La Restauration si innsegling til New York vera eit symbol på den byen vi ønskjer å vera i framtida

2 weeks ago 16



DEBATT: La oss bruka Restauration si innsegling til New York som eit symbol på den byen – og det samfunnet – vi ønskjer å vera i framtida.

Trusfridom var ein viktig grunn til at menneske reiste med Restauration frå Stavanger til New York i 1825. Foto: Magnus Kolstad
  • Henrik Halleland

    Henrik Halleland

    Varaordførar i Stavanger (KrF)

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Trusfridom er eit grunnleggjande prinsipp i Noreg – og har vore det i mange år. Den siste stadfestinga kom i 1964, då prinsippet blei grunnlovsfesta.

Gjennom århundra har vi sett endringar i praktisering og forståing av trusfridomen, men det har ikkje alltid vore èin sjølvfølge. Mange religiøse minoritetar har opplevd urett og manglande respekt. Dei fleste har i moderne tid fått ei offentleg orsaking – frå anten kyrkja eller staten.

I samband med Stavanger by og Stavanger bispedømme sitt 900-årsjubileum har særleg historia om utvandringa til USA fått mykje merksemd. Det heile starta i 1825 med Restauration, som segla frå Stavanger til New York den 4. juli same året.

Mange har spurt: Kven var dei som reiste? Og kvifor reiste dei?

Det finst ulike svar på det, men det er liten tvil om at mange var kvekarar, eller sympatiserte med kvekarane. Kvekarane var det første trussamfunnet som utfordra den etablerte kyrkja i Noreg. Haugianarane gjorde det òg – men dei blei verande i kyrkja.

Kvekarane fekk verken gravleggja sine døde eller gifta seg i kyrkja. Dei måtte òg betala meir skatt enn andre. Dei var religiøse og politiske flyktningar – og Amerika vart redninga.

Stavanger fekk etter kvart namnet «kvekarhovudstaden» i Noreg. Mange søkte seg hit for å finne fellesskap. Ein av dei var den kjende målaren Lars Hertervig, som flytta frå Tysvær til Stavanger fordi foreldra hans sympatiserte med kvekarane.

Under markeringa i Stavanger den 4. juli blei historia til kvekarane løfta fram – både av biskopen i domkyrkja og av Aslak Sira Myhre under samlinga på torget etter gudstenesta. Det blei formidla på ein fin og verdig måte, og sett i samanheng med den situasjonen mange menneske i verda står i i dag – menneske som må flykta på grunn av trua si.

Mange har i ettertid stadfesta at kvekarane blei møtt med urett, men det har enno ikkje kome ei offisiell orsaking.

I vår glede og stoltheit over byen og bispedømmet som no feirar 900 år, bør vi bruke denne anledninga til å reflektera over kven vi ønskjer å vera som by og kommune i framtida.

Vi ser stadig grupper bli utsette for hets og angrep på grunn av trua si – ofte som følgje av politiske forhold i heimlanda deira.

No har Kapittelfestivalen nettopp gått av stabelen, og gjennom den viser vi som by eit sterkt engasjement for ytringsfridom og vilje til rausheit.

I det daglege arbeidet med integrering og religionsdialog spelar Stavanger STL (Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn) ei viktig rolle. Nyleg arrangerte dei Brubyggjardagen – eit tiltak som enkelt og greitt er svært viktig.

Det er lett å seia at det er viktigare enn nokon gong å verna om trus- og ytringsfridom. Men faktum er: Det har alltid vore viktig.

La oss bruka Restauration si innsegling til New York som eit symbol på den byen – og det samfunnet – vi ønskjer å vera i framtida.

Publisert:

Publisert: 9. oktober 2025 07:53

Read Entire Article