Miriam (28) løp 250 km – svima av i armane til kjærasten

3 days ago 9



– Surt smågodt er best, for da blir eg ikkje så tørst, seier 28-åringen til NRK.

Nyleg løp ho 250 kilometer frå Oslo via Sandvika, tilbake til Oslo og deretter Askim, Halden, Sarpsborg, Råde og til slutt Vestby.

Ho sprang i 29 timar og 43 minutt, og stoppa berre for å gå på do, skifte sokkar og fylle springevesten med mat og drikke.

Miriam-250

KART: Her sprang ho til saman 250 kilometer.

Foto: Andreas Lunde Grindstein / Privat

– Dei siste 50 km kjente eg at «nå gleder eg meg til å komme i mål». Det er rart korleis sånne små gleder som å drikke iskald Siesta og å ete Sørlandschips da eg kom til bilen, plutseleg blir heilt magisk, seier ho, og innrømmer at det aller beste var å ta av seg skoa.

Elskar å springe

Eg trur det er litt forskjell på kvifor folk vel å springe så langt. For meg så handlar det enkelt og greitt om at eg elskar å springe.

Miriam-ferdig

FERDIG: Sånn ser ein ut etter å ha sprunge 250 kilometer.

Foto: Andreas Lunde Grindstein / Privat

Myhren Bouchleh har ei mastergrad i klinisk ernæring, og jobbar som ernæringsfysiolog hos Klinikk for alle i Ski utanfor Oslo.

Kva et eigentleg ein ernæringsfysiolog som spring 250 kilometer?

– Eg har ikkje eksakt oversikt over kva eg åt totalt, men primært gjekk det i kvit bagett med Nugatti eller ost og skinke, sånn cirka kvar halvannan time. I tillegg åt eg litt smågodt, kanskje to–tre bitar i timen. Eg drakk Powerade og Tailwind, og eg tok salttablettar frå apoteket viss eg sveitta mykje og kjente behov for det, seier ho.

– Korleis kan det å ete smågodt vere riktig ernæringsmessig?

– Det er rett fordi du må få i deg raske karbohydrat. Å ete gel kan også fungere, men gel kan vere utfordrande for magen fordi det er så oppkonsentrert. Det kan vere meir safe å få i seg sukker i ei meir fast form, for det er viktig å få opp blodsukkeret når du tar deg ut over lengre tid, og da kan smågodt vere eit godt alternativ, seier ho.

Miriam-godteri

ERNÆRING: Miriam Myhren Bouchleh heime i Oslo før start med det ho planla å ete og drikke undervegs.

Foto: Andreas Lunde Grindstein / Privat

60–90 gram karbohydrat i timen

Ernæringsfysiologen seier at den generelle oppfordringa er eit karbo-inntak på cirka 60–90 gram i timen. Nokre karbohydrat er raske (som gel og smågodt), mens bagett ikkje har like raske karbohydrat. Det betyr at kroppen bruker lengre tid på å gjere det om til «bensin». Begge delar er viktig, og det er viktig at du ikkje et for mykje.

Miriam mat

BRØD: Matstopp i Halden.

Foto: Andreas Lunde Grindstein / Privat

Ein skal heile tida fylle på med karbohydrat, sånn at det kjem ut i blodet og kan bli brukt av musklane der. Det er svært individuelt kor mykje ein toler å ete undervegs, men dei fleste kan trene på det og gjere fordøyinga meir «robust» for karbo-inntak under aktivitet. Intensiteten påverkar også kor mykje ein klarer å ete, seier ho.

– Akilleshælen til mange ultraløparar som har ein enorm fysisk kapasitet, er utfordringar med magen. Mange seier dei eigentleg berre vil droppe å ha ein tarm. For meg er heldigvis kvit bagett, som ikkje har noko fiber, ei god løysing. Og kvelden før et eg ris til middag, for ris er kjempeskånsamt, seier ho.

Miriam-ernæring

PLANLEGGE: Alt blei vege og kategorisert før start.

Foto: Privat

Fiber er ein type karbohydrat som ikkje blir tatte opp i tarmen, men som går vidare til tjukktarmen. Det bidrar ikkje med noko direkte energi til treninga, men kan heller gjere at det blir litt for mykje som skjer i tarmen.

Miriam meiner at mageproblem på lange ultraløp er nesten uunngåeleg.

– Her må det prøvast og feilast, og det som fungerer for ein, fungerer ikkje nødvendigvis for ein annan. Den einaste regelen innanfor idrettsernæring, er å ikkje prøve noko nytt i konkurranse. Test ut mat og drikke på trening, seier Miriam Myhren Bouchleh.

Svima av under ein klem

Kjærast og sambuar Andreas Lunde Grindstein var hjelpar da ho sprang, han organiserte det slik at ho fekk mat, drikke og rett tøy undervegs.

– Eg hadde ikkje klart det utan han, seier ho.

– Men er det eigentleg sunt å springe 250 kilometer og i nesten 30 timar?

Da vi kom i mål, så tok vi jo litt bilde og sånn, og da Andreas gav meg ein klem, så sa eg berre: «Eg er litt sliten, eg, Andreas». Så svima eg av i fem–seks sekund. For sener og ledd og sånn, er det ikkje sunt å springe så langt. Eg vil ikkje anbefale andre å springe 250 kilometer samanhengande, smiler Miriam Myhren Bouchleh, som ikkje har planar om gjere det om igjen.

Slakter Ronaldos ukjente feiring: - Nei, nei! 00:59

Publisert 05.07.2024, kl. 11.40

Read Entire Article