Kutta i eldreomsorga skjer litt og litt, snart er det kanskje berre ei seng att?

2 hours ago 1



Skal sjukeheimen berre vera ein stad for oppbevaring, eller ein del av livet? Foto: Shutterstock
  • Alvhild Austigard Steffensen

    Hafrsfjord

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Komlemiddagane til dei eldre blei redda, men mitt inntrykk er at ein plukkar litt og litt bort frå dei gamle, slik at kutta ikkje skal merkast så godt.

Først merka eg meg at husassistentane skulle overta pleiestillingar. Eg veit ikkje korleis den saka enda, men eg vonar husassistentane vart verande. Så var det flaggstengene ved sjukeheimane. For mange gamle har flagget stor betydning, og eg forstår at dei vart triste over dette.

Så var altså komlene ein kort periode truga.

I 1980-åra var det ein profilert lege i Oslo som meinte at ein burde slutta å behandla folk over 60 år, for til dømes hjartesjukdommar og kreft. Han meinte at dersom ein heldt fram med dette, ville folk bli så gamle at etter år 2000 ville ikkje samfunnet kunna bera det. Han viste til at det vil bli færre folk i arbeidslivet til å bera dei store byrdene alle gamle ville bli for samfunnet.

Folk måtte få døy naturleg, utan livsforlengjande behandling, meinte denne legen. Argumenta imot dette var blant anna at denne aldersgruppa var viktig for forsking på kreft og hjartesjukdommar. Og sjølvsagt vil me leva så lenge me kan.

Nå ser me den store eldrebølga komma over oss, og det vil bli kamp. Denne gongen var det komlene, men kva blir det neste? Kanskje det må kuttast så mykje at det berre blir ei seng å få på sjukeheimane?

Politikarane snakkar gjerne om behov for sjukeheimssenger. Men, eg lurer på om mange tenkjer på at det skal liggja levande menneske i desse sengene?

Skal sjukeheimen berre vera ein stad for oppbevaring, eller ein del av livet? Då trengst det både pleiepersonell, husassistentar, god mat og helst ei flaggstong.

Eg er kona til ein som bur på Slåtthaug sjukeheim. Eg ser at personalet gjer det dei kan, på kvart sitt tildelte område. Eit strålande arbeid. Eg lurer på kva som kjem til å skje i framtida? Det vil heilt sikkert bli kamp om pengane når det blir færre og færre i arbeid om skal bera lasset.

Kor går vegen hen?

Publisert:

Publisert: 18. september 2025 12:17

Read Entire Article