Laila og Vidar Ulvestad bur i eit bustadfelt i Surnadal. Tysdag morgon venta det dei noko heilt uvanleg ved trappa deira.
– Det var ei overrasking då eg kom ut i dag og såg hjorten. Vi hadde ikkje bestilt nokon hjorteleveranse på «Black Friday»-, seier Laila Ulvestad.
Det var lokalavisa Driva som først omtalte saka.
Hjortekolla var openbert daud. Laila lurte på om ho måtte gå inn og ut igjen for å forsikre seg om at ho ikkje drøymde.
– Du trur ikkje det du ser. Mannen min har heimekontor, så eg varskudde han, og han trudde ikkje på meg sjølvsagt, seier Laila.
Hjorten låg nedanfor trappa deira.
Foto: Laila UlvestadRingde politiet
Dei stod der som to spørsmålsteikn og lurte på kor hjorten kom frå.
– Vi såg at han hadde sprella litt før han døydde. Vi tenkte at nokon hadde køyrd på han, men det var ikkje noko som tyda på det.
Det snødde dagen før, så dei kunne sjå spora. Hjorten hadde kome over naboplenen, bak garasjen og rett over gjerdet til dei.
Ekteparet gjorde som dei har lært, og kontakta politiet. Dei skal også ha flira litt av den spesielle situasjonen.
– Svaret var at sidan dyret hadde døydd på vår eigedom, så var det vårt ansvar. Plutseleg hadde vi blitt hjorteeigarar, seier surnadalingen.
Politiet hjelpte dei med å kome i kontakt med viltnemnda, som handterer slike tilfelle.
Laila og Vidar Ulvestad
Observerte dyr tidlegare
Ettersøksjeger Hallstein Nes blei kalla ut for å hente kadaveret. Han fortel at det er uvanleg å finne døde dyr så nære hus.
– Det var litt spesielt. Samtidig var det observert eit dyr i nærområdet som ikkje var heilt friskt truleg, ein dag eller to tidlegare. Det kan ha vore same dyret, seier Nes.
Folk skal ha vore ute og leita etter det, men ikkje funne det. Hjorten ved huset hadde heller ingen store skadar.
– Det såg eigentleg heilt normalt ut, kanskje litt magert. Det har velta seg over eit gjerde, men om det var det som gjorde at ho blei liggande er vanskeleg å seie. Det var nokre småsår på ei fot berre, seier Nes.
Dødsårsaka veit dei kanskje om ei vekes tid.
– Dei er ganske robuste og hardføre desse hjortane, så eg trur heller det at det var sjukedom eller noko. Vi tok ei hjerneprøve som vi skal sende inn, så får vi sjå.
Han legg til at det er veldig travle tider for ettersøksjegerane no, med hyppige viltpåkøyrsler.
– Det er om å gjere å ta det litt roleg i trafikken. Det er ganske mange oppdrag, spesielt no utover, seier Nes.
Publisert 02.12.2025, kl. 18.21 Oppdatert 02.12.2025, kl. 18.56















English (US)