Meiner ministeren ikkje svarte i Debatten: – Forlanger at du svarar

2 hours ago 3



Tysdag kveld møtte Thilde Kveum Bergheim frå Skjåk kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i Debatten på NRK1. Der fekk ministeren eit spørsmål frå programleiar Fredrik Solvang, som Kveum Bergheim meiner er enkelt:

– Kva meiner kunnskapsministeren om at skular leggast ned?

Kveum Bergheim skriv i et innlegg på Facebook torsdag, at ho ikkje fekk svar på det.

– Eg og mine venner forlanger at du svarar på dette spørsmålet, skriv Kveum Bergheim i innlegget.

Sjå Debatten sjølv under:

Thilde Kveum Bergheim frå Skjåk og Kari Nessa Nordtun (Ap) var begge i Debatten tysdag denne veka.

På spørsmålet svara ministeren mellom anna at:

Det er ansvar som påligg lokaldemokratiet. Vi har eit sterkt lokaldemokrati i landet vårt og det ansvaret har dei fått frå sine eigne innbyggarar i kommunane og fylkeskommunane.

Må gje opp fritidstilbod

Kveum Bergheim stiller seg undrande til at ministeren seier at det er opp til lokaldemokrati, når «engasjementet i mitt lokalmiljø ikkje har vore større sidan 2. verdskrig».

– Eg blir både skuffa og lei meg for at vaksne folk som deg, med ansvar for mi utdanning og mitt ungdomsliv, ikkje klarar å svare på eit så enkelt spørsmål, skriv 14-åringen.

Thilde Kveum Bergheim før Debatten

Thilde Kveum Bergheim (14) er ikkje nøgd med Kari Nessa Nordtun (Ap) sine utspel under Debatten.

Foto: Tom Baalstad / NRK

Kveum Bergheim seier til NRK at det er ikkje berre skulekvardagen som blir påverka.

– Det betyr at eg må avslutte alle fritidsaktivitetar og bytte det ut med skule.

Sympati og forståing

NRK bad Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) om svar på innhaldet i Facebook-innlegget til Kveum Bergheim.

Nessa Nordtun seier ho har forståing og sympati med dei som engasjerer seg for å behalde sin nærskule.

– Det er lett å ha forståing for at det sterke kjensler involvert ved nedlegging av si eiga nærskule. Slike kjensler hadde eg heilt sikkert kjent på sjølv også, skriv ministeren i ein e-post til NRK.

Ho presiserer at Stortinget har sagt at avgjerd knytt til skulane skal gjerast lokalt av dei folkevalde, fordi de kjenner dei lokale forholda best.

– Det meiner eg er klokt.

– Sjølv om Arbeidarpartiet ønsker trygge og gode nærskular der folk bur, kan det vere døme der skular må slåast saman med andre, eller i verste fall leggast ned. Kommunar og fylkeskommunar må balansera fleire omsyn, blant anna fallande elevtal, økonomi og andre samfunnsmessige omsyn.

Ventar nye demonstrasjonar

Det er meldt om fleire demonstrasjonar før Innlandet fylkesting skal gjere vedtak i saka onsdag 23. oktober, fordi fleire meiner at det finst andre løysingar.

Utdanningsforbundet i Innlandet varsla torsdag kveld at dei vil gå til politisk demonstrasjonsstreik dagen før fylkestingsmøtet, og ifølgje avisa Fjuken stenger mykje næringsverksemd ned i både Lom og Skjåk kommunar tysdag.

14-åringen og klassa hennar frå Skjåk er blant dei som vil demonstrera tysdag neste veke ved fylkestinget.

– Eg ønsker berre å vere saman med familie og vennar, og gå på den fine skulen i Lom, som alle elevane der er nøgd med, skriv Kveum Bergheim.

Publisert 19.10.2024, kl. 10.12 Oppdatert 19.10.2024, kl. 10.20

Read Entire Article