Må i fengsel for KI-genererte overgrepsbilde

5 hours ago 3



Meir straffverdig enn å laste ned frå nettet, meiner tingretten om Oslo-mannen sin produksjon.

 Frode Sunde / TV 2
TILSTOD: Mannen møtte i retten torsdag morgon og tilstod. Foto: Frode Sunde / TV 2

Publisert 15.05.2025 16:28

Mannen i 50-åra møtte torsdag morgon i Oslo tingrett for å tilstå.

Då politiet gjekk gjennom PC-en hans i januar i år fann dei dette: 

45 mediefiler som viser grove seksuelle overgrep mot jentebarn frå barnehage- til ungdomsskulealder.

Det heilt spesielle i saka er at mannen har produsert størsteparten av desse bildene sjølv, «i hovudsak laga ved bruk av ein KI-plattform».

– Ingen direkte ofre

Overgrepsmaterialet er difor ikkje ekte. 

Det blir likevel råka av straffelovens paragraf 311, som seier at det er ulovleg å produsera framstillingar av seksuelle overgrep mot barn.

– Guttene lo av gråtende jenter

Tingretten er samd med påtalemakta i at det er «meir straffverdig å lage overgrepsmateriale enn å laste det ned frå nettet».

– Retten er likevel ikkje samd i at produksjon av fiktivt materiale kan sidestillast med produksjon av ekte materiale. For sjølve produksjonen har openbert ingen direkte ofre, står det i dommen.

Må i fengsel

Oslo tingrett legg difor til grunn ein lågare straff enn det påtalemakta ber om, sjølv om dei er samd i at materialet som er KI-generert er grovt.

Oslo-mannen erkjente altså straffskuld, men tilståainga kom først etter at politiet fann materialet på datamaskina hans.

Han får difor begrensa rabatt for tilståinga.

Mannen er dømd til 45 dagar fengsel, der 15 dagar er på vilkår.

Read Entire Article