Listhaug har skulda!

2 hours ago 1



Høyre gjorde eit sørgjeleg valg, men å skulde på Listhaug og Frp, det er for billeg.

Innsenderen mener det er for drøyt å legge skylda på Listhaug for dårlig Høyre-valg. Foto: Ole Martin Wold / NTB

Erna var så sikker på at det skulle bli borgerleg regjering og at ho skulle bli statsminister igjen, at dei kom ikkje i gang med valgkampen.

Men 4 veker før valet fekk ho panikk av å sjå på meiningsmålingane, og skjøna at dei måtte gjere noko. Det fall ikkje så heldig ut, spør du meg.

Det hjelpte ikkje å vere discjockey. Heller ikkje eit hopp i sjøen frå 5-meteren blei ein suksess. Det blei berre dumt. Det hjelpte heller ikkje at ho og Sylvi rauk i hop om kven som skulle vere statsministerkandidat. Dette bretta media ut, og verre vart det.

Men nå har ho altså sagt at ho vil gå av. Det burde ho ha gjort då dei ville aksjehandlane til Sindre vart kjend.

Solberg varsler sin avgang som Høyre-leder: – Det lå mellom linjene

Åpen

Der er så mange dyktige politikarar i Høyre til å ta over, så viss dei hadde hatt eit nytt lag i leiinga, meiner eg at det hadde sett anleis ut. Men dei øydela for seg sjølve og sendte veljarane rett i fanget på Frp og Ap. Nå «slikker dei sår» og har sett ned ein «Havarikommisjon» for å analysere det som vart gjort, og for å byggje opp eit nytt lag. Det klarer dei sikkert, og Ine Marie Eriksen Søreide nemnast som ny leiar. Ho er min favoritt, og så har dei ein flott leiar i Unge Høyre, Ola Svenneby. Han burde få ein plass i leiinga.

Furre bekrefter at han ba Erna ta avstand fra Sylvi to uker før valget

Politikken er bra, men nå har Ap med Kari Nessa Nordtun som kunnskapsminister, brukt Høyre sin politikk i skulen, altså «stole Høyre sine klede medan dei bada».

Vi får vente å sjå kva kommisjonen kjem opp med. Men ikkje legg skulda på Listhaug for tapte veljarar. Den er for drøy.

Lag heller ein tydeleg politikk som folk vil ha, og vel ein leiar som står for god Høyrepolitikk.

Read Entire Article