Håkan Walldén trener til vanleg fem dagar i veka på Sats. Like før jul skjedde ulykka som endra alt.
Han fortel at han la seg bakover på apparatet. Så hugsar han ikkje meir.
Etter ulykka fekk Walldén støttekrage på nakken. Han vart sendt på CT-skanning for å sjekke seg for kraniebrot eller indre blødingar, men dei fann ingenting.
Foto: privat– Eg har aldri opplevd noko liknande. Eg vakna på bakken, skalv, og det gnistra i auga, fortel Walldén.
Han blei sendt på sjukehus med vond nakke og blei sjukemeldt. Etter ulykka har han vore konstant svimmel og uvel.
– Det har vore ei tung tid med mykje hovudpine, seier Walldén.
Håkan Walldén har hatt ein aktiv livsstil fram til november 2025. Etter ei ulykke på Sats fekk han tilbod om gratis trening i tre månader.
Foto: privatGratis trening
Det som har provosert han mest er tilbodet han fekk frå Sats etter ulykka.
Tre månader gratis trening i desember 2025, og januar og februar 2026.
– Eg får ikkje yta noko trening desse månadane. Pengane burde heller vore brukt på betre vedlikehald av utstyret, seier Walldén.
Walldén har trent på treningssenter i mange år, og er oppteken av tryggleiken under øktene.
Foto: Inger Kristine Lee / NRKSats stadfester at dei registrerte ei hending 13. november 2025.
Dei stiller ikkje til intervju og vil heller ikkje la NRK filme på treningssenteret.
Dei skriv i ein e-post at dei har forståing for at dette har vore ein vond og belastande sak, men at dei ikkje vil kommentere tilbodet om tre månader gratis trening.
– Me har tydelege rutinar for handtering av skader og ulykker, og desse blei følgt også i denne situasjonen, skriv Kristin Fjeld som er nordisk PR-ansvarleg i Sats.
Avisa Oslo omtalte saka til Håkan Walldén først. Også Dagbladet har skrive om hendinga.
Fjernar apparat
Etter at NRK tok kontakt har Sats bestemt seg for å fjerne apparatet som vart brukt i november då ulykka skjedde.
Apparatet Håkan skada seg i, blir kalla for eit GHD-apparat, og er laga for å trene magen.
Sats seier at dei no vil fjerne 29 apparat av denne typen på ulike senter over heile landet.
Dei grunngjev det med at enkelte bruker apparata på ein anna måte enn tiltenkt.
For å bruke GHD-apparatet må ein skru fast putene føtene blir set på. Som eit føre-var-tiltak tek Sats apparata ut for å sjekke tilstanden.
Foto: NTB– GHD-apparatet er utvikla for å heve ryggen i mageleie, med trening av bakside lår og setemuskulatur, men me har den siste tida sett at det også blir brukt til situpar i ryggleie. Denne bruken kan innebere auka risiko dersom posisjonsveljaren ikkje er tilstrekkeleg sikra, eller dersom slitasje skulle oppstå, skriv Sats.
Fleire ulykker
I romjula døydde ein mann i 50-åra etter eit fall på ein tredemølle. Ulykka skjedde på treningssenteret SATS i Porsgrunn og blei først omtalt av Porsgrunns Dagblad.
Til avisa seier PR-ansvarleg i SATS at ulykka er ei tragisk hending og at dei har djup medkjensle med dei pårørande.
NRK har tidlegare fortalt om Marie Veland som fekk eit alvorleg nakkebrot då ein vaier rauk på eit treningssenter i Moss. Treningssenteret Sporty i Moss beklaga hendinga. Moss Avis omtalte historia hennar først.
Få rettar
Forbrukarjurist i Forbrukarrådet Thomas Iversen seier treningssenter er eit mykje meir lovtomt rom enn for eksempel kjøp av ein bruktbil eller handverkarteneste i heimen din.
Forbrukarjurist i Forbrukarrådet Thomas Iversen seier treningssenter er et mykje meir lovtomt enn andre forbrukarområde.
Foto: Torbjørn Brovold / NRK– Regelverket her er mykje meir generelt, noko som tyder at om du har ein skade på treningssenteret så må ein anten kome til at senteret har i veldig liten grad halda ved like utstyret sitt, eller at risikoen er utanfor det me kallar for dagleglivets risiko.
Sats svarer at dei gjer det dei kan for å gjere det trygt å trene.
– Me gjennomfører jamleg vedlikehald og kontrollar av alt treningsutstyr på sentera våre, og arbeider kontinuerleg for å sikre at utstyr er trygt i bruk, skriv Fjeld i Sats.
Håkan meiner ein må vere trygg når ein trener.
– Eg er ikkje oppteken av pengane, er eg oppteken av at det skal vere trygt å trene, avsluttar Walldén.
Publisert 02.02.2026, kl. 16.07













English (US)