Mogleg alvorleg valdshending på Karmøy – person pågripen

6 days ago 8



Naudetatane rykte i ettermiddag ut på melding om ein bevisstlaus mann på Vea på Karmøy i Rogaland. Den skadde mannen i 30-åra blei tatt med av ambulanse til sjukehuset.

– Kvart på to i dag fekk politiet melding om ein bevisstlaus mann ute på Vea på Karmøy. Han er sendt til sjukehus med ukjent skadeomfang, seier innsatsleiar Hans Kristian Dahl til NRK.

Politiet jobbar med fleire hypotesar. Ein av dei er at mannen er utsett for ei alvorleg valdshending.

Hans Christian Dahl, innsatsleder i politiet

Innsatsleiar i Sør-Vest politidistrikt Hans Kristian Dahl seier et slagsmål er foranledningen.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Sett opp vakthald

Dahl fortel vidare at det er eit slagsmål som er foranledningen til at mannen blei sendt til sjukehus.

– Det er pågripe ein person som er knytt til hendinga, men politiet kan ikkje kommentere noko utover det av omsyn til etterforskinga, held han fram.

Politiet har sikra ein antatt åstad, saman med andre stader rundt på Vea. Det er sett opp vakthald, og politiet skal undersøke om dette kan vere aktuelle åstadar.

Dei skal også intervju vitne på staden.

Politiet har varsla ei pressemelding om hendinga.

Vold Vea

Politiet har pågrepet ein person som er knytt til hendinga.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Publisert 12.09.2024, kl. 16.49 Oppdatert 12.09.2024, kl. 17.19

Read Entire Article