Låg fast i elva med skia på: – Eg er evig takksam

18 hours ago 7



– Eg innsåg at dette var veldig farleg, at eg kunne døy, seier Ingebrigt Hannevik.

20-åringen fortel om då han og Torjus Hagen (21) kom til Finse på kvelden den 30. desember. Dei skulle til ei hytte for å møte fem vener dei skulle feire nyttårsaftan med.

Det var nokså fint vêr og gode forhold då dei la ut på den rundt seks kilometer lange skituren mot hytta.

Hytta på Finse kan ha fint vêr. Her frå ein påsketur for Ivar Søvig og venene hans.

Hytta på Finse, her frå ein påsketur. Togstasjonen på Finse ligg rundt 6 kilometer unna hytta.

Foto: Privat

Men vêret snudde, dei hadde nesten ikkje sikt, snøen var dårleg, og det var mørkt.

Ved ei elv bestemte dei seg for å gå over ei snøbru i staden for å gå rundt. Sjølv om dei hadde sjekka først med staven om det var trygt, var det ikkje det.

Begge datt i elva.

Kjempa mot straumen

Torjus klarte å kome seg opp, men Ingebrigt landa med ryggen ned i elva. Skia var gravlagt under det som var igjen av snøbrua.

– Torjus prøvde å hjelpe meg, men då forsvann meir og meir snø med straumen, og til slutt fór eg også vekk med straumen, seier Ingebrigt.

Litt lengre ned i elva sette Ingebrigt seg fast på ein snøkant. Han måtte kjempe hardt mot straumen.

Torjus prøvde igjen å dra han opp, men det gjekk ikkje. Ingebrigt sat fast.

Så blei Ingebrigt igjen tatt av straumen. Sekken hekta seg i eit isflak. Han klamra seg fast i eit anna isflak framføre seg.

– Eg var letta. Det var ein tryggare stad. Torjus kunne ringe til 113, seier Ingebrigt.

Det var dårleg dekning, og difor måtte Torjus gå vekk frå Ingebrigt for å ringe. Heldigvis hadde han godt med straum på telefonen.

Samstundes byrja Ingebrigt å bli svært kald. Hovudet fungerte ikkje bra. Alt gjekk fortare og fortare. Han hugsar heller ikkje stort etter dette.

– Eg trur eg skreik at eg kjem til døy, seier Ingebrigt.

Ingebrigt Hannevik (20) og Ivar Stangenes Søvig (19) sit på kafé i Bergen. Ivar ser på Ingebrigt, kompisen som han redda opp frå ei elv på Finse den 30. desember 2024.
Bildetype

På ein kafé i Bergen sentrum fortel Ingebrigt Hannevik (til venstre) og Ivar Stangenes Søvig (til høgre) om det dei opplevde.

Foto: Therese Pisani / NRK

Gjekk dei i møte

På hytta sat blant andre Ivar Stangenes Søvig (19). Han og kjærasten hadde gått opp før på dagen. Då var det alt byrja å bli mørkt.

Ivar Stangenes Søvig på veg til hytta på Finse.

Ivar Stangenes Søvig på veg til hytta.

Foto: Privat

Då dei hadde ete middag saman med resten av gjengen, stod to tallerkenar og venta på Ingebrigt og Torjus.

– Det tok lang tid. Me gjekk ut og såg berre ei lyset frå ei hovudlykt, som var ganske langt unna. Me ringde dei, men dei tok ikkje telefonen, seier Ivar.

Det uroa dei ikkje, for dei visste dette var ein stad med lite dekning.

Ivar og Henrik Angeltveit Meland (19) bestemte seg for å gå kompisane i møte.

– Me gjekk 300 meter, ropte på dei, men høyrde ingenting. Då blei me litt stressa, seier Ivar.

Tallerkenane stod klare på spisebordet for Ingebrigt og Torjus. Dei andre hadde alt ete, og gjekk ut for å leite då dei ikkje kom.

Ingebrigt og Torjus skulle få middag, men var seint ute.

Foto: Privat

Lokaliserte kameratane

På hytta var Edle Marlene Birkeland (22), Emma Sundli Härdig (22), og Hermine Storedale (20).

