Mannen som helst ikkje ville på Stortinget

3 days ago 12



en mann som står på en stein ved en innsjø

TOK EIN FOR LAGET: Marius Dalin (MDG) skulle til Afghanistan, men må i staden ta vegen til Løvebakken.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

For mange folkevalde er Løvebakken sjølve målet. For andre er det meir ei dump i vegen.

Til stor overrasking – ikkje minst hans eigen – blei Marius Dalin (MDG) i denne veka vald inn på Stortinget som utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane.

Ringer du for å gratulere eller kondolere? ler han, når NRK ringer dagen etter.

Det var aldri meininga at han skulle stille som førstekandidat, men både i 2021 og 2025 rakk han opp handa ettersom dei «naturlege listetoppane» var travle med familietilvekstar og reirbygging.

MDG-profil i Sogn og Fjordane, Mariel Eikeset Koren, blei tidlegare i år mor til barn nummer fem.

Etter at hans eigne tre barn flytta heimanfrå har Dalin (58) tenestegjort i Leger utan grenser, og var allereie i gang med å planlegge neste utanlandsopphald – på eit traumemottak i Afghanistan.

Han er klar på at identiteten hans er knytt til den hippokratiske ed, og at han ikkje ønsker å vere «yrkespolitikar» lenger enn nødvendig.

Ja ja, når nokre dører blir lukka, er det andre som blir opna, seier han.

Første bod innanfor strategisk politisk kommunikasjon er at du ikkje må projisere tvil og ambivalens. Du har ikkje vurdert å late som du er meir entusiastisk?

Nei, det kan eg ikkje. Det handlar om å vere genuin og ekte.

Han legg til:

Så er eg jo entusiastisk på vegner av partiet, som har gjort eit kjempeval, om ikkje meg sjølv.

Og aldri så gale at det ikkje er godt for noko:

Mor mi bur i Oslo. Ho er nok glad for å ha Marius i nærleiken.

en mann som står på en stein ved en innsjø

– Veljarane skal vite at eg tar dette på strak arm, seier Marius Dalin. Her ved Bekkjavatnet i Sunnfjord.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Går berre og lengtar etter at skal vere slutt

Om Johan Nygaardsvold (1879–1952) blir det sagt at han nekta å tale i valkampen sidan han likevel ikkje ønskte noko verv.

Sidan definerte han livet på Stortinget slik:

  • Første året går ein berre og lengtar etter at dei tre åra skal vere slutt, slik at ein kan reise heim att.
  • Andre året finn ein ut at det ikkje er så verst likevel.
  • Tredje året tek ein til å spekulere på korleis ein skal sikre attval.

En gruppe menn som poserer for et bilde

Gjett kven av desse to representantane frå Sogn og Fjordane som gler seg mest til livet på Løvebakken. Til Høgre: Torbjørn Vereide (Ap).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Du sa jo at eg ikkje kunne bli vald!

Professor i politisk historie, Yngve Flo, seier at den nye MDG-representanten føyer seg inn i ein akkurat passe rik tradisjon av motvillige folkevalde.

Den første han tenker på er stiftsamtmann i Bergen, Hroar Olsen, som utan å vite det blei innstilt som Kalfaret Høire sin førstekandidat i 1921.

Da valresultatet låg føre, måtte han fint pakke kofferten og reise over fjella, sjølv om han hadde heilt andre planar.

Eit anna merkeår er «jordskjelv-valet» i 1973, der både Anders Langes Parti (ALP) og Sosialistisk Folkeparti (SF) fekk inn langt fleire representantar enn dei hadde «budsjettert» med.

Ottar Brox (SF) var til dømes mest innstilt på å fortsette kallet sitt som forskar og akademikar:

«Du sa jo at eg ikkje kunne bli vald!», skal han ha klaga då resultata kom inn og det viste seg at han måtte sitte på stortingsbenken til Troms.

  • Johan Nygaardsvold

    Om Johan Nygaardsvold (1879–1952) blir det sagt at han mangla tillit til eigne talegåver.

  • en mann med et ansikt

    Ottar Brox kom inn på Stortinget i 1973. Det likte han ikkje.

    Foto: Erik Thorberg / NTB
  • Hroar Olsen,

    Hroar Olsen kom inn på Stortinget i 1921. Det likte han ikkje.

Bjerkseth (KrF) stura i tre dagar

Historikar Hans Olav Lahlum nemner eit eksempel frå Kristeleg Folkeparti si historie:

I 1949 blei vallista til Bondepartiet i Møre og Romsdal underkjent, med den konsekvensen at tredjekandidaten til KrF kom inn i staden.

