– Tanken og vissa om at det er mange barn som gruer seg til jul, skjer i hjartet, seier programleiar Mads Hansen.
For tredje året på rad har han oppretta ein julespleis.
Pengane går til Rett Fram Opplevelser. Dei kjøper, pakkar inn og fraktar julegåver til familiar som ikkje har råd til gåver til barna. Allereie nå har spleisen passert éin million kroner.
– Det har blitt ein slags juletradisjon for følgarane mine, mange andre og meg sjølv, seier Hansen.
– Stort for oss
I elleve år har Rett Fram Opplevelser hjelpt barnefamiliar. Dei har i år godkjent 300 søknadar frå familiar som ikkje har råd til julefeiring og julegåver. Og dei jobbar med å godkjenne fleire søknadar.
Arbeidet starta lokalt i Drammen. Dei siste to åra har dei sendt julegåver over heile landet.
– Det er stort for oss. Det gjer at det er meir pengar til julegåver og til å hjelpe mange fleire menneske, seier organisasjonssjef i Rett Fram Opplevelser Ronny Johnsen.
5000 pakkar
Gåvene som blir sende har organisasjonen sjølv kjøpt inn for spleispengane. Denne veka gjekk dei i gang med innpakking, gåveband og namnelappar.
Innan 22. desember vil 5000 julegåver vere sende over heile Noreg. Til meir enn 700 barn.
– Det er litt klisjé, men året i år overgår det meste. Alle tinga som har vore vanskeleg for folk, kjem ordentleg hardt nå. Så det er beinhardt, seier Ronny Johnsen.
I desember pakkar fleire enn 200 frivillige inn gåver, før gåvene blir køyrde ut og leverte.
– I fjor pakka Gustav og eg og inn 1500 gåver, berre vi. Så vi kjem til å stå på. Vi må slå den rekorden, seier frivillig Aase Munte Bøhm.
Tone Damli, Broiler og fotballproffar
Også i år er det kjente namn på givarlista til spleisen. Ein rask kikk på lista viser ei rekke kjente namn som Tone Damli, Sandra Lyng og Mikkel Buxrud Christiansen i duoen Broiler.
Idrettsutøvarar og kulturpersonlegdommar har gitt. I fotballklubbane Haugesund og Bryne har spelarane gitt pengane i botskassa.
– Vi ønskte å bruke pengane på eit godt formål. Og spelarane synest spleisen og Rett Fram Opplevelser er eit veldig godt formål, seier botssjef i Bryne Pål Aamodt.
– Det har blitt ei godsinna rivalisering. Ein ønsker å toppe kvarandre. Det er jo ein vinn-vinn-situasjon, og det blir meir pengar til saka, seier Hansen
Saman med bidrag frå bedrifter og enkeltpersonar har spleisen passert 2,3 millionar. Til nå har meir enn 3900 personar og bedrifter bidratt.
– Dei aller fleste merkar på økonomien at det er tronge tider. Det er veldig hyggeleg at mange likevel har overskot, økonomisk og mentalt. Og bidrar til dei som treng det meir, seier Hansen.
Både i 2022 og i 2023 kom det inn over 6 millionar kroner i spleisen. Meir enn 12,5 millionar kroner har komme inn til saman.
Harde pakkar
Det er doble dagar i desember for prosjektleiar Hanne Aadalen. Ho koordinerer utsendinga av julegåvene. Og det skal ikkje vere mjuke, men harde pakkar.
– Vi legg ved sokkar, vantar og nyttige ting. Men det skal vere gøy for barna, seier Aadalen.
– Derfor puttar vi i batteri der det trengst. Så barna kan leike med det med ein gong, fortel ho.
Éin donasjon tok pusten frå han
Dei to tidlegare åra har pengane vakse jamt og trutt fram mot julaftan.
– Det er mange gode formål, og ein skal gi fordi ein har lyst, seier Mads Hansen.
Likevel er det enkelte overraskingar som gleder Mads Hansen litt ekstra, og i fjor tok Alan Walker pusten frå han. Bergens DJ-en gav ein halv million kroner. Det største bidraget i spleisens historie. Også i år har Walker gjeve same sum.
– Tenk kor mange barn som får ei minnerik jul nå, skriv Hansen på Instagram om donasjonen frå Alan Walker.
Publisert 11.12.2024, kl. 19.46