Lettar på sløret om planane: – Kjenner meg litt cocky

12 hours ago 6



– Eg kjenner meg litt cocky når eg seier at eg ikkje kjempar for ein 6.- eller 10. plass, seier Johaug til NRK.

Ho er inne hos NRK for promobilde før langrennsvinteren.

Ein vinter der det meste handlar om VM i Trondheim, som blir arrangert frå 26. februar til 9. mars.

– Åh, eg begynner å kjenne at det nærmar seg sesongstart, utbryt Johaug, mens blitsen regnar rundt henne inne i fotostudioet.

Therese Johaug

SMILER: Therese Johaug sprudla på promo-opptak. Kanskje ventar enda større smil under VM.

Det er berre ein månad til sesongstarten på Beitostølen. Og det er fire månader til VM. Ho har allereie gått tetsløp i Granåsen, der resultata mildt sagt er oppløftande.

– Ein kjenner at kuldegradene kjem, det er haust ute og vi går snart den kalde fine tida i møte. Det blir spennande. Eg kjenner at det kriblar litt ekstra no, smiler Johaug.

Johaugs plan

Det er ei dårleg skjult hemmelegheit at kriblinga har vore knytt til det store målet under VM på heimebane, nemleg den historiske femmila som kvinnene skal gå i VM for første gong.

Men i dette intervjuet fortel langrenns-esset frå Dalsbygda også om ønsket om å stille på fleire distansar for å jakte gull i Trondheim.

– Det er først og fremst femmila eg har lyst til å gå fort, så får eg sjå korleis forma er på dei andre distansane, seier Johaug.

Det er fire distansar som er oppe til vurdering.

– Femmila, fellesstart med skibyte og ti kilometer klassisk, seier ho.

– Og stafetten?

– Ja, og stafetten så klart! Den har eg lyst til å vere med å gå, seier 36-åringen.

Totalt er det seks moglegheiter for VM-gull viss ein stiller på alt i Trondheim. Dei to øvingane Johaug ikkje nemner er sprint og lagsprint.

– Kjenner eg kan seie det

Johaug er ikkje interessert i å delta på øvingar for å vere ein statist.

Ho vil heller ikkje «stele» ein plass frå ei landslagsvenninne, og seier ho potensielt kan melde pass på øvingar allereie før jul viss ho ikkje finn toppnivået ho hadde inne.

Det er edelt metall som gjeld, og som gjer at Johaug altså kjenner seg litt cocky.

– Så veit eg jo at ein 6.- eller 10. plass i eit VM er kjempebra for mange, mange andre. Kanskje spesielt for dei yngre jentene på laget er det kjempestort, men når eg har prestert det eg har prestert dei siste meisterskapane med å ta ni av ni individuelle gull, så kjenner eg at eg kan seie det òg.

Bak femmila har 20 kilometer med skibyte høgast prioritet. Tidlegare har ho gått distansen da han var 15 kilometer.

– At det nå er fem kilometer ekstra, trur eg ikkje er ei ulempe for meg, seier ho.

Torgeir Bjørn

EKSPERT: NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn trur det er lurt av Johaug å stå over to øvingar i VM.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ekspert: Kan ta fire gull

NRKs ekspertkommentator Torgeir Bjørn meiner Johaug kan klare bragda med å ta fire VM-gull på heimebane.

– Ja, det er mogleg. Nøkkelen ligg i om ho kjem tilbake på det høgaste nivået ho har hatt inne. Går ho like fort som ho gjorde i VM i Oberstdorf i 2021, så vinn ho, meiner Bjørn.

I meisterskapen i Tyskland for snautt fire år sidan blei det nettopp fire gull.

Bjørn trur Johaug kunne gjort ein innsats på lagsprinten, men meiner det ville vore ein risiko for at ho da ville gapet over for mykje.

– No får ho god tid mellom kvart løp. Det er eit program der ho kan prestere på topp i alle løp og får nok restitusjon, seier Bjørn om ein plan med fire VM-renn.

– Hennar største mål er å vinne femmila. Eg trur det er gunstig å ha gått løp tidlegare i meisterskapen med tanke på å vinne.

NB! Vi gjer merksame på at Therese Johaug var langrennsekspert for NRK dei to siste sesongane. Arbeidsforholdet stansa tidleg på våren 2024 da ho gjorde comeback som utøvar.

Publisert 26.10.2024, kl. 07.53

Read Entire Article