Han heitte Haldor Bjerkseth, og ifølge segna «stura han i tre dagar» da det gjekk opp for han at han måtte flytte til hovudstaden.

Stortingsrepresentantar i Noreg kan ikkje sjølv velje å fråtre vervet sitt, da Grunnlova (paragraf 63) slår fast at berre veljarane kan seie opp den fire år lange «kontrakten».

  • Hans Olav Lahlum

    Vidar Ruud / NTB scanpix

    Hans Olav Lahlum, historikar

    Det er ein del eksempel på statsrådar som stilte til attval og var lite motiverte for stortingstilværet da det viste seg at det blei det i staden for statsrådspost vidare. Utanriksminister Halvard Lange i 1965 er eit klassisk eksempel. Så kjem nominasjonane stadig tidlegare, ofte 10-11 månader før valet. Det aukar faren for at omstenda endrar seg slik at ein ikkje lenger ønsker å komme inn.

  • Dag Einar Thorsen

    Laik Hanbaly / DKBU

    Dag Einar Thorsen, statsvitar

    Står ein som førstekandidat for eit parti som vaker rundt sperregrensa, så er det svært sannsynleg at ein kan bli valt inn sjølv om ein representerer eit distrikt der eins eige parti ikkje står sterkt. Da er det nemleg ganske gode sjansar for å bli valt inn på eit utjamningsmandat sjølv om ein endar opp på åttande plass målt i talet på stemmer i eit distrikt med berre fire mandat til utdeling.

  • Professor i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo, Jørgen Bølstad.

    Amund Aasbrenn

    Jørgen Bølstad, professor ved Institutt for Statsvitenskap

    I kommunestyreval har vi hatt eksempel på kandidatar som har blitt overtalte til å stille langt ned på ei liste som «listefyll», men som har fått så mange personstemmer at dei likevel har blitt valde inn. Slikt er nok sjeldnare i stortingsval der veljarane har mindre påverking på rekkefølga av kandidatane, og dei som stiller typisk ønsker å komme inn.

  • Svein Tuastad

    Øystein Otterdal

    Svein Tuastad, statsvitar

    Eg kjem ikkje på noko liknande tilfelle. Dette er jo dei mest attraktive verva som er i politikken utanom statsrådspostane. Vanlegvis er det stor kamp om dei. Her tar Marius Dalin ein Obama; jamfør skuffelsen hans da han fekk fredsprisen.

Dalin: – Eg tar dette på strak arm

Yngve Flo og Hans Olav Lahlum gjer begge eit poeng av at risikoen for uventa (men ikkje nødvendigvis motvillige) stortingsrepresentantar aukar med utjamningsmandatordninga, som kan gi uføreseielege utslag.

I 2005 fekk Vera Lysklætt frå Venstre 693 stemmer. Da utjamningsmandata var fordelte, var det likevel nok til å sende henne til finnmarksbenken på Stortinget.

Marius Dalin har til samanlikning 2098 stemmer i ryggen.

I eventyra er den sanne helten alltid ein motvillig heilt, ein som tar på seg ei oppgåve eller eit verv han eigentleg ikkje vil ha. Er det denne du modellerer deg etter?

Haha, nei det vil eg ikkje ha på meg. Eg brenn for Leger utan grenser, og gledde meg til å reise ut igjen. Nå har eg i staden fått ei anna utfordring.

Kva slags signal sender det til veljarane dine at du helst ville vore ein heilt annan stad?

Dei skal vite at eg tar dette på strak arm, og at eg har lyst til dette òg.

  • Andr N. Skjelstad

    Berit Roald / NTB scanpix

    André Skjelstad

    Valforskarar har kalla André Skjelstad (V) frå Nord-Trøndelag «politikkens Fetter Anton». På fem forsøk har Skjelstad kome inn på Stortinget fire gongar – i 2021 med 2,0 prosent oppslutning i eigen valkrins. Det svarar til 1557 stemmer.

  • Vera Lysklætt står på en steinete strandVera Lysklæt

    Vera Lysklæt

    I 2005 fekk Vera Lysklæt frå Venstre 693 stemmer. Da utjamningsmandata var fordelte, var det likevel nok til å sende henne til finnmarksbenken på Stortinget.

  • Marius Dalin

    NRK

    Marius Dalin

    Til stor overrasking – ikkje minst hans eigen – blei Marius Dalin (MDG) i denne veka vald inn på Stortinget som utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane.

Publisert 12.09.2025, kl. 11.27

Read Entire Article