Mange studentar er einsame: Trur kollektiv kan vere del av løysinga

1 week ago 9



– Enn så lenge har det faktisk gått bra med vaskinga, seier Sigvard Bøe.

Eit steinkast unna NTNU i Trondheim bur han i kollektiv saman med vennene Emrik Moxness og Tore-Nikolai Savo Dragic.

Omtrent halvparten av alle studentar bur i kollektiv. Dei tre vennene er glad dei ikkje bur aleine.

– Det er fint å kome heim frå forelesing også er det nokon heime, seier Tore-Nikolai.

29 prosent av alle studentar saknar ofte nokon å vere saman med, ifølge Studentanes helse og trivselsundersøking (SHoT).

Dei som bur aleine er meir utsett enn dei som bur saman med andre.

Tre studenter som bor i kollektiv ved NTNU

Dei tre sambuarane kjente kvarandre før dei flytta til Trondheim. Dei studerer alle ved NTNU.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Verdifull sosial trening

– Eg trur det er veldig bra for studentar som flytter heimanfrå å flytte inn i eit kollektiv heller enn å bu for seg sjølv, seier Aksel Tjora, professor i sosiologi ved NTNU.

Han trur det å bu i kollektiv kan vere ein del av løysinga på at mange studentar er einsame.

– Dei som byrjar å studere møter ein kvardag som skil seg frå skulekvardagen på vidaregåande. På universitetet må ein ta mykje meir ansvar sjølv.

Tal frå SSB viser at studentar som bur aleine oftare er einsame, er meir utsett for psykiske plager og er mindre tilfreds med livet enn dei som bur med andre.

28 prosent av alle studentar oppgav i 2021 «lav tilfredsheit med livet». For studentar under 30 år som budde aleine var talet 37 prosent.

70 prosent av dei som budde aleine oppgav også å vere litt eller mykje plaga av einsemd, medan 61 prosent av dei som budde i kollektiv svarte det same.

At ein har ei trygg hamn med ein litt meir sosial heimesituasjon saman med andre, trur eg kan vere veldig bra.

Lager mat i kollektiv

– Vi har ein plan om å få faste rutinar på å lage mat saman fortel, Tore-Nikolai.

Foto: Henning Levold / NRK

Tjora trur også det kan gi nyttige effektar på lang sikt å bu tett på andre.

– Du får mykje god sosial trening ved å bu i kollektiv.

Det å ta omsyn og faktisk forhalde seg til andre sine behov i det daglege må ein gjere mykje i kollektiv.

Sosiologiprofessoren trur mange unge kan få utfordringar i overgangen frå å bu heime med foreldra.

– Mange møter nok litt utfordringar. Kanskje må ein ta omsyn til folk som ikkje har like stor omsorg for akkurat deg som foreldra dine hadde.

– Plutseleg er ein på like fot og må lære seg å forhandle meir imellom kvarandre.

Lucas og Pernille. Studentar på Dragvoll.

Henning Levold / NRK

Lukas de la Plaza og Kristin Fægri

– Det er deilig å kome heim til nokon som ein kan prate med og sjå på fotball med, seier Lucas.

Han bur med éin kompis. Kristin bur saman med to andre.

– Ein slappar av på ein heilt anna måte heime. Det er godt å ha nokon å gjere det med også, seier ho.

https://potion.felles.ds.nrk.no/program/f0e8ca10-c440-4792-a8ca-10c440d7920a

Henning Levold / NRK

Pernille Dirdal-Sille

– Det er fantastisk å bu aleine. Eg kan gjere akkurat som eg vil.

Ho har aldri budd i kollektiv med andre.

– Eg er veldig nøye på hygiene. Eg trur ikkje andre hadde vore like flinke til å vaske etter seg.

Eivind Ra, student på Dragvoll

Henning Levold / NRK

Eivind Ra

– I starten var det litt utfordrande å bu med heilt nye menneske. Men det har også vore moro å bli kjent med nye menneske.

Han bur i kollektiv med tre andre studentar.

– Av og til treng eg meir aleinetid. Da kjenner eg at det hadde vore fint å bu aleine.

https://potion.felles.ds.nrk.no/program/a60c423c-97b9-4bec-8c42-3c97b96bec5b

Henning Levold / NRK

Evelyn Linga Berge og Carmen Årdal Landsverk

– Vi var vennar frå før av, så dei første tre vekene har gått veldig fint, seier Carmen.

Begge flytta inn i kvart sitt kollektiv for nokre veker sidan.

– Dersom ein ikkje får vennar på studiet så har ein i alle fall nokon å vere med heime, seier Evelyn.

Meir forsiktige studentar enn før

Tjora meiner å merke at studentane er meir forsiktige sosialt no enn da han byrja å undervise på universitetet for 25 år sidan.

– Eg trur det er knytt til sosiale medium og smarttelefonar.

Han trur mange unge berre belagar seg på å kommunisere saman via tekst. At ein ved å bu i kollektiv blir «tvungen» meir saman tenker han er bra.

– At man tar vare på meir av den sosiale spontaniteten trur eg er veldig sunt.

Laks og pasta i kollektiv.

Laks og pasta stod på menyen da NRK kom på besøk.

Foto: Henning Levold / NRK

– Ser alle sidene av kvarandre

Dei tre vennene fortel at dei sett pris på å kunne slappe av i kvarandre sitt selskap.

– Ofte er vi heime og gjer ingenting saman. Det er veldig koseleg, seier Sigvard.

Sjølv om dei bur tett på kvarandre, har sambuarskapet vore harmonisk dei første tre vekene.

– Vi kjenner kvarandre ganske godt frå før av og veit kor kvarandre sine grenser går, seier Tore-Nikolai.

Rengjøring i kollektivet.

– Det er ikkje berre noko vi seier når de er her, det har faktisk gått bra med reinhaldet så langt, seier Sigvard.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Sjølv om nokon kan vere morgongretten eller i dårleg humør, trur gutegjengen også det kan vere gode erfaringar.

– Ein ser dei andre på både sitt beste og sitt verste.

– Vi blir eigentleg berre betre kjent når ein ser alle sidene av kvarandre.

Publisert 09.09.2024, kl. 11.32

Read Entire Article