Mange ledige feriejobbar i Nordland

2 days ago 10



I mars er det lyst ut i alt 2.714 ledige stilingar i Nordland, opplyser NAV Nordland i ei pressemelding.

Det er 693 fleire enn i same månad i fjor. Flest utlyste stillingar er det innan helse, pleie og omsorg. Deretter kjem serviceyrke og anna arbeid, og så butikk- og salsarbeid.

24 prosent av dei annonserte stillingane i mars er feriejobbar.

– Med unntak av sjukepleiaryrket er det mange av feriejobbane som ikkje har særskilde kompetansekrav. Dermed kan dette bety gode moglegheiter for unge og øvrige arbeidssøkarar som treng verdifull arbeidserfaring.

Det seier direktør i NAV Nordland, Cathrine Stavnes.

Ved utgangen av mars har landet ei arbeidsløyse på 2,1 prosent.

I Nordland er det Vevelstad som har lågast arbeidsløyse, mens Gildeskål og Værøy har høgst arbeidsløyse i fylket.

Read Entire Article