Magisk gullrekke broten for Noreg – svenske frakta bort etter stygt fall

1 week ago 3



– Kanonkule i Cortina, ropar NRKs kommentator Hans Solbakken då Jesper Saltvik Pedersen kryssa målstreken.

Nordmannen køyrde inn i leiinga med 0.15 sekund under måndagens super-G i Paralympics.

Men like bak han starta Jeroen Kampschreur, som skulle ha revansj for utforen, der han køyrde ut.

Nederlendaren køyrde inn i mål med ei leiing på 0.72 sekund og vann gullet.

Jesper Saltvik Pedersen heldt andreplassen og tok nok ein medalje i Paralympics.

Jesper Pedersen

NÆRE DOBBEL: Det vart sølv under måndagens super-G i Cortina.

Foto: Lisi Niesner

Før løpet hadde nordmannen vunne fem Paralympics-gull på rad.

Mor og søster håpte på enda eit gull.

– Håper jo på gullet, men vi er fornøyd med sølv. Vi kan ikke, ikke være fornøyd, sa mot Marit Saltvik.

– Ein kan ikke vinne gull kvar gang heller, sa søstera Ingrid Saltvik Pedersen.

Svenske sendt til sjukehus etter stygt fall

Undervegs i den ståande klassen fall svenske Aaron Lindström stygt, noko som førte til eit lengre stopp i konkurransen.

– Nei! Å fy! Uff og uff og uff og uff, sa NRK-kommentator Hans Solbakken.

Etter litt tid sette han seg opp og vart frakta ned på båre.

Sverige sin trenar Joel Åkerström sa til NRK at Lindström er sendt til sjukehus.

– Eg var ganske raskt nede ved han. Han var litt surrete. Han visste ikkje kva som hadde skjedd og kor han var. Han hadde lite minne. Det er eit smell mot hovudet, og då vil man alltid ta det sikre i staden for det usikre. Vi sender ham ned til sjukehuset med legen vår.

Svensken er ein av storfavorittane til slalåm-øvinga seinare i meisterskapen.

– Eg er veldig lei meg og frustrert. Ja, eg har ikkje ord på det. Eg felte nokre tårer der oppe med foreldra hans. Nei, det er ikkje morosamt akkurat no, fortsette trenaren.

Spydde i dag også

Magnus Balchen debuterte i Paralympics under måndagens renn, men klarte ikkje henge med i toppen i den sittande klassen.

I den ståande klassen stilte både Marius Bernt Rørstad og Marcus Grasto Nilsson.

Marcus Nilsson

HÅP: Marcus Grasto Nilsson hadde gleda seg til dagens konkurranse.

Foto: Lisi Niesner

Rørstad som starta med alpint for tre månadar hadde før dette aldri køyrt super-G i verdscup.

– Det var litt spying på parkeringsplassen i dag tidleg også, så nervane på plass.

Grasto Nilsson sa før start at det var denne øvinga han hadde gleda seg mest til. Men det stemte ikkje for dei to norske, som enda langt bak i klasse.

– Han bommar litt på kulen og er litt for sein i svingane, sa NRKs ekspertkommentator Beate Cathrin Haugen undervegs i Nilsson sitt løp.

Robin Cuche vann den ståande klassen. I den synsnedsette klassen var det ingen nordmenn, der vann austerrikaren Johannes Aigner.

Publisert 09.03.2026, kl. 12.07 Oppdatert 09.03.2026, kl. 12.49

Read Entire Article