Måtte avlive heile flokken – no er det liv i hønsehuset igjen

1 week ago 19



Februar 2025: Over 60.000 høns fordelt på ni hønsehus blir gassa i hel i Trøndelag som følge av D-vitaminskandalen.

NRK møtte den fortvila eggprodusenten Erling Gresseth på garden i Stjørdal. Inne i hønsehuset låg 7500 døde høner.

Men no er smilet tilbake hos eggprodusenten.

I hønsehuset er det nemleg liv og røre igjen – og det akkurat i tide til påske.

Tragedien sette han tilbake

Gresseth driv med eggproduksjon i stor skala. Før tragedien la hønene i snitt 7000 egg per dag.

Hønebonden minnast beskjeden om å skulle avlive flokken som eit hardt slag.

– Slike dyretragediar gjer noko med deg. Det er ikkje artig og ein blir sett veldig tilbake.

Avlivet med gass

Tusenvis av høner bøtte med livet. Dei vart avliva med gass.

Foto: Privat / NRK

Men Gresseth lét seg ikkje stoppe av sjokket. Han bretta opp ermane og no er optimismen tilbake på garden i Stjørdal.

– Dei siste vekene har vi har gjort huset reint og fått tilbake nye høner, seier han medan han stolt viser fram éi av dei.

Rosar Felleskjøpet for handteringa

Han og fleire eggprodusentar har kome seg til hektene igjen etter den harde vinteren.

Det gir Gresseth Felleskjøpet og Nortura noko av æra for.

– Eg vil gje ros både til Felleskjøpet og Nortura som eg synest handterte situasjonen på ein veldig god måte.

Dette trass i at det var på Felleskjøpet-fabrikken i Trondheim den alvorlege feilen i kraftfôret fann stad.

Felleskjøpet Trondheim

Her gjekk det gale i produksjonen av kraftfôr desember 2024. Det førte til avliving av høner og grisar i tusental.

Foto: Gorm Kallestad/NTB / NRK

Nortura har sagt at det er heilt avgjerande at Felleskjøpet kjem til botns i korleis denne produksjonsfeilen kunne skje.

Fabrikken på Skansen i Trondheim skal no moderniserast i løpet av dei 3,5 neste åra for å redusere risikoen for avvik i framtida.

Påskeegga i full produksjon

Allereie før fôrskandalen var det venta eit underskot på egg til påske. Dette blei forsterka av hendinga i Trondheim, ifølge Endre Myhr, markeds- og administrasjonssjef i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund.

Ved tilbaketrekkinga blei eit stort volum borte, og det tok tid å fylle tomrommet.

Likevel er situasjonen betre enn før påske i fjor.

– Det er mest norske egg, noko import. Enkelte butikkar vil ha lite egg til tider, men det kjem fortløpande inn nye leveransar. Det er eigentleg normalt for tida rundt påske.

Årets påskeegg 2025

Kanskje det rett og slett er litt flaks for dei råka hønebøndene at påska er sein i år? – Det er enno litt tid att til påska, så eg reknar med at det skal vere både store og små egg i butikken innan den tid.

Det som er nytt er at nokon av egga er importerte, seier Myhr.

– Det er nok egg til påske. Importen aukar fordi norsk dekning er lav og kjedene importerer det dei meiner dei trenger.

Det er snakk om egg frå Finland, Sverige og Danmark.

Dei nye fjørkledde bebuarane i Gresseth sitt hønsehus er framleis ganske små, men dei er allereie i gang med produksjonen.

– No har dei så vidt starta å legge egg igjen. Dei er ikkje så veldig store, men dei har komme i gang. No blir det påskeegg!

Eggproduksjon i gang igjen etter forskandalen

Det er nok egg til påske ifølge Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Publisert 09.04.2025, kl. 11.46

Read Entire Article