Mannen har vore dømt for seksualforbrytelsar tidlegare. No må han møta i retten igjen.

Publisert 20.03.2025 19:36
Ein mann i 40-åra må møta i Hordaland tingrett, tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med ei jente under 14 år.
Mannen har vore domfelt tre gonger tidlegare, mellom 2011 og 2021, ifølge Bergensavisen.
I 2011 vart han dømt for seks sexlovbrot mot fire barn i åra 2007 til 2010.
I 2016 vart han dømt for fleire seksuallovbrot mot si eiga dotter, frå ho var fem til ni år gamal.
I 2021 vart han dømt for å ha mishandla ekskona.
Kan føre til auka straff
I tillegg til seksuallovbrota er han òg tiltalt for skadeverk. Under avhøyr skal han ha kasta ein diktafon mot ein politibetjent, og kasta eit bord opp i lufta.
I tillegg skal han ha forsøkt å skalla ned ein politibetjent i heisen då han vart ført til arresten.
Sidan mannen er dømt for liknande lovbrot tidlegare, betyr det ofte at straffa kan bli høgare neste gong.
Viss påtalemakta får rett i tiltalen som er tatt ut, er jenta som var under 14 år i 2012 den sjette personen som var offer for overgrep frå mannen.
Det er sett av fire dagar til rettssaka neste veke. Strafferamma for seksuelle overgrep mot personar under 14 år er 10 års fengsel.
Erkjenner ikkje straffskuld
No skal han møta i retten for hendinga som ifølge tiltalen skjedde i 2012.
Ingvill Gjerstad er forsvarar til den tiltalte mannen. Ho seier til TV 2 at han ikkje erkjenner straffskuld, og at han skal forklara seg i retten om skuldingane.

– Det er lenge sidan, og det var ingen vitne til hendinga. Dette blir ein truverdsvurdering, seier Gjerstad.
Mannen har sete i varetekt sidan i fjor haust, på grunn av fare for gjentaking.