Det var i april i fjor at 35 år gamle Miriam Daniela Ayres Cea vart drepen utanfor Boots apotek i Arendal sentrum.
Eit par dagar etterpå vart ein 64 år gammal mann arrestert for drapet.
Måndag, nesten eit år etter, byrja rettssaka i Agder tingrett.
Miriam var på jobb på Boots apotek dagen drapet hendte.

Aktor har lagt ned påstand om tvungen psykisk helsevern for den tiltalte. Påtalemyndigheitene meiner mannen ikkje var tilrekneleg.
– Det er jo eit paradoks at den straffbare handlinga oppfyller same kriterium for å bli dømd til forvaring, og dom til tvungent psykisk helsevern. I teorien kan han vere ute etter tre veker, som er minstetida for sistnemnde, seier talspersonen for Miriams systrer, Lars Johan Hereid, til TV 2.
Mannen sjølv erklærer ikkje straffskuld i saka.
Vil ikkje forklare seg i retten
Ifølgje aktor Beate Rullestad Jansen har ikkje mannen hatt ønskje om å forklare seg for politiet, verken i avhøyr eller under fengslingsmøtet.
Då dommaren under rettssaka i dag spurte tiltalte om han ønskja å kome med si forklaring i retten i dag, svarte mannen kontant nei på førespurnaden.
Han ønskja heller ikkje å grunngjeve kvifor han ikkje ville forklare seg.
– Min klient har ikkje ønskja å forklare seg, det er eit val han har. Han har ikkje forklart seg nærare om årsaka til dette, skriv tiltaltes forsvarar, Anis Kanbar, i ei tekstmelding til TV 2.
Mannen si psykiske helse har vore sentral i etterforskinga, og vil også vere ein viktig del av rettssaka.
Aktor Rullestad Jansen meiner at mannen hadde ei sterk avvikande sinnstilstand på tidspunktet drapet hendte.
I si innleiing seier aktor at dersom den tiltalte vert vurdert strafferettsleg tilrekneleg, so ber dei om forvaring.
Sjølv etter å ha vore innlagt ved Dikemark sjukehus i Asker ville ikkje mannen samarbeide med sakkunnige om å kartlegge hans psykiske helse.
I tillegg til drapet på Miriam er mannen tiltalt for fleire andre punkt. Deriblant bæring av kniv på offentleg stad og trugslar mot andre personar.
Sjølv erklærar tiltalte seg berre skuldig i eit av tiltaltepunkta som gjeld at han har hatt kniv på offentleg stad. Resten innrømmer han ikkje skuld i.
Kvitta seg med kniven
Kniven som politiet meiner er våpenet som tok livet av Miriam vart funnen i eit bosspann ti meter frå drapsstaden.
Under sitt innleiingsføredrag synte aktor fram eit bilete av kniven. På kniven fant politiet blant anna same DNA-type som tiltalte.
– Det gjev ein sterk indikasjon på at den tiltalte er knytt til handlinga, sa aktor Rullestad Jansen.

Ein politioverbetjent som vitna i saka sa at dei eit par dagar etter drapet fekk bekrefta at det var fornærma sitt blod som var på kniven.
– Vår hypotese var at Cea var et tilfeldig offer, seier politioverbetjenten.
I tillegg til at kniven som politiet vurderar for å vere drapsvåpenet hadde same DNA-type på seg, so vart fiber frå den tiltalte si bukse funnen på kleda til Miriam, ifølgje aktor.
– Eg får ikkje puste
Ein av dei som tok vitneboksen var ein kollega av fornærma. Ho var også på jobb på Boots apotek dagen drapet hendte.
Kollegaen forklarte i retten at ho hugsar Miriam kom inn døra og heldt seg til halsen.
– Eg blør. Eg får ikkje puste.
Det skal ha vore det første Miriam sa til kollegaen då ho kom inn døra.

Kollegaen gjekk for å hente papir for å stoppe blodet. Då ho snudde seg mot Miriam igjen, svima ho av rett framfor ho. Då forstod ho alvoret i situasjonen, forklarte kollegaen i retten.
Ho tok opp telefonen og ringde til AMK.
Etter at den første kollegaen var ferdig med si forklaring i retten, tok ein annan kollega plass i vitneboksen.
Då Miriam svima av, forklarte han at han sat seg ned ved sidan av fornærma. Kollegaen tok hovudet hennar i henda og heldt ho mens den andre kollegaen var på telefonen med alarmsentralen.
Begge kollegaene beskriv fornærma som ein raus, omtenksam og omsorgsfull. Ingen av kollegaene klarer å sjå føre seg at Miriam kunne ha konflikt med nokon.
Familie ville ikkje vere til stades i retten
– Det er blytungt for dei å kome her og sjå alt av media som står utanfor. Samtidig er det godt å sjå alle som har møtt opp for å støtte dei og dele minna dei har.
Det seier systrene si talsperson, Lars Johan Hereid, til TV 2.
Systrene til fornærma var ikkje til stades inne i rettssalen, men sat utanfor rettslokalet. Hereid seier dei ikkje hadde eit ønskje om å syne seg fram for tiltalte.

– Dei er jo eigentleg ikkje noko aktør i rettssaka. Den skal berre bevise om han er skuldig eller uskuldig, og vurdere om han er tilrekneleg eller ikkje.
Dei ønskja ikkje at tiltalte skal kjenne dei att.
– Ein veit aldri kor lenge ein person som eventuelt vert dømd til tvungent psykisk helsevern faktisk kjem til å vere til stades på ein døgninstitusjon.
Bistandsadvokaten til den fornærma sin ektemann, Eva Johnsen Holm, seier hennar klient fekk livet snudd på hovudet drapsdagen.
– Hans liv endra seg for alltid.