La kyrkjegarden vera ein felles kvileplass og ein kulturarv

1 hour ago 1



DEBATT: Bør ein gravplass vera meir enn ein stad for familie og vener?

Fjerning av graver på Hinna Gravlund. Foto: Fredrik Refvem
  • Anndi Lomeland Jacobsen

    Anndi Lomeland Jacobsen

    Stavanger

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Aftenbladet skriv tirsdag 6. juli om sletting av graver og grunnen til det. Dei knyttar det i hovudsak til den nære familien. Og det kan vera viktig nok, men skal det åleine vera grunnen? Kva er ein gravplass? Ein stad du legg dine nære når dei er gått bort, eller er det også vår felles kulturarv?

Eg meiner det er begge deler. Det er vår samtids kulturarv. I Stavanger har vi Lagård gravlund med både gamle og nye steiner og graver, det kjennest godt å gå der. Ikkje berre møter vi Stavangers historie før vår eiga tid, vi møter vår eiga tid.

Ikkje berre dei vi kjende og hadde eit nært forhold til, men og dei vi ikkje kjende men visste om. Hans Børli skriv så fint i sitt dikt Oppsitter: Seks fot jord tå fedrelandet Er vår odelsjord.

Einar Skjæråsen skriv i visa Vinden blæs sønna og vinden blæs norda Somme er fattige, somme er rike. Berre til sist er vi jamsides og like …. Men det er vi så visst ikkje. Og det er ikkje di odelsjord. Du eig jorda i 20 år så overtek ein gravfester og stat og kommune krev betaling og at du steller grava.

Familier har ulikt forhold til graver. I eit land kor folk flytter, bur dei kanskje ein ganske annan stad. Kanskje har dei ingen nære i live. Kanskje betyr betaling, tid og interesse meir enn grava.

Det er hyggeleg og interesant å gå på ein velstelt gravlund. Og i mange tilfelle er det ein viktig stad for familie og vener å sørga og å minnast den døde. Sjølv er eg gravfestar for fleire graver i ein annen kommune. Der har dei fjerna så mange graver at gravlunden ser ut som eit holete lappeteppe. Eg sørger over dei som forsvann, og ser med otte på dei som ingen nære har til å betala eller stella grava.

Kor lenge blir grava der? Dei er ein del av min nære kulturarv. Vi vernar gamle steinrøyser, men tek ikkje vare på den nære kulturarv. Ein stein kan vera vern nok. I nord ser ein gjerne gravplasser med enkle steinar med villgras rundt. Vi valfarter gjerne dit. Difor vil eg gjerne slå eit slag for at den gravlagde får odel på jorda si til evig tid.

Plass og omsyn til enkelfamiliers ønske må kunne løysast på betre vis. Kor stort areal vert ikkje nedbygd av vegar og utbygging. La kyrkjegarden vera ein felles kvileplass og ein kulturarv i endring for dei døde og vel så mykje for dei levande.

Publisert:

Publisert: 9. juli 2026 16:58

Read Entire Article