Meir enn tredobling i bruken av omvend valdsalarm

1 month ago 17



8. april tredde lovendringa i kraft som gjer det raskare og enklare for påtalemakta å gi besøksforbod med omvend valdsalarm (OVA).

Omvend valdsalarm inneber at det er trusselutøvaren, og ikkje den valdsutsette, som må bere byrda og gå med elektronisk fotlenke.

To månader seinare har lovendringa hatt merkbar effekt, symbolisert ved at talet på omvende valdsalarmar har auka frå 15 til 54.

Stortinget vedtok før jul at lovendringa skulle tre i kraft innan juli, men etter fleire drapssaker på nyåret såg regjeringa seg tent med å intensivere innsatsen mot vald i nære relasjonar enda raskare.

– Fleire partnardrap og andre alvorlege drapssaker dei siste månadene har vist oss alvoret i frykta mange lever med, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Ho legg til:

Omvend valdsalarm kan vere med på å redde liv, og regjeringa meiner dei som utøver valden må bere byrda for det dei gjer.

Pressekonferanse om utlevering av Bhatti.

– Kvinner skal sleppe å leve i frykt, og vi har eit felles ansvar som samfunn for å verne mot å bli utsette for vald og truslar, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Foto: Heiko Junge / NTB

Omvend valdsalarm blei avslått av domstolane i halvparten av sakene

Regelendringa i april kom etter stort press. Ei tilbakevendande skulding var at politiet var for tilbakehaldne med å ta i bruk omvendt valdsalarm.

På same tid viste ei kartlegging i Juristen at ønsket frå politiet om å bruke omvend valdsalarm blei avslått av domstolane i meir enn halvparten av sakene.

Frå 2014 til november 2023 kravde politiet omvend valdsalarm i 232 saker, men fekk berre medhald i 105.

Med dei nye reglane kan påtalemakta gi omvend valdsalarm berre det er mistanke om brot på besøksforbod.

Her tester programleder omvendt voldsalarm

Programleiar Atle Bjurstrøm testar omvendt valdsalarm i NRK Debatten.

– Sonene burde vore meir treffande

Marius Dietrichson, tidlegare leiar av Forsvarergruppen, meiner det nye regelverket burde vore tydelegare avgrensa.

– Sonene burde vore meir treffande, og berre avgrensa til mindre område som for eksempel der den som har krav på vern bur eller jobbar. Og ikkje som nå, der det kan vere snakk om heile landsdelar, seier han til Advokatbladet.

Før jul lanserte regjeringa ein opptrappingsplan for dei fire neste åra med over hundre tiltak som skal «bidra til at vi førebygger og vernar betre, avdekker fleire saker og varetar utsette på ein meir omsorgsfull måte.»

I statsbudsjettet i år er det sett av 100 millionar kroner til opptrappingsplanen.

Publisert 04.06.2024, kl. 21.54

Read Entire Article