KRONIKK: Når krafta heng i lufta, går matproduksjonen ned. Men kven bryr seg vel om det?
Eva Bringeland
Master i samfunssikkerhet
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Straum er avgjerande for norsk velstand og utvikling. Alle må ha tilgang på, og råd til, straum. I Norge set vi billegast mogleg straum så høgt, at vi vel å redusere matproduksjonen vår for å få det til. Medrekna kraftfôr kjem bort imot 60 prosent av norsk mat frå andre land. Importen sikrar matforsyninga i gode tider.
Men kva når klimaendringar, tollsatsar eller krig forstyrrar den internasjonale handelen?
Alle land må sikre innbyggjarane sine. I Norge har vi kartlagt dei funksjonane som er grunnleggjande for at samfunnet skal fungere. Både matforsyning og elektrisk kraft er kritiske funksjonar, og desse må samordnast for å ikkje øydeleggje for kvarandre.
Mattryggleik vil seie at alle har fysisk og økonomisk tilgang til nok mat. Norsk landbruk har vore og er grunnleggjande for liv og helse. Difor har jorda rettsvern mot å bli bygd ned, og dagens jordlov gjev gardbrukarane plikt til å drive jorda. Dette er naudsynt i eit land der klima og geografi gjer at berre tre prosent av arealet kan nyttast til matproduksjon. Mange trur at kommunane kan sikre areala til matproduksjon, men det stemmer berre delvis.
Matjorda har ikkje vern mot kraftlinjer
Krafta frå 1781 vasskraftverk og 65 vindkraftverk går i linjer til brukarane i heile landet, i eit enormt nettverk med strenge krav til funksjon og tryggleik. Staten styrer kraftutbygginga gjennom energilova. Før bygging skal anlegget utgreiast for korleis det kan påverke ei rekkje område, men kost-nytte vurderinga avgjer saka; byggjekostnaden i kroner må ikkje vere større enn nytten samfunnet kan få att.
Når matforsyning er ein grunnleggjande nasjonal funksjon, skulle vi tru at matjorda òg er verna mot å bli bygd ned av kraftlinjer. At nytten av matforsyninga var med i reknestykket eller ulempevurderinga. Men nei. Jordlova gjeld ikkje for kraftlinjer, og staten rapporterer ikkje kor mykje matjord som går med til kraftutbygging. Stortinget har bestemt at kraftlinjer skal byggast oppå bakken, fordi det vert så dyrt å grave dei ned, og den kostnaden må leggast på nettleiga.
Ved å lese argumenta frå bøndene som vert råka av utbygginga mellom Krossberg og Rennesøy, finn vi at dei får ulemper, og at kraftlinjene vil gje redusert matproduksjon. Nettselskapet er bundne av Stortinget, difor kan dei ikkje gjere det bøndene bed om; grave kraftlinene ned i bakken slik at landbruksdrifta kan halde fram som før.
Nettselskapet meiner at kraftlinjer oppå jorda ikkje får store følger for matproduksjonen. Dei er meir opptekne av at bøndene må vere forsiktige med maskinar og utstyr, slik at ikkje drenering, vatning og gjødsling nær linjene skal forstyrre straumforsyninga.
To system styrte kvar for seg
Vi må vere førebudde på kriser og krig, seier regjeringa. Forsyningar må samordnast. Særleg peiker dei på kor viktig matforsyninga er. Men systema for mat og kraft vert styrte kvar for seg:
Riksrevisjonen fann i 2023 at matsikktryggleiken er for dårleg. Jorda blir ikkje driven godt nok, og kontrollen med nedbygginga sviktar. Riksrevisjonen fann så i 2025 at utbygginga av straumnettet går for seint. Kraftnettet er for dårleg, det bremsar næringsutvikling og omstilling til lågare utslepp. Konsesjonssakene, utgreiingane og omsyna til alle interessene tek for lang tid, seier riksrevisoren.
Ikkje berre tek det tid. Dei er ein krevjande omveg der nettselskap og bønder argumenterer frå kvar sin stad om at deira interesser er viktigast, i eit unødvendig spel for galleriet. For den 13 år gamle stortingsmeldinga om kraftutbygging slår fast at kraftlinjene oftast skal oppå jorda. Svaret på utgreiingane vert difor alltid at kostnaden med å grave linjene ned i bakken blir for høg, fordi maten som blir produsert oppå jorda er ikkje nyttig nok.
Fram til 2024 var det avsett om lag 7600 mål jordbruksjord til nye kraftlinjeprosjekt. Nær fire gonger det årlege jordvernmålet.
Sjukeheim eller matforsyning?
Og kven skal bry seg om det? Viss «nyttehavar» vil betale ekstrakostnaden, så kan kablane gravast ned i jorda. Og dei som har nytte av norsk matproduksjon er visst kommunane, eller den enkelte bonden. Ettersom staten ikkje ser jordkablar som nyttig nok, er det opp til kommunane å kjøpe jorda fri. Det vil seie at når statlege eller regionale nettselskap er utbyggjaren, vert norsk matproduksjon utelukkande eit lokalpolitisk ansvar. Kommunane må velje mellom å byggje sjukeheimar eller sikre nasjonal matforsyning.
Dette høyrer ingen plass heime. Statsforvaltaren mister truverdet i landbruksforvaltninga når han blandar seg inn i kven som skal bu i eit hus på bygda, fordi landbruksinteressene vert forstyrra, men toar sine hender når Norges største produsentar av salat varslar at kraftlinjene øydelegg maten vår.
I Rogaland blir det produsert mat til heile landet. Ordførarane her må krevje at statsforvaltaren varslar regjeringa og Stortinget om at maten er like viktig som straumen, og at nasjonalt jordvern mot kraftlinjer ikkje kan vere avhengig av kommunane sin økonomi.
Publisert:
Publisert: 10. november 2025 11:47

2 weeks ago
12












English (US)