For første gong på 100 år har det gått ein heil haust utan så mykje som ei drope regn i den iranske hovudstaden.
Medan myndigheitene i landet håpar på vêrskifte, har fyllingsgraden i fleire av dei største vassmagasina nådd eit kritisk lågt nivå.
I eit av Teherans viktigaste vassmagasin, Latian-demninga, har graden søkke til under 5 prosent, ifølge The New York Times.
Utsikt over Teheran.
Foto: ATTA KENARE / AFP / NTBByen er allereie i gang med vassrasjoneringar mellom midnatt og klokka fem om morgonen. Men president Masoud Pezeshkian fryktar at rasjoneringane ikkje er nok.
– Om det ikkje fungerer, må vi kanskje evakuere Teheran, sa han førre veke, ifølge VG.
Presidenten seier situasjonen er «ekstremt kritisk», og siterer rapportar om at Teherans vassreservoarar er det lågaste dei har vore på 60 år.
Vassmagasinet Amir Kabir nord i Iran. Bildet er tatt 1. juni i år.
Foto: ATTA KENARE / AFP / NTB– Eg har ikkje sett denne demninga så tom i heile mitt liv, sa ein eldre innbyggar som bur i nærleiken av Karaj-demninga til iransk statleg TV i helga, ifølge BBC.
– Altfor seint
Fleire andre byar kjenner konsekvensane av den verste tørka i Iran på 60 år. Dette er også det sjette året på rad med tørke, ifølge AP.
Også i landets nest største by, Mashhad, har myndigheitene slått alarm.
Den regnfattige hausten kjem etter ein tørr sommar med hetebølger.
Skyhøge temperaturar i Teheran i sommar.
Foto: - / AFP / NTBIran er hardt råka av menneskeskapte klimaendringar.
– Vi må ikkje oversjå dei enorme miljøutfordringane, som langvarig tørke og stigande temperaturar, sa Irans representant på det pågåande klimatoppmøtet i Brasil (COP30).
Representant Shina Ansari på COP30.
Foto: ALEXANDER NEMENOV / AFP / NTBMen fleire peikar også på dårleg forvaltning når dei skal forklare det som no skjer i landet.
Irans vassmyndigheiter åtvara laurdag om at rasjoneringa i Teheran starta altfor seint, ettersom vassituasjonen i hovudstaden forverrar seg raskt. Det skriv Iran International.
Parlamentsmedlem Reza Sepahvand er blant dei som peikar på det kan kallar langvarige politiske feilgrep i forvaltninga av landets vassressursar, skriv AP.
Ein bil køyrer forbi den uttørka Kan-elva nord for Teheran.
Foto: ATTA KENARE / AFP / NTBHan viser til at vasskrevjande industriar ligg i dei tørraste delane av landet i staden for ved kysten. Elver og vassdrag har blitt førte til innlandet, der dei har tørka ut.
Sanksjonar
Iran har dei siste åra sett nokre av dei største protestane i landets moderne historie.
Fleire er allereie misnøgde med det islamske regimet, og merkar konsekvensane som internasjonale sanksjonar har hatt for økonomien i landet. Skyhøg inflasjon har gjort at fleire ikkje har råd til daglegdagse utgifter, som matvarer.
Irans president, Masoud Pezeshkian, seier Teheran kanskje må bli evakuert.
Foto: - / AFP / NTBEtter sommarens 12-dagarskrig mot Israel og USA, er Iran også svekka internasjonalt.
Med dårlege utsikter til regnfall, oppmodar no enkelte lokale leiarar folk til å be om regn.
– Tidlegare gjekk folk ut i ørkenen for å be om regn. I tillegg til alle andre tiltak, bør vi heller ikkje gløyme dette, seier Mehdi Chamran, leiar for bystyret i Teheran.
Publisert 11.11.2025, kl. 07.25



















English (US)