Meiner jente hadde fire overgriparar før ho var ti år

1 week ago 12



Gjennom heile hausten har Gulating lagmannsrett behandla den gruoppvekkande saka frå eit nabolag i Ullensvang kommune.

Ein far, ei mor og ein storebror skal ha etablert eit regime der dei grovt valdtok dei to yngste barna i familien gjennom fleire år. Jenta og guten er høvesvis 12 og 17 år i dag. 

Den fjerde tiltalte i saka er ein nabomann som er skulda for å ha valdteke sin eigen son (11) og dottera til dei medtiltalte. 

Det betyr at jenta kan ha hatt fire vaksne overgriparar før ho fylte ti år.

– Dette er ein av dei grovaste sakene vi har hatt i vårt distrikt. Det er tale om massive overgrep, sa statsadvokat Ellen Cathrine Greve då påtalemakta prosederte i lagmannsretten tysdag.

Krev forvaring

Hordaland tingrett fann ikkje samanliknbare overgrepssaker i nyare tid i Norge då dei skulle utmåle straffene i vinter. 

Alle fire anka umiddelbart. Dei har heile tida nekta straffskuld.

Greve la tysdag ned følgande påstand for lagmannsretten:

 Far i 50-åra: 21 års forvaring og kontaktforbod for alltid.

 Mor i 40-åra: 18 års fengsel og kontaktforbod for alltid.

Storebror i 30-åra: 10 års fengsel og kontaktforbod for alltid.

Nabomann i 30-åra: 12 års fengsel og kontaktforbod for alltid.

– Det har skjedd i heimane der barna eigentleg skulle vera trygge, sa Greve.

 Silje Tangen Kinserdal / TV 2
PROSEDERTE: Medaktor Inger-Lise Høyland i vitneboksen. Foto: Silje Tangen Kinserdal / TV 2

Aktor: – Var eigna til å påverke

Men, kan barna ha blitt påverka til å forklare seg usant om overgrep og valdtekter? 

Er bevisverdien av forklaringane deira svekka på grunn av eit for ivrig barnevern, som også er kritisert for å ikkje ha beskytta barna?

Spørsmålet om barna er påverka til å ha fått falske minner, står heilt sentralt i saka

Det påpeika også medaktor Inger-Lise Høyland då påtalemakta starta sin avslutningsprosedyre i lagmannsretten tysdag.

– Mange av samtalane med barna er veldig uheldige. Dei var eigna til å påverke, erkjente Høyland.

Men ho bad retten løfta blikket. Snakkar ikkje barna sant, så betyr det at dei enten lyg eller har fått falske minner planta.

– Og i så fall betyr det at dei lyg i fleire år. Til fleire ulike omsorgspersonar og behandlarar. Med dei følgene at far, mor og storebror blir dømde til lange straffar.

 Helge Birk Knudsen / TV 2
DEI INVOLVERTE: Dette er dei involverte i saka og dommen dei fekk i Hordaland tingrett. Grafikk: Helge Birk Knudsen / TV 2

– Berre teoretisk mogleg

Ho viste til at det eldste offeret i saka var 14 år då han begynte å fortelje om kva faren skal ha utsett han for. 

Eldre barn er meir motstandsdyktige mot påverknad.

– Han er blitt flytta rundt, har mista vennene sine og omgangskretsen sin. Likevel skal han i så fall ha halde fram med å lyga. Og i tillegg fått søstera til å lyga, og halde fast på det? 

Ho påpeika at også nabomannen sin son har fortald om overgrep mot seg sjølv og nabojenta. Altså har tre barn fortalt om overgrep. 

– Vi snakkar i så fall om heile liv med overgrep som er feil. Og vi har eit utall behandlarar som i så fall tek fullstendig feil i sine symptombilete. 

Høyland samanfatta forsvaret til dei tiltalte slik:

– Vi er då langt inne i eit område som berre er reint teoretisk mogleg.

Slik vart saka rulla opp: Naboane reagerte – så begynte barna å fortelje

Teikna vibrator – så fann politiet DNA

Medaktor Inger-Lise Høyland og statsadvokat Ellen Cathrine Greve viste retten mange døme på det dei meiner er påliteleg og truverdig informasjon frå barna.

I saka mot nabomannen eksisterer det ein del tekniske funn som til dømes nakenbilete av jenta funnen på hans telefon. Og mykje kontakt til nesten alle døgnets timar via Snapchat og Google Duo. 

 Ane Hem / TV 2.
50 TIMAR: Tilrettelagde avhøyr av barna står heilt sentralt i saka mot dei fire tiltalte. Her frå avspelingen av totalt 50 timar med avhøyr i tingretten. Rettsteikning: Ane Hem / TV 2.

