Kristian er «Pasient 1»: Han skal få kreftceller sprøyta inn i kroppen

3 weeks ago 19



Kristian Vik har mange gongar tidlegare vore her på i sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Men i dag er han ekstra spent.

Dei siste 15 åra har han hatt diagnosen kronisk myelogen leukemi. Eigentleg var han innstilt på å gå på medisinar resten av livet.

Med biverknader som kvalme, utslett og dei daglege påminningane om sjukdomen som truar.

No har han eit håp om å bli kreftfri. Paradoksalt nok ved at liknande kreftceller skal bli injisert i kroppen hans.

Han har fått tilnamnet «Pasient 1» i forskarmiljøet på sjukehuset. For han er den første med kronisk leukemi som får denne behandlinga.

– Det er klart at eg er spent. Men eg reknar jo med at det er trygt, seier trebarnsfaren frå Øygarden.

Sprøytar inn celler frå kreftpasient

Medisinen er eigentleg levande kreftceller. Dei kjem frå ein pasient som døydde av leukemi.

Denne pasienten fekk strålingsbehandling som gjorde at cellene ikkje kan vekse vidare.

Kreftcellene har blitt vidareutvikla i eit laboratorium.

I store ståltankar i kjellaren på sjukehuset ligg medisinen på is.

No skal den injiserast i blodet til Kristian.

Kreftsjukepleiar Mari Holsen på Haukeland universitetssjukehus hentar ut behaldaren med tjuktflytande cellevæske som ligg nedfrosen i tanken.

Kreftsjukepleiar Mari Holsen hentar ut ein liten behaldar som ligg nedfrosen i tanken.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Same som vaksine

Behandlinga han skal få, verkar på liknande vis som at ei influensavaksine inneheld influensavirus som triggar og trenar immunforsvaret i kroppen til å kjenne att og kjempe mot viruset.

– Enkelt forklart er dette det same prinsippet som i ei vaksine. Kroppen sitt immunforsvar vert trigga mot overflateproteinar.

Det forklarer overlege Morten Yung Isaksen på medisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

– Målet er at pasienten skal bli heilt frisk, seier han.

Slike kreftceller har tidlegare blitt gitt til menneske med akutt og livstrugande leukemi. Men ingen andre med kronisk leukemi har fått denne behandlinga.

Morten Yung Isaksen på medisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

– Målet er at pasienten skal bli heilt frisk, seier overlege Morten Yung Isaksen på medisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Internasjonalt samarbeid

Det er det svensk-nederlandske selskapet Mendus som har utvikla behandlinga, i samarbeid med K.G. Jebsen Centre i Bergen.

– Haukeland og Universitetet i Bergen er leiande innan forsking på denne krefttypen. Vi har allereie samarbeidd med dei lenge med gode resultat, seier Twan Kerssens i Mendus.

Det som skal skje med Kristian kan revolusjonere behandlinga for denne kreftforma verda over.

Det trur både Kerssens og forskarane i Bergen.

– Det er kjekt å ha noko nytt å tilby pasientane. Det har ikkje skjedd store framsteg innan denne type kreft på mange år, seier Isaksen.

Kreftsjukepleiar Mari Holsen på Haukeland universitetssjukehus hentar ut behaldaren med tjuktflytande cellevæske som har lege nedfrosen i tanken.

Ein liten kapsel med dei unike dropane basert på kreftceller skal no inn i kroppen til Kristian Vik.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Ein pioner

Det har teke mange år å komme fram til denne dagen. Så er det klart for det første, historiske stikket.

Dette er berre første dose av ei behandling som skal vare eit halvt år. Han får vite at han kan oppleve hevingar. Men Kristian Vik vonar det er verdt det.

– Det svir litt, men elles kjennest det bra, seier han.

– Føler du deg som ein medisinsk pioner?

– Ja og nei. Det er jo litt kult å vere førstemann.

Kristian Vik får kreftceller

Endeleg får Kristian sprøyta med kreftceller. Behandlinga kan kanskje gjere han kreftfri.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Publisert 21.04.2026, kl. 20.14 Oppdatert 21.04.2026, kl. 20.18

Read Entire Article