Mange avlyste flyavgangar i Finnmark i godvêret

1 month ago 19



Flyplassen i Vardø har opplevd fleire overflygingar. Ordførar Tor Erik Labahå seier at vardøværingane veit at dei ikkje kan styre vêret.

Varmt på land – kjølig over havet

Kommunikasjonsrådgivar Line Lindegaard Carlsen i Widerøe opplyser at selskapet i dagane 12.–19. juli avlyste 52 avgangar i Finnmark på grunn av tåke, lågt skydekke og andre vêrfenomen.

– For å sette talet litt i perspektiv kan det vere greitt å vite at Widerøe flyr rundt 400 daglege avgangar, skriv ho i eit e-brev til NRK.

Statsmeteorolog Marek Ratajczak ved Vêrvarslinga for Nord-Norge forklarer kvifor vêret aldri er så godt at det ikkje er gale for noko.

Tåke

Det blir ofte tåke i Finnmark når varm luft over land møter kald luft over Barentshavet.

Foto: Gunnar Sætra / Gunnar Sætra

Det skjer der varm luft i Finnmark møter kaldlufta frå Barentshavet.

– Når den varme lufta frå land sig over Barentshavet og havområda utanfor Finnmark, blir ho avkjølt, fortel han.

Det blir danna vassdropar i lufta som skaper havtåke.

– Når vinden i tillegg kjem frå aust, kjem denne havlufta rett inn mot store delar av Finnmarkskysten, spesielt i Aust-Finnmark, seier Ratajczak.

Det er også i Aust-Finnmark det har vore flest avlyste avgangar den siste veka.

Meteorolog Marek Ratajczak

– Når den varme lufta frå land sig over Barentshavet og havområda utanfor Finnmark, blir ho avkjølt, fortel statsmeteorolog Marek Ratajczak.

Foto: Inga Maret Solberg Åhrén / NRK

Klarvêr i sikte dei neste dagane

Meteorologen lover klarare vêr dei kommande dagane.

– Det blir litt kraftigare vind frå sør. Det driv tåka ut mot havet.

Dermed reknar Ratajczak med at det blir meir stabile forhold for flytrafikken, og at flya kjem til å gå som planlagt dei neste dagane.

Godt førebudd

Vardø lufthavn er blant flyplassane som har mista flyavgangar på grunn av tåka frå Barentshavet.

– Da går flyet vidare til neste flyplass. Mest sannsynleg blir det bakketransport tilbake til Vardø, seier ordførar Tor Erik Labahå i Vardø.

Næraste lufthamn ligg i Vadsø, sju mil unna. Flyplassen der har ikkje vore like utsett for tåke som flyplassen i Vardø. Difor har Widerøe frakta passasjerar med buss mellom dei to byane på Varangerhalvøya.

Vardø og radaren på Vårberget sett fra Domen.

Vardø ligg utsett til når tåka frå Barentshavet kjem sigande.

Foto: Gunnar Sætra

Labahå seier folk i Vardø sjølvsagt ønsker seg godt vêr, men:

– Opp gjennom tidene har vardøværingane lært at man ikkje kan styre vêret.

– Veit du om nokon har mista vidare flyforbindelsar på grunn av tåka og avlyste flyavgangar?

– Det er garantert at nokon har gjort det, men det løyser seg som regel. Vardøværingane har jo alltid levd med vêr og vind. Dei som reiser er tolmodige. Dei er rett og slett i reisemodus, avsluttar Labahå.

Publisert 21.07.2024, kl. 14.20

Read Entire Article