Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling
Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som la fram nye tal no klokka åtte.
Den såkalla konsumprisindeksen syner at matvareprisane steig med 1,8 prosent frå januar til februar i år.
- Prisane totalt i samfunnet auka med 3,6 prosent frå februar 2024 til februar 2025
- Frå februar 2024 til februar 2025 auka matprisane med 7,5 prosent
– Vi har hatt ein ganske betydeleg prisvekst frå februar til januar, som var uventa for sentralbank og analytikarar. Eg vil seie dette er såpass kraftig at den kan sette rentekuttet i mars i fare.
Det seier sjeføkonom i Akershus Eiendom, Kari Due Andresen til NRK.
Dei fleste økonomer har venta at Noreg vil få det første rentekuttet på fem år i mars.
Inflasjonen blir spesielt dratt opp av mat og straum.
Mat og drikke er 7,5 prosent dyrare enn for eit år siden, mens straum og nettleie koster 7,1 prosent mer, ifølgje Statistisk sentralbyrå.
– Dette er eit aldri så lite inflasjonssjokk, seier Kyrre Knudsen.
Han er sjeføkonom i Sparebank 1 Sør-Noreg og han trur prisveksten vil ha påverