder om same problem med telelinjene til operasjonssentralen.

Read Entire Article