– Denne dagen beita flokken nedi skogbeitet, men sprang oppover da helikopteret flaug nært. Det er dårlegare beite lengre opp. Da måtte vi fôre meir, og det kostar oss ekstra, seier Per Mathis Oskal.
For nokre dagar sidan skal eit britisk helikopter ha floge over reinflokken til reindriftsfamilien i Indre Troms.
Flokken er på vinterbeite i Iselvdalen i forsvarskommunen Målselv, der også britane har ei mindre styrke gjennom vinterhalvåret.
Det var sonen Aslak-Ole Oskal som filma det britiske helikopteret.
Han er på fjellet utan dekning, men Per Mathis Oskal har gitt NRK løyve til å bruke videoen.
Per Mathis Oskal i Hjerttind Rein seier dei opplever nysgjerrige britar i helikopter over reinflokken sin kvar vinter.
Foto: ArbeiderpartietIfølge Oskal er det langt frå første gong dei opplever nærkontakt mellom britiske forsvarshelikopter og reinflokken.
– Like sikkert som at vi flyttar reinflokken dit, så kjem dei. Det er uheldig at det skjer kvart år, seier han.
- Førre veke besøkte Storbritannias utanriksminister Indre Troms, der britiske militære styrkar skal vere meir til stades framover.
Trur det skortar på kommunikasjonen
Oskal seier reinbeitedistriktet har hatt dialog med skadeoffiser i Forsvaret fleire gonger.
Dei har også gitt dei kart over området flokken beitar i, og fått lovnader om at Forsvaret skal halde seg unna reinflokken.
– Vi forstår at dei må øve, men det finst mange andre plassar enn der flokken er. Det er ikkje store området det er snakk om, seier Oskal.
Britane har hatt vintertrening i Indre Troms sidan 1969. Bildet er tatt i ein annan samanheng.
Foto: Simen Wingstad / NRKHan opplever også at det er nysgjerrigheit og ikkje øving som får dei britiske helikoptera til å fly nærare reinen. Ifølge Oskal har dei tidlegare opplevd at britane landa med helikopter midt i flokken for å ta bilde av dei.
– Om dei ikkje har fått beskjed, så skjønner eg at det er spennande å sjå ein reinflokk og ville ta bilde, seier Oskal.
Han trur det er manglande kommunikasjon mellom det norske og britiske forsvaret som er grunnen til at britane kjem.
– Eg trur at om dei hadde følgt planane på dette, så hadde det ikkje skjedd. Det er uheldig at dei ikkje er informerte, seier Oskal.
Han som ønsker betre kommunikasjon mellom Forsvaret og britane som held til i Målselv.
Luftforsvaret: Møter reindrifta til veka
NRK har vore i dialog med Luftforsvaret om helikopterflyginga.
Talsperson major Stian Roen skriv i ein e-post at britane er godt kjent med at det er reinflokkar og beitedyr der dei flyg.
– Det er i år ingen endring i treningsmønster eller område dei flyg i, seier han.
Roen understrekar at svara er felles for det norske og britiske luftforsvaret.
Talsperson i Luftforsvaret, major Stian Roen.
Foto: Forsvarets mediesenterDei britiske styrkane i helikopterdetasjementet Clockwork har drive med vintertrening frå Bardufoss i mange år. Dei får info om kvart år i starten av opphaldet i nord, ifølge talspersonen.
Roen seier dei og det britiske luftforsvaret skal i møte med reindrifta i Indre Troms til veka.
Dei hadde også eit møte med leiarane i reinbeitedistrikta i førre veke, mellom anna med leiaren av Hjerttind reinbeitedistrikt.
– Vi er helt avhengig av ein tett dialog, og å vite kor flokkane til ein kvar tid oppheld seg, for å kunne tilpasse aktiviteten deretter.
Tettare oppfølging håpar han skal bidra til at det ikkje blir fleire uønskte hendingar for reindrifta.
Talspersonen seier dei og britane alltid har som mål å ta omsyn og unngå konsekvensar for reindrifta når dei øver i lufta.
– Samstundes skal Forsvaret, med våre allierte, nå øvingsmåla sine. Den viktige treninga er nødvendig for at Forsvaret, saman med allierte, skal vere forberedt til å forsvare landet vårt.
Publisert 21.01.2026, kl. 21.08 Oppdatert 21.01.2026, kl. 21.13










English (US)