Leiter etter meir videomateriale frå Arne Bye: – Det er hol i tidslinja

5 hours ago 2



Basert på andre opplysingar i saka meiner me at det er sannsynleg at det er filma også før 2016, og at me ikkje har det materiale i beslaget som er gjort.

Det seier politiadvokat Ole Andreas Aftret til NRK måndag.

Fredag blei det kjent at politiet har sikta Arne Bye for 33 nye valdtektshandlingar overfor 16 fornærma.

Sjølv om dei no har sikta den tidlegare kommuneoverlegen for ytterlegare seksuallovbrot, er ikkje politiet ferdig med å etterforske saka:

Politiet trur det kan finnast videomateriale frå legekontoret på Frosta som dei enno ikkje har funne.

– Det er hol i tidslinja, for å seie det sånn.

Søker aktivt etter meir bevis

Etter at rettssaka mot han blei avslutta i tingretten, meldte fleire Bye til politiet.

Det gjorde til at politiet ransaka heimen til den tidlegare kommuneoverlegen på nytt.

Der fann dei både dei alternative gjenstandane Bye brukte under gynekologiske undersøkingar og meir videomateriale frå legekontoret.

Videomaterialet var både eldre og nyare enn det politiet tidlegare hadde avdekka og Bye hadde forklart seg om i retten.

– Filminga har starta mykje tidlegare enn det tiltalte har forklart seg om tidlegare. Ho har starta i 2005 på legekontoret. Og ho har fortsett lengre enn me tidlegare var klar over. Ho har fortsett til 23. juni 2022.

Det sa statsadvokat Rikhard Haugen Lyng under ein ekstra dag i tingretten, 14. juni.

Rettstegning av Arne Bye

Arne Bye forklarte i Trøndelag tingrett at det var etter ei klagesak i 2017 at han begynte å bli oppteken av å filme det han gjorde på legekontoret.

Foto: Ane Hem/NTB

Og sjølv om politiet meiner det kan finnast enno meir videomateriale, er dei trygge på at det ikkje finst meir bevis på eigedommane dei allereie har ransaka.

Førre veke ransaka dei to hytter, men det blei ikkje gjort noko funn.

– Er det aktuelt å leite andre plassar der han kan ha lagt frå seg denne typen materiell?

– Ja. Innpakkinga av det førre beslaget kan jo tilseie at det var pakka ned med tanke på oppbevaring ein stad utanfor huset sine fire veggar, svarar politiadvokaten.

– Kvar det er aktuelt for politiet å søke, ønsker eg ikkje å seie noko om – utover at me aktivt søker etter det materialet for å sjå om me finn noko av det, legg han til.

Harddisker med videomateriale i saken mot den tidligere kommuneoverlegen i Frosta, beslaglagt av politiet.

Heime hos Bye fann politiet desse vakuumpakka harddiskane med videomateriell i ei plasteske som var teipa igjen, inne i ein dobbel søppelsekk, oppi ei anna eske.

Foto: Politiet

Fleire av same typen seksuallovbrot

Bye er sikta for fleire av den same typen seksuallovbrot som han blei dømd for i Trøndelag tingrett i juni.

– Det er snakk om mogelege seksuelle overgrep i forbindelse med legekonsultasjonar, der det er snakk om innføring av gjenstandar i pasienten si skjede – eller endetarmsopning, forklarar politiadvokaten.

– Og det er snakk om bruk av fingre på ein måte som ikkje er i samsvar med adekvat medisinsk praksis, legg han til.

Ole Andreas Aftret, politiadvokat i Trøndelag politidistrikt

Ole Andreas Aftret er politiadvokat ved Trøndelag politidistrikt.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Fem av dei fornærma som var ein del av saka i tingretten er også ein del av den nye siktinga mot Bye.

– Og så er det ei av dei fornærma som også skal vere ein del av saka som skal gå for Frostating lagmannsrett.

– Er det heilt sikre på at han har vore aleine om dette, eller kan det ha vore fleire involverte?

– Det er ingenting som tyder på at det har vore fleire involverte, ut ifrå vårt materiale, svarar Aftret.

– Kan de utelukke det heilt?

– Det er ein person som har utført mogelege overgrep mot dei fornærma, og det er Arne Bye.

Bye sin forsvarar, Frode Wisth, seier til NRK at dei ikkje har nokon kommentar til dei nye siktingane.

I varetekt fram til ankesaka

Bye blei i juni dømd for 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stillinga si som lege for å få seksuell omgang.

Han er også frådømd retten til å arbeide som lege på ubestemt tid.

Bye har anka dommen og lagmannsretten konkluderte med at dei vil behandle Arne Bye si anke overfor 13 av dei fornærma kvinnene.

Dette har Bye anka til Høgsterett: Han ønsker 70 saker behandla i ankesaka.

Måndag avgjorde Trøndelag tingrett at Arne Bye skal framleis sitte i varetekt fram til ankesaka skal starte for lagmannsretten 26. november.

I tingretten stod Bye tiltalt for valdtekt av 87 kvinner. Tiltalen omhandla også 94 tilfelle av misbruk av stilling for å få seksuell omgang.

Under rettssaka erkjente Bye straffskuld for å ha valdtatt 21 kvinner og 44 tilfelle av misbruk av stilling.

Erkjenningane har Bye trekt tilbake.

Publisert 27.10.2025, kl. 14.30 Oppdatert 27.10.2025, kl. 14.51

Read Entire Article