I tillegg viste Høyland til avhøyret der jenta teiknar eit sexleiketøy som ho seier naboen brukte på henne.

– Ho teiknar kva farge og form den har. Og kva del av den som var på tissen hennar. Politiet finn DNA frå henne på akkurat den staden på eit sexleiketøy hjå nabomannen.

«Overgrepsregime»

Søskenparet har fortald om valdtekter medan dei var aleine med ein av foreldra, og overgrepssituasjonar der heile familien var involvert. 

Storebroren skal ha blitt tvungen til å forgripa seg på søskena. 

– Eitt regime der barna vart truga og ikkje visste kva som var lov og ikkje lov, sa statsadvokat Greve i sin del av prosedyren.

– Hadde eg budd heime eitt halvt år til, hadde eg ikkje overlevd, sa den no 17 år gamle guten i eit tilrettelagd avhøyr seinast no i haust.

I tidlegare avhøyr har 17-åringen gitt uttrykk for at det er også synd i storebroren.

– Det har vore vanskeleg for han å snakke om storebroren. Dette er ikkje ein gut som er sint eller vil hemne seg, slik storebroren har sagt her i retten, sa Høyland.

Forsvarar: – Nokon i familien kan vera skuldig

Trebarnsfaren i 50-åra, som fekk 21 års forvaring i tingretten, rista på hovudet og gjorde notat gjennom store delar av prosedyren til aktoratet.

Særleg då overgrepsskildringar der han er involvert og då politiadvokat Høyland skildra korleis han hadde full kontroll over familien.

– Dette var ein lukka, bagatelliserande og idylliserande familiestruktur. Ein kan trygt legge til grunn dei to barna sine forklaringar om kva som har skjedd.

 Silje Tangen Kinserdal / TV 2
FORSVAR: Helene Hjelmås og Jan Henrik Høinæs forsvarer trebarnsfaren. Både han og dei tre andre nektar straffskuld. I bakgrunnen er politi og rettsbetjent. Foto: Silje Tangen Kinserdal / TV 2

– Ikkje tilfeldig

Nabomannen blir skulda for å ha forelska i seg i nabojenta og vidare utnytta at ho var i ein sårbar situasjon.

Det er ikkje bevist at nabomannen og foreldreparet visste om kvarandre sine overgrep. 

Forsvararane til nabomannen har poengtert kor usannsynleg det er at eitt barn blir utsett for overgrep i to familiar i same nabolag.

Det slo aktoratet kraftig tilbake på.

– Barn som er utsett for overgrep frå dei var små, blir lette bytte for andre overgriparar. Overgriparar legg merke til atferden deira. Det er ikkje tilfeldig, argumenterte medaktor Høyland.

– Barna vil aldri treffe foreldra igjen

Statsadvokat Greve peika på at dei tiltalte kunne ha avdekka kvarandre sine overgrep om dei hadde lytta til «prøveballongane» som jenta tok opp. 

Ved eitt tilfelle fortalde ho mora at naboen hadde dusja med henne. 

– Likevel skjer det ingenting, sa Greve.

Til nabomannen skildra jenta ein draum ho hadde hatt om kva faren hadde utsett henne for. Det skal nabomannen ikkje ha fortald vidare.

– Det er oppsiktsvekkande. All den tid han visste kva faren hennar hadde vore fengsla for tidlegare, sa Greve og viste til dommen for nedlasting av grovt overgrepsmateriale som den tiltalte faren fekk i 2018.

– Legg du skulda over på barna dine?

Skuldar på kvarandre

Onsdag og torsdag skal forsvararane til dei tiltale halde sine prosedyrar i saka. Dei har alt fått støtte frå ein rettsoppnemnd vitnepsykolog om at samtalane med barna var eigna til å påverka dei.

Aktoratet bad lagmannsretten vera «ytst forsiktige» med konklusjonane til vitnepsykologen og meiner det er fleire feil i vurderingane hennar

Dei tiltalte peikar også på kvarandre:

Den tiltalte storebroren har omtala faren sin som eit monster

Nabomannen meiner jenta speglar overgrep som har skjedd heime, over på han

Mora trur på dottera si når ho fortel om overgrep frå naboen. Ho trudde også på barna sine forklaringar om overgrep frå faren deira, før ho sjølv vart skulda for det same.

Også faren trur dottera kan ha blitt utsett for overgrep av nabomannen. Men knyter det til bildefunna på mobilen hans som han meiner «ikkje ser bra ut».

Read Entire Article