– Vi har stor tru på at vi skal vinne denne saka, slik at det blir forbod mot gruvedumping til saka er ferdig behandla, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
Etter diskusjon i fleire timar på landsstyret onsdag kveld, landa miljøorganisasjonane på at dei ankar vedtaket i Sogn og Fjordane tingrett i november.
Kort historikk:
- Borgarting lagmannsrett har tidlegare slått fast at staten sitt ja til sjødeponi er ugyldig, men regjeringa har anka saka til Høgsterett.
- Nyleg vart det klart at ankeutvalet bestemte at saka skal behandlast for fullt i Høgsterett.
- Miljøorganisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom kravde tidlegare i haust såkalla midlertidig forføyning fram til saka er endeleg avgjort i Høgsterett. Det vil seie stans i produksjon inntil «hovudsaka» skal behandlast.
Fleire møtte fram under behandlinga av saka i Sogn og Fjordane tingrett, der miljøorganisasjonane tapte.
Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRKSogn og Fjordane tingrett avviste kravet i november.
– Det er fleire openberre feil i dommen, og dei skyhøge sakskostnadene bryt med Århuskonvensjonen. Dette er ein dom som svekker naturens rettstryggleik fordi den legg lista for å ta miljøsaker til retten enda høgare. Ein slik dom kan ikkje bli ståande, seier Gulowsen.
Diskusjon om pengar
Miljøorganisasjonane vart i førre runde dømde til å betale 2,5 millionar kroner i saksomkostninger i tingretten, noko som har tvinga dei til å vurdere saka grundig.
Landsstyret var likevel ikkje i tvil om at saka skulle ankast.
– Det er utruleg dyrt å ta denne kampen for Førdefjorden til retten, så vi tek ein stor risiko ved å gjere dette, seier Gulowsen.
Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.
Foto: Ingrid Lindgaard StrandenOrganisasjonane trappar no opp innsatsen for å samle inn pengar og vil vende seg til ulike aktørar for å få støtte til å føre ankesaka.
– Lagmannsretten har slått fast at utslippstillatelsen til Nordic Mining er ugyldig. Da kan ikkje forurensningen halde fram, seier Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom.
Avfallsmassar blir tømt til eit gruvedeponi på botn av Førdefjorden.
Foto: Nordic MiningTapte i tingretten
Dommen frå Sogn og Fjordane tingrett kom 10. november.
Retten la i sin dom vekt på at det «ikkje er sannsynleggjort» at gruvedumpinga vil gi vesentleg skade på fjorden i de neste 6–12 månadene.
Gruveselskapet sa undervegs i saka at dei har utsleppsløyve så lenge saka verserer i rettsapparatet, og at det einaste dei skuldar omgivnadene er å fortsette å drive med si 100 prosent lovlege verksemd.
Vidare gjorde dei eit poeng av at saksøkarane rettar bakar for smed:
Om saksøkarane har noko usagt, så må dei ta det opp med dei som har gitt løyvet (staten), og ikkje dei som har fått løyvet (gruveselskapet).
Striden om det skal vere sjødeponi i Førdefjorden har gått føre seg i mange år.
– Det avgjerande for retten er at framleis drift dei neste 6 til 12 månadane ikkje fører til vesentleg skade i fjorden. Dermed er det ikkje grunnlag for ein midlertidig stans, sa Karen Mellingen hos Regjeringsadvokaten, då saka vart behandla i Sogn og Fjordane tingrett.
Dette er miljøorganisasjonane sterkt usamde i, og ønsker å prøve for retten på nytt.
NRK har onsdag kveld forsøkt å få ein kommentar frå Engebø Rutile and Garnet, dotterselskapet til Nordic Mining. Så langt utan å lukkast.
Publisert 03.12.2025, kl. 21.14 Oppdatert 03.12.2025, kl. 21.37



















English (US)