Ivar og Henrik kontakta dei, og Emma og Edle blei med for å leite.

Hermine ringde foreldra til Torjus og fekk henta ut posisjonen til Torjus med «Hvor er»-funksjonen og sporing av Torjus sin Iphone.

– Før me kom til elva, byrja me å få litt vondt i magen, for no burde me ha sett dei. Då tenkte me at me måtte dobbeltsjekke elva, for «viss dei ligg der, så hastar det», seier Ivar.

Det er kveld på Finse. Ein kan skimte ei hytte og ei fjellrekke i bakgrunnen. Det er snø og ser kaldt ut.

Når det er mørkt på Finse, så er det verkeleg mørkt.

Foto: Privat

Ved elva såg dei eit svakt lys.

– Me såg først Torjus, og det var heilt tydeleg at noko hadde skjedd. Då me lyste ut i elva, såg me Ingebrigt, seier Ivar.

– Eg hugsar ei vond kjensle i magen, heilt umiddelbart.

Elva på Finse.

Sjølv om elva såg lita ut dagen etter, var det ein farleg situasjon for Ingebrigt kvelden før.

Foto: Finse Røde Kors

Hoppa i elva

Deretter gjekk det fort. Henrik spurte Ivar om han hadde tau.

– Det heldt på å bli Henrik sine siste ord. For han tok tak i staven min, og skulle gå uti, og så brast snøen under han, seier Ivar.

Henrik var i elva, men heldt godt tak i Ivar sin stav. Dermed blei han ikkje tatt av straumen. Han gjekk ut mot Ingebrigt, såpass langt at han ikkje kunne halde fast i staven lenger.

– Då heldt han på å miste balansen og bli tatt av elva han også, seier Ivar.

Henrik kom seg ut til Ingebrigt, fekk sekken av han og fekk dratt han inn til land. Då prøvde Torjus og Ivar å løfte kameratane opp på land.

Sekken til Ingebrigt låg framleis på staden dagen etter.

FOTO: Finse Røde Kors

Sidan dei to stod på ein forhøgning, var det vanskeleg å få nok kraft til å dra dei to andre opp. For dei er store karar: Ingebrigt er 198 cm, og Henrik er 190.

– Me stod og reiv og sleit, og det enda med at eg mista Ingebrigt i vatnet. Då heldt han på å drukne, rett og slett, seier Ivar.

Elva som Ingebrigt fall nedi.

Hadde Ingebrigt hamna under isen, kunne det gått endå verre. Straumen var også sterk.

Foto: Finse Røde Kors

– Han gjekk under, og han gjekk rundt i straumen. Sjølv om han var medviten, så var han nesten livlaus når det kom til motorikken. Han hadde ingenting å kjempe imot med.

Ivar gjekk sjølv ut i elva, og gav ein stav til kvar av dei to på land. Han fekk dratt Ingebrigt i hetta og inn til land. Han fann fotfeste, og medan han dytta, drog dei to andre.

– Så då gjekk det akkurat, seier Ivar.

Ivar Stangenes Søvig

Ivar Stangenes Søvig kan letta sjå på kompisen sin. Det var ikkje gitt at Ingebrigt skulle overleve det som skjedde i romjula.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Pakka kameraten inn

Fordi Ivar hadde lært av ein lærar på vidaregåande at «ein fjelltur er aldri for kort til å ikkje ha med seg skikkeleg utstyr» hadde han på seg sekken sin.

– Det var litt på instinkt. Eg tok den med meg i tilfelle.

Denne var full av naudsynt utstyr, og no hasta det.

Dei la ut liggeunderlaget, fekk ei lue på Ingebrigt, og vrengde av han dei våte kleda. Dei tok på han ein ullgenser, og dei frosne skoa måtte dei bruke ein kniv for å kutte av. Dei la han i ein sovepose, og i ein fjellduk.

Det var eit helikopter på veg, men med elendig sikt og dårlege landingsforhold ved elva, fekk det ikkje landa.

Dei fire kameratane hadde alle vore i elva og var byrja å bli kalde. Dei ringde Edle for å forklare kor dei var. Ho og Emma kom med meir varme klede og ein fjellduk.

