Politiet åtvarar foreldre etter rykte

6 hours ago 5



17. mai-fylla

Riggar seg til ei ny nasjonaldagsfeiring prega av fyll og bråk, også blant mindreårige.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
PASSAR PÅ: Politiet skal sørge for tryggleiken når over 100.000 går i tog i Bergen sentrum på nasjonaldagen. Men dei siste år har mykje av fokuset gått til fulle folk. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Publisert 14.05.2025 22:25

Fyll, bråk og slagsmål. Det har diverre vore nokre av overskriftene etter 17. mai-feiringane dei siste to åra. 

I år, som i fjor, har debatten om 17. mai-fylla blussa opp igjen. Men i år er det nokre forskjellar. 

I Oslo er det opna for skjenking av alkohol tidlegare enn i fjor, nemleg frå klokka 08.00. 

Stavanger går i andre retninga og flyttar «skjenken» til klokka 13.00. Men i Bergen kan ein skjenke alkohol heilt frå klokka 06.00 om morgonen.

Tilkaller ekstra vakter til 17. mai: – Ansatte stålsetter seg

«Årets lengste drikkelek»

Det bestemte fleirtalet i Bergen bystyre i fjor sommar, sjølv etter at telefonen på operasjonssentralen til politiet gjekk varm i både 2023 og 2024.

«Bergens politikere har bidratt raust til å gjøre 17. mai til årets lengste drikkelek», skriv Frode Bjerkestrand i ein kommentar i Bergens Tidende om dei siste års «skandalenasjonaldagar».

– Etter pandemien har vi opplevd lite aktivitet i utelivet på 16. mai og natt til 17. mai. No er det feiring frå morgonen av på 17. mai som gjeld, seier seksjonsleiar Ole Bjørn Sveen ved Bergen sentrum politistasjon.

– Ønskjer bergensarane ein fyllefest, så blir det ein fyllefest. Men ønskjer vi ei verdig feiring med barna i fokus, så er det det vi år, er hans oppmoding til vaksne.

 Pål S. Schaathun / TV 2

MASSESLAGSMÅL: Fleire måtte avslutte feiringa med håndjern på etter masseslagsmålet ved Torgallmenningen i Bergen i fjor. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

 Pål S. Schaathun / TV 2

MASSESLAGSMÅL: Fleire måtte avslutte feiringa med håndjern på etter masseslagsmålet ved Torgallmenningen i Bergen i fjor. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2

Ryktast om champagnefrukost for barn

Han seier at politiet kjem til å vera godt bemanna på heile nasjonaldagen. I fjor braut det mellom anna ut masseslagsmål midt på Torgallmenningen allereie på tidleg ettermiddag.

– Vi har oppmoda foreldre til å følge med på sine barn og ungdommar. Fleire vaksne i bybildet viser seg å regulere atferden til mindreårige på ein positiv måte, seier Sveen.

– Kanskje det ikke er barnas dag lenger?

Champagnefrukost er ein populær tradisjon for vaksne som ynskjer å starta dagen med eit smell. Oppfordringa til politiet om å følgje med på kva planar barna har og kvar dei skal, gjeld heile dagen.

– Politiet har fanga opp rykte om ungdommar som visstnok skal arrangere champagnefrukost for mindreårige, seier han til TV 2.

Høg beredskap i Oslo

Også i år kjem politiet i Oslo til å ha høg beredskap, vere væpna og klare til å reagere med kort reponstid.

Men det er jo av andre grunnar enn fyll og spetakkel. 

– Kva sikringstiltak vi har kan vi ikkje gå i detalj om, men vi vil vera synlege i bybildet og gjere det vi kan for at 17.mai blir eit flott arrangement, seier politiinspektør Martin Strand.

Etter innføringa av nye skjenkereglar, er dette oppmodinga frå Oslo-politiet:

– Vi forventar at dei vaksne er sitt ansvar bevisst og har ein oppførsel som er verdig festdagen og tilpassa at barna og barnetoga er i fokus. 

 Ditlev Eidsmo / TV 2
FOLKEFEST: 17. mai i Oslo i 2023. Foto: Ditlev Eidsmo / TV 2

I Stavanger blir det altså forsøkt å flytte på skjenketidene. Til Stavanger Aftenblad seier politiet at det har vore høgt rusnivå og mykje å ta tak i dei siste åra.

– Med nye skjenketider i år, forventar vi at det vil bli betre enn det har vore dei siste åra på nasjonaldagen, seier politiinspektør Kathrine Sæland Rotseth til TV 2.

Ho legg til at politiet i Stavanger er godt budd på nasjonaldagen.

– Vi kan ikkje bestemme kva folk skal drikke i sine eigne heima, men vi ber folk hugse at dette først og fremst er barna sin dag.

I Bergen vil ikkje politiet meine for mykje om skjenketidene andre stader.

– Vi trur ikkje at skjenketider aleine er årsaka til auka alkoholbruk. Utestadane har god kontroll på sine serveringsstader. Men fleire tar med seg alkohol til sentrum på ettermiddag og kveld. Så dette er nok samansette utfordringar, seier seksjonsleiar Ole Bjørn Sveen.

Read Entire Article