Ein ung mann frå Mosjøen må i begynnelsen av mars møte i Helgeland tingrett. Det skriv Helgelendingen.
Mannen står tiltalt for:
• Seks tilfelle av bedrageri
• Fire forsøk på grovt bedrageri
• Elleve forsøk på bedrageri
– Min klient har erkjent nesten samtlege tiltalepostar. Han beklagar det som har skjedd og ser fram til å bli ferdig med saka, seier advokat og forsvarar Jonas Berge i Elden Advokatfirma til avisa.
Mannen som står tiltalt skal blant anna ha bestilt ei rekke varer til seg sjølv ved å utgi seg for å representere ulike firma.
Blant anna skal mannen ha utgitt seg for å representere Rana Gruber ASA. Via dette firmaet prøvde han å bestille varer til seg sjølv til ein verdi av nesten 1,3 millionar kroner.