Endeleg såg dei mannskap frå Røde Kors.

Men ungdommane var på nordsida, og ikkje på sørsida, som Røde Kors hadde fått melding om. Difor måtte dei køyre opp igjen eit stykke, for å krysse togsporet. I kulda var minutta lange.

Fem snøscooterar frå Finse Røde Kors kom for å hjelpe venegjengen.

FOTO: Privat

– Det er takka vere dei at eg sit her

Det var farleg å stå der ungdommane stod, så medan dei venta fekk dei flytta Ingebrigt vekk frå elva.

Når Finse Røde Kors hjelpekorps kom, med fem snøskuterar og seks mann, blei Ingebrigt løfta opp på ein snøskuter.

Han blei pakka inn i fleire fjelldukar, og Henrik blei stroppa fast til Ingebrigt for å varme han og sørge for at han var medviten på turen.

– Eg opplevde det som ein krevjande scootertur, med tung snø, og nokre stader var det lite snø. Me sette oss fast iallfall to gonger, seier Ivar.

– Me måtte hoppe av, grave fram scooteren, og dytte den opp nokre bakkar.

Turfølget blei køyrt til Finse stasjon på snøscooter. Det var dårleg vêr.

FOTO: Privat

Framme på Finse stasjon tok Emma, Edle og mannskapet frå Røde Kors seg av Ingebrigt. Emma hadde erfaring frå sanitetsopplæring frå Forsvaret, og no varma dei opp flasker som dei kunne legge inni soveposen.

Frå dette hugsar også Ingebrigt noko:

– Eg hugsar at Edle stod over meg og spurte om eg visste kven ho var. Det gjorde eg, og ho blei glad, seier Ingebrigt.

– Då var eg pakka inn som ein kokong med masse folk rundt meg.

Ingebrigt blei sendt med eit eige tog til Voss. Kroppstemperaturen hans blei målt til 30/31 grader to timar etter han hamna i elva.

– Eg tenkjer mykje på at det kunne gått veldig gale. Det er takka vere dei at eg sit her. Det er ingen tvil om det, seier Ingebrigt.

Ingebrigt Hannevik får ein god klem av Ivar Stangenes Søvig.

Då venegjengen feira nyttårsaftan i Bergen, fekk Ingebrigt ein god klem av Ivar.

– Redda livet hans

Eivind Haugstvedt er hundeførar i politiet og er ein av dei som møtte ungdommane då dei kom til Finse stasjon.

Eivind Haugstvedt er hundeførar i politiet. Han sit framføre eit vindauge og har på seg svart skjorte.

Eivind Haugstvedt meiner ungdommane redda livet til Ingebrigt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Han heidrar ungdommane for at dei fekk varsla naudetatane, sjølv om det var dårleg dekning. Også innsatsen med å hente opp Ingebrigt og ta vare på han med utstyr dei hadde med, er noko han meiner er godt gjort.

– Utan innsatsen deira, er eg redd han som gjekk i elva hadde omkome. Dei har redda livet hans, seier Haugstvedt.

Han heidrar også dei «dyktige redningsfolka i Finse Røde Kors» som fekk kome seg ut, lokalisert ungdommane og frakta dei tilbake til Finse stasjon.

Det gjer også Ivar.

– Å stille opp for kompisen sin, trur eg alle ville gjort, men det å frivillig sitte på vakt, og rykke ut når det trengst, det synest eg ikkje er rimeleg å forvente. Det står det enorm respekt av.

– Helteinnsats

– Hadde dei ikkje fått han opp såpass fort som dei gjorde, så trur eg han hadde slite med å overleve.

Det seier Erling Nesbø, som er korpsleiar i Finse Røde Kors, og var ein av dei som rykka ut då dei fekk telefon frå politiet i Bergen.

Om skrytet seier han «det er jobben vår».

Erling Nesbø i Røde Kors Hjelpekorps

At ungdommane hadde med sekk med utstyr meiner Erling Nesbø var avgjerande, men han meiner også at ungdommane hadde noko flaks.

