Lægreid tok sesongens første siger då norsk håp øydela våpenet sitt

4 days ago 15



– Eg har aldri sett Lægreid på så høgt nivå før, seier TVs ekspert Ole Einar Bjørndalen.

Med feilfri skyting knuste Sturla Holm Lægreid konkurrentane på fellesstarten i Kontiolahti. Han tok også sin første verdscupsiger for sesongen. Franske Eric Perrot tok andreplassen, medan Vetle Sjåstad Christiansen tok tredjeplassen.

Ekspertane sparar ikkje på superlativa:

– Det er eit fantastisk løp, den skyteforma, det nivået han leverer. Det er den beste presisjonsskytinga i Noreg, seier NRKs ekspert Ola Lunde

Medan Lægreid unngjekk drama på standplass, gjekk det langt meir hektisk føre seg lenger bak i feltet.

Marerittstart

For heilt bakarst, under den første runden, hadde Isak Leknes Frey store problem med å halde følge.

Etter kvart kunne ein sjå at kolben på våpenet var knekt.

– Han var involvert i eit uhell. Kolbekappen knakk. Han måtte dessverre ha reservevåpen, sa trenar Sverre Huber Kaas til TV 2.

– Eg trynar, hektar i ei rille. Så kjenner eg at noko er laust. Trur det er bæreselen, men så har eg knekke heile kolben, forklarar Frey til TV2.

– Heilt latterleg

Frey fekk eit reservevåpen på matta, men blei liggande å skru medan dei andre kunne gå ut av standplass.

– Han må jo stille på siktet. Det er eit fellesvåpen. Han bommar. Det er køyrt, sa TV2s ekspert Ole Einar Bjørndalen.

Isak Leknes Frey knekte våpenet i Kontilahti

RESERVEVÅPEN: Isak Leknes Frey fekk reservevåpen på første skyting.

Foto: Skjermdump / NRK

– Eg hadde eit håp om å skyte ok, men så legg eg meg ned og ser ikkje ein skit gjennom det siktet, seier Frey.

Frey måtte gå fire rundar i strafferunden etter første skyting, og fekk totalt ni bom. Ungguten gjekk i mål over sju minutt bak Lægreid.

– Eg tenkjer ikkje mykje positivt der ute, det er ikkje mykje å få gjort når løpet er øydelagt. Sjukt skuffa, det er jo heilt latterleg, men me får ikkje gjort så mye med det uansett, seier Frey til TV 2.

Lagkompis, Johan-Olav Botn som tok fjerdeplassen, har medfølelse for 22-åringen.

– Eg synest veldig synd på Isak. Alle veit kva han har inne, og han har stanga litt mot veggen i år. Det er tungt når det skjer nesten over ein heil sesong. Og så blir det her på grensa til tragikomisk, seier Botn til NRK.

Frey var med til OL som reserve, og måtte sjå meisterskapet frå sidelinja.

– Eg håpar han får fiksa det fort, for han har karbonstokk. Så eg er spent på kva dei gjer, legg han til.

Publisert 08.03.2026, kl. 17.29 Oppdatert 08.03.2026, kl. 17.58

Read Entire Article