Narvikfjellet med underskot i 2023

1 month ago 28



7. august 2024 kl. 07:06

Narvikfjellet AS gjekk med underskot i 2023, skriv avisa Fremover.

Det er ikkje overraskande, seier Ragnar Norum, som er administrerande direktør i Stiftelsen Forte Narvik, den største eigaren i selskapet Narvikfjellet, til avisa.

Norum fortel at det er med ein langsiktig plan og målretta arbeid over lengre tid.

– Narvikfjellet er og har vore i ein investeringsfase gjennom fleire år, seier han og legg til:

– At resultatrekneskapet for 2023 enda slik det gjorde, kjem ikkje som noko overrasking på oss. Vi tok over det nye hotellbygget i fjellet i siste kvartal av 2023, noko som også er med på å forklare det store avviket i årsrekneskapet.

Han seier dei likevel er nøydde til å få fleire gjestar i fjellet, heile året.

Read Entire Article