Lægreid overraska av ukjent drama: – Oi, det er heilt nytt for meg

3 hours ago 5



– Vi har hatt verdsmeistrar med raude ski, bekreftar smørjesjef Tobias Dahl Fenre.

Etter at fluorforbodet blei innført før førre sesong, testar ein alle ski for det forbodne produktet av Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) før rennstart. Minusverdiar gir grønt lys på ei maskin, mens plussverdiar gir raudt lys, noko som kan indikere fluor.

Da får ein representant frå nasjonen beskjed.

– Det skjer kanskje ein gong i månaden for oss, så eg vil tru at det gjeld for alle andre òg, så det er relativt ofte, fortel Fenre.

Éin av gongene var under VM i Nove Mesto i fjor. Sturla Holm Lægreids ski viste verdiar som kunne tyde på fluorbruk før sprintkonkurransen der 27-åringen tok gull.

– Oi! Det er heilt nytt for meg. Så rart, seier Lægreid når NRK fortel han om det hittil ukjente dramaet.

– Stressande

Men ifølge Fenre kjem ikkje av plussverdiane bruk av fluor.

– Forklaringa er relativt komplisert, seier smørjesjefen.

Tobias Dahl Fenre med fluorapparatet

TESTAPPARAT: Smørjesjef Tobias Dahl Fenre viser fram maskina som testar for fluor.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Den omtalte testmaskina fungerer eigentleg som ho skal, men ho kjenner ikkje nødvendigvis igjen alle dei nye produkta som har komme på marknaden etter fluorforbodet. Ulikt føre kan også ha noko å seie for utslaget av verdiane.

– Den må kunne lese bildet som kjem ut av maskina og ho må lærast kva ho skal svare på. Vi har ei utfordring i at det er veldig mange variantar og variablar, og prosessen med å legge på produkt blir ikkje lik kvar gong. Vi kan produsere ei ski med eitt produkt på ein sole som gir eit spesielt spekter, og derfor får ein verdi som lyser raudt sjølv om det ikkje er fluor på, forklarer Fenre.

Korleis er det for deg når det lyser raudt?

Det er jo stressande og det kjem ein liten tvil, erkjenner han.

Måtte sikre godkjenning før VM-renn

Smørjesjefen meiner likevel systemet og samarbeidet med IBU fungerer bra. Noreg har også sjølv ei testmaskin ståande i smørjetraileren, der dei kan lese svaret sjølv ut frå tal og ein graf. Som regel kan den grafen vise om verdiane kjem frå fluor eller ikkje, noko også IBUs kontrollørar da kan kjenne igjen.

Det kan også vere situasjonar der det er tvil om det er fluor eller ikkje, og da kan det sendast filer til personar med meir ekspertise som kan gi eit klart og tydeleg svar, seier Fenre.

Eksempel på måling av fluortest, skiskyting, minusverdi = grønne ski

GODKJENTE SKI: Minusverdiar på fluormåling gir gode ski. Grafen til høgre viser utslag frå maskina.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

IBU bekreftar også at dette er prosessen, og at testmaskina framleis lærer seg dei ulike produkta.

Under VM i fjor hadde Lægreids ski gitt utslag allereie under testar fleire dagar før sprintrennet. Da gjekk Fenre i dialog med både leverandør og IBU, og sikra godkjenning i forkant av den endelege testen.

Det var heilt openbert ikkje fluor, men bildet og refleksjonen frå den solen vi brukte skapte trøbbel for oss, seier Fenre.

Det er bra det ikkje var fluor, da, for det hadde vore kjipt å bli diska fordi smørjarane hadde lagt feil produkt eller noko sånt. Det hadde vore ein katastrofe i så fall, seier Lægreid etter å ha høyrt historia.

– Men vi stoler 100 prosent på det dei driv med, og smørjeteamet legg ned ein enorm innsats, legg han til.

Da fluorforbodet tredde i kraft frå 2023 måtte dei norske smørjarane for skiskyttarane tenke alternativt. Da tydde dei til kreative metodar på jakt etter dei raskaste skia.

Bekymra for disk

Reglane i skiskyting nå er sånn at om det skulle vise seg å vere fluor under skia før start, så får ein lov til å gi utøvaren eit anna skipar. Desse må da godkjennast på nytt, og om det igjen er utslag, får utøvaren eit såkalla raudt kort og får ikkje starte konkurransen.

Skia blir også testa etter kvar konkurranse. Om dei da ikkje blir godkjente, så blir utøvaren diskvalifisert.

Har du vore bekymra for disk?

Det er klart at eg har vore bekymra for det. Heilt i starten av førre sesong så var eg bekymra for at vi skulle gjere feil eller at vi ikkje skulle vere flinke nok i jobben vår. Så det har vore eit stressmoment, men eg kjenner vi har komme dit at vi er ganske trygge på det som nå går føre seg, svarer Noregs smørjesjef.

Teststasjon for skiskyting

BLIR SJEKKA GRUNDIG: Alle ski må igjennom fluortest minst to gonger.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Ingen diska i verdscupen

IBU er svært fornøgd med innføringa av fluortesting.

– Vi ser ingen situasjonar der det har vore bevisst bruk av fluor eller juks, men nokre tilfelle av manglande kunnskap og gamle produkt har gitt «raude resultat». Det har berre vore ein person som har blitt diskvalifisert og fem gonger har ski blitt endra, men berre i IBU-cupen, ikkje i verdscupen, fortel dei til NRK.

Ifølge Fenre har det vore fremja forslag om å stramme inn regelverket ved å berre teste ski etter renn eller sette grenseverdiane på fluor lågare enn i dag. Det er Noregs smørjesjef imot.

Det er trygt det vi driv med akkurat nå, men vi skal vente ei stund før vi gjer endringar. Eg synest ikkje ein skal endre prosessen når ein ikkje er klar for det, påpeikar han, og viser til feilmålingane.

IBU seier seg einige i at systemet fungerer bra nå.

– Med meir kunnskap og erfaring kan reglane endrast. Det viktigaste for oss er rettferd og like moglegheiter for alle. Vi vil halde fram med å samarbeide med laga for å diskutere moglege endringar i framtida, forklarer Det internasjonale skiskyttarforbundet.

PS! Onsdag er Lægreid på det norske laget som startar VM i skiskyting med blanda stafett. Rennet startar klokka 14.30, og blir sendt på TV 2 og NRK Sport på radio.

Blir rundlurt av Johnsrud Sundby: - Jævla kjøtthuer! 04:23

Publisert 12.02.2025, kl. 06.08

Read Entire Article