Ein sterkt pleietrengande mann måtte ut av heimkommunen sin for å få eit tilbod om pleie og stell døgnet rundt. I dag bur han i Ålesund, i ein ny kommune nokre mil frå den gamle heimen sin.
Men det kostar nesten ein million kroner kvar einaste månad å stelle mannen natt og dag.
No nektar både den gamle og den nye heimkommunen hans å betale rekninga.
– Vi ser alt for ofte at svært sårbare menneske blir kasteballar i eit kynisk spel mellom kommunar. Der ein veit at personen har eit heilt grunnleggande behov for tenester, som må bli dekt, men der ingen av kommunane vil ta ansvar.
Det seier generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon.
Lilly Ann Elvestad er generalsekretær i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon.
Foto: Skjalg Bøhmer VoldKrev at Ålesund kommune betalar
No har mannen budd i Ålesund i over to år, men framleis kranglar kommunane om kven som skal betale.
Hausten 2023 melde mannen flytting til Ålesund. Det store spørsmålet er om kommunen dermed også har fått ansvaret for å betale dei tenestene som den gamle heimkommunen bestilte til den sterkt pleietrengande mannen.
Tidlegare i vår hamna pengekrangelen på bordet til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Dei viste til at mannen no oppheld seg fysisk i Ålesund og konkluderte med at Ålesund kommune må betale.
Ålesund kommune vil ikkje betale og har klaga til Helse- og omsorgsdepartementet. Dei skal no avgjere saka.
Foto: Tore Ellingseter / NRKSeier saka kan hamne i retten
Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes i Ålesund ser ikkje bort frå at saka hamnar i retten.
Ho seier mannen flytta over kommunegrensa etter at den gamle heimkommunen hans lyste ut ein anbodskonkurranse om levering av heildøgns helse- og omsorgstenester. Denne konkurransen vann eit privat firma i Ålesund.
– Denne brukaren flytta hit fordi heimkommunen ikkje greidde å levere eit tilfredsstillande tenestetilbod til denne personen, flyttinga er fundert på eit tenestebehov som ein no får dekt hos ein privat leverandør, som tilfeldigvis er lokalisert i Ålesund kommune, seier ho.
– Er dette eit forsøk frå Ålesund kommune på å unndra seg store utgifter?
– På ingen måte. Vi har også frå tid til anna kjøpt tenestetilbod av private leverandørar lokalisert i andre kommunar, som vi naturlegvis betalar for.
Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes i Ålesund ser ikkje bort frå at saka hamnar i retten.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKKommunaldirektøren i den tidlegare heimkommunen held fast på at det er Ålesund kommune som no er ansvarleg for tilbodet til mannen.
– Det har på ingen måte vore noko lettvint sak, det har vore ein lang prosess og det er framleis uavklart kven som har ansvaret, seier kommunedirektøren.
Kommunen får no hjelp frå advokat.
Departementet må avgjere saka
No har saka hamna hos Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), som skal avgjere den betente saka.
Nyleg oppheva HOD vedtaket, og konkluderte med at det truleg var den gamle heimkommunen som inntil vidare må betale. Departementet har mellom anna lagt vekt på at brukaren sjølv ikkje er spurt om kvar han vil bu og kva for tenester han ønskjer.
Dei meiner mannen si nye bustadadresse åleine ikkje kan avgjere kven som skal betale: «departementet finner det derfor tvilsamt om denne endringa i folkeregisteret alene kan tilsi en overføring av ansvaret etter hol § 11-1».
Spesialrådgjevar Helge Mogstad hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har konkludert med at det er Ålesund kommune som må betale.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKNo har departementet sendt saka tilbake til Statsforvaltaren.
– Det som gjer saka vanskeleg er at Statsforvaltaren ikkje har behandla mange slike saker tidlegare, seier spesialrådgjevar Helge Mogstad.
Han seier kommunane vanlegvis klarer å bli samde om kven som skal betale.
Har sagt opp avtalen
Den tidlegare heimkommunen har no sagt opp den omfattande avtalen om pleie i Ålesund.
Mannen bur førebels i den private helseinstitusjonen, men det er uklart kven som betalar og kor lenge dette varer.
Advokat Christian Garmann er verje for mannen, og seier han ikkje er samtykkekompetent. Han er dermed ikkje i stand til å meine noko sjølv om saka.
– Eg håper det blir ei avklaring og at ansvaret blir plassert. Eg har inga meining om kva for kommune som bør betale, seier Garmann.
Advokat Christian Garmann er verje for mannen.
Foto: Remi Sagen / NRKPublisert 30.06.2025, kl. 06.50