– Det er jo ikkje A4, så då er det mykje blikk. Men elles er det mykje positive tilbakemeldingar på at det er kult at ein får det til, og at ein ikkje har gitt opp, fortel Ole Kristian Antonsen.
Det var få som trudde han ville stå på ein startstrek igjen for 11 år sidan.
Ved første augekast er det ingenting som skil han frå dei andre utøvarane under NM i functional fitness. Men om blikket sklir ned mot dei trente leggane kan du sjå protesen på høgre fot.
Ole Kristian konkurrerer i Functional Fitness
Foto: Frode Søreide / NRKOle Kristian konkurrerer saman med funksjonsfriske under NM-veka i Stavanger.
Foto: Frode Søreide / NRKOle Kristian klatrar mot toppen
Foto: Frode Søreide / NRK35-åringen lever eit aktivt liv med protese
Foto: Helge Tvedten / NRKTunge løft må til crossfit
Foto: Frode Søreide / NRK
– Eg syns det er gøy. Det har jo blitt eit hårete mål etter kvart å vere god nok til å vere med i denne klassen.
– Og det har på ein måte vore ei anerkjenning til meg sjølv at eg får det til. Når eg er på trening, så tenker eg ikkje på at eg eigentleg har mista eit bein.
Foten smelta
Vi må tilbake til 2014. Ole Kristian Antonsen har eit halvt år igjen av lærarutdanninga og har som i alle år teke seg sommarjobb på det lokale aluminiumsverket.
Men denne dagen skal bli skjebnesvanger for den unge mannen som alltid har levd eit aktivt liv med mykje trening og fotball.
I eit feilskjær trakkar han feil og høgre fot blir planta i flytande aluminium med ein temperatur på 750 grader.
RULLESTOL: Det er 11 år sidan Ole Kristian Antonsen måtte amputere foten frå kneet og ned.
Foto: Privat– Eg hugsar ikkje så mykje frå smertene. Eg hugsar eg låg og hylte på golvet og bad folk få av meg skoen, for det kjendest som eg hadde aluminium inni skoen. Men den var brent fast, så dei fekk den ikkje av meg ein gong.
Ole Kristian, som var 24 år på den tida, vart flytta over til nauddusjen av kollega, før luftambulansen kom og frakta han til Stavanger universitetssjukehus.
Då han kom til seg sjølv, så kom også den brutale beskjeden.
Beinet måtte bli amputert under kneet.
– Nei, det var veldig tøft. Vanskeleg å tenke tilbake på, eigentleg. Men det var mykje tankar. Det gjekk i hovudet, og litt sånn; Kva er vitsen, og kvifor meg?
Brått var livet snudd på hovudet.
FOTBALL: Ole Kristian var aktiv fotballspelar før ulykka.
Foto: Privat– Det var ein veldig stor del av livet mitt. Så det å gå frå og vere frisk og funksjonell og meistre det meste av det idretten bøy på, så plutseleg veit du ikkje heilt kva som kjem til å skje. Det var usikkert for meg, fortel han.
Måtte lære seg å gå på nytt
24 år gammal måtte han lære seg å gå på nytt. Heldigvis hadde han gode folk rundt seg.
– Eg måtte prøve å reise meg så fort som mogeleg og ikkje komme inn i den vonde sirkelen og det har hjelpt meg.
Men vegen tilbake var tøff.
AKTIV: For Ole Kristian har det å vere aktiv vore ein redning for å kome tilbake til ein normal kvardag.
Foto: Frode Søreide / NRK– Det tok ganske lang tid før eg kom meg på beina, altså det å kunne bruke protese, for eg hadde mykje brannskadar på det som protesen er festa i no. Eg var tredjegrads brent på beina der og, så det måtte gro. Og eg måtte få sterk nok hud til å tole belastninga av ei protese. Så det vart mykje rundt på krykker og litt i rullestol.
Likevel var han på trening i rullestol fire dagar etter ulykka. Og han sette seg eit hårete mål om å sykle frå Hovden til Kristiansand. Ein distanse på 221 kilometer.
Han kom seg også tilbake på fotballbanen og spelte to sesongar i 6. divisjon. Men han presterte ikkje like godt som før ulykka. Redninga vart functional fitness.
– Det kjem ikkje gratis. Ein må jobbe for det, men alt er mogeleg, tenker eg. Så det håpar eg at eg kan vise andre. At eg er med her og konkurrerer med dei som har to friske bein synst eg er kult.
Fantomsmerter
Det tok to og eit halvt år før han kom seg tilbake på skulebenken og fekk fullført lærarutdanninga.
– Eg har hatt mykje fantomsmerter, så det har gått utover konsentrasjonen og slik, men det hjelp eigentleg å ha ting å gjere. Det verste eg kan gjere, er å sitte på sofaen og slappe av for lenge, for då byrjar det å murre i foten.
FAMILIE: Ole Kristian med kona Angelica og dei to gutane deira på eitt og ni år.
Foto: PrivatOg treninga har gitt resultat. To gonger har han vunne Crossfit Games i USA, som er eit uoffisielt VM i crossfit. Då har han konkurrert med andre som har protese eller ei form for funksjonsnedsetting i beina.
Han har også blitt far til to saman med kona Angelica. Lukas på ni år og Leo på eitt år.
– Eg gjere alt eg har gjort før. Det er jo eigentleg det alt handlar om. Å føle seg bra og kome vidare.
Hans faste makker i lagkonkurransar, Rolf Henrik Henriksen, er imponert over reisa til treningskompisen.
– Nei, eg får frysningar. Det er heilt vilt. Han er steinhard, men har verkeleg kontroll på psyken, altså. Han er for min del kvardagshelt som pappa, men idrettsutøvar og. Med eitt bein er han i verdstoppen i det han held på med.
TRENINGSPARTNAR: Ole Kristian og Rolf Henrik har trent crossfit saman i mange år.
Foto: Frode Søreide / NRKBle satt ut av Astrid S: – Jeg ble litt sjokkert 00:44
Publisert 03.07.2025, kl. 21.00