Foto: Cato Kristensen / NRK

– Det er viktig at du har lokale folk rundt om i Noreg. Me såg kor lang tid det tok å kome frå Voss, seier Nesbø.

Han seier ungdommane gjorde «alt rett» då dei fekk av han skia, fekk han opp av elva, fekk av han våte klede og på med tørre, og haldt han vaken.

– Det er helteinnsats. Alle ville vel gjort eit eller anna, men desse ungdommane gjorde det absolutt rette.

Gir heider til Torjus

Hendinga blei skrive mykje om då det skjedde, først i Bergens Tidende, og deretter også i NRK, BA, VG, og Aftenposten. Det var Bergensavisen som først snakka med dei involverte.

Dagen etter Ingebrigt hadde falle i elva, gjorde turfølget seg klar til avreise med toget mot Bergen. Nokon pussa tennene, andre fiksar skia. Bak dei er det eit bygg det står Finse hjelpekorps på.

Dagen etter Ingebrigt hadde falle i elva, gjorde turfølget seg klar til avreise med toget mot Bergen.

Foto: Privat

Både Haugstvedt i politiet, Nesbø i Røde Kors og kameraten Ivar rosar Torjus for den vanskelege vurderinga han gjorde.

– Torjus var heilt avgjerande. Det var han som var der saman med Ingebrigt, og det var han som fekk ringt 113. Han hjelpte Ingebrigt etter beste evne, seier Ivar.

Han meiner det Torjus gjorde er krevjande og ei riktig avgjerd.

– Det Torjus gjorde, som eg meiner er vanskelegare enn det eg og Henrik gjorde, var at han avstod frå å gå ut i elva. Han skjønte at det ikkje kom til å gå fint, seier Ivar.

– Viss han hadde gått ut i elva, så hadde ikkje eg og Henrik hatt sjanse til å redde dei opp. Då fryktar eg at begge to hadde omkome.

I hytteboka skreiv venegjengen ei kort helsing, men med mykje dramatikk. I korte trekk står det at Ingebrigt datt i elva, redningsakrsjon, aldri så liten hypotermi, og "hade vi drar hjem".

Helsinga frå Hermine i hytteboka blei kort, men med ei dramatisk vending.

Foto: Privat

Takknemleg

Det var først dagen etter, på Voss sjukehus, at Ingebrigt visste at det hadde gått fint. Der låg han i nokre timar, og legane fann ikkje noko gale.

– Ivar, Henrik og Torjus redda livet mitt. Heilt oppriktig. Resten har sørga for at eg ikkje fekk nokon skadar, som også er heilt utruleg. Eg har alt å takke dei for, seier Ingebrigt.

Gledeleg gjensyn 31. desember på togstasjonen i Bergen. Ivar Søvig til venstre og Ingebrigt Hannevik til høgre. Ingebrigt kom ned til stasjonen for å møte venene sine då dei kom med toget frå Finse.

Ingebrigt blei liggande ei kort tid på Voss sjukehus. Då venene kom frå Finse med tog dagen etter, møtte Ingebrigt dei på stasjonen. Ivar (til venstre) innrømmer at det var godt å sjå Ingebrigt igjen (til høgre).

Foto: Privat

Ingebrigt sit att med lærdom.

– Eg sit igjen med meir respekt for fjellet og meir forståing for kor forsiktig ein må vere, seier Ingebrigt.

Og innsatsen til venegjengen er han takknemleg for.

– Det er ei heilt sjuk oppleving at dei har redda livet mitt. Eg er evig takksam for det. Eg veit ikkje korleis ein kan betale tilbake for noko slikt. Det er ein unik stad å stå, det å skulde nokon så mykje.

Venegjengen samla seg til feiring i Bergen nyttårsaften.

Venegjengen samla seg til feiring i Bergen nyttårsaftan. Frå venstre: Edle Marlene Birkeland (22), Emma Sundli Härdig (22), Hermine Storedale (20), Ingebrigt Hannevik (20), Ivar Stangenes Søvig (19), Henrik Angeltveit Meland (19) og Torjus Hagen (21).

Foto: Privat

Publisert 27.01.2025, kl. 09.16

Read Entire Article