– Eg synest det er ein skandale. Eg trur nesten ikkje på det, seier «Tore».
NRK kjenner mannen sin identitet. Han er anonymisert fordi det er for belastande for han å stå fram med namn og bilde.
Pasientane i Helse Møre og Romsdal er dei som må vente lengst for å få psykisk helsehjelp i heile landet.
No er det varsla store kutt for å få økonomien i balanse.
- Helse Møre og Romsdal styrer mot eit underskot på ein halv milliard og Helse Midt krev økonomisk opprydding.
Meiner tilbodet har redda livet hans
Helseføretaket må spare minst 200 millionar på budsjettet for neste år, og av dette kuttet har Klinikk for psykisk helse og rus fått beskjed om å spare minst 30 millionar.
Eit av tilboda som står i fare for å bli kutta, er ambulant oppfølgingsteam ved distriktspsykiatrisk senter i Molde.
«Tore» har fått hjelp av det ambulante teamet gjennom mange år, og er opprørt over kuttforslaget.
Han har bipolar liding, og meiner dette helsetilbodet har redda livet hans fleire gonger.
– Eg har vore suicidal tre gonger, og dei har hjelpt meg ut av det. Eg trur også dei har hindra at eg har blitt innlagt ti gonger, fortel han.
Utenkeleg
«Tore» meiner at det viktigaste med det ambulante teamet er at han trur dei verkeleg bryr seg om han, og at han kan sende ei melding og be om ein samtaletime om det er krise.
– Og så har dei ringt meg opp, og eg har fått gråte i telefonen. Dei får meg rett og slett til å føle meg som ein bra kar, at eg ikkje er heilt nedsnødd, liksom.
T
Tore:Livet er litt utfordrende akkurat nå. Sliten, motløs, liten tro på fremtiden. Generelt dritt. Det brenner ikke på dass, men er på vei ned, og det er litt tøft.
Han meiner det er heilt utenkeleg at helseføretaket faktisk vil spare pengar på å legge ned tilbodet, fordi det vil føre til at pasientane treng hjelp ein annan stad.
– Det er mest vondt å tenke på dei som er sjukare enn eg er akkurat no. Når du ligg der i fosterstilling fordi du er så dårleg...
- Helse Møre og Romsdal har opna nytt bygg for psykiatri i haust – les meir om det her.
– Behov for styrking
Føretakstillitsvald for psykologane i Helse Møre og Romsdal, Siri Næs, fryktar at både behandlingstilbod og stillingar vil forsvinne når helseføretaket skal nå budsjettmåla sine.
Ho seier pasientkapasiteten alt no er sprengt, og at dei slit med å ta unna ventelistene.
– Psykisk helsevern og rusbehandling er jo eit område som i utgangspunktet har behov for styrking, og det er også ei politisk føring at det skal styrkast, seier ho.
Administrerande direktør Hans Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal stadfestar at helseføretaket er i ein krevande økonomisk situasjon, og at Klinikk for psykisk helse og rus dermed også må kutte kostnader, slik dei andre klinikkane må.
– Klinikk for psykisk helse og rus har beslutta å skjerme poliklinisk aktivitet innen barn og unge og vaksne, samt tilbodet til dei mest alvorleg sjuke i budsjettarbeidet, seier han.
– Dyrare
Næs meiner store nedskjeringar i psykiatrien ikkje nødvendigvis vil føre til at dei sparer pengar.
Grunnen er at pasientar som helseføretaket ikkje har kapasitet til, har rett på behandling andre stader.
– Dermed får helseføretaket rekninga, som kan vere tre-fire gonger dyrare enn kva den same behandlinga kostar i føretaket, seier ho.
Siri Næs meiner Helse Møre og Romsdal har fått ei ekstra utfordring på grunn av at dei må ta ekstrakostnadene ved innføringa av journalsystemet Helseplattforma.
– Det er mange ulike meiningar om Helseplattforma er bra eller ikkje, men uansett er det urovekkande at ein innfører det når det ikkje er finansiering til det.
Publisert 21.10.2024, kl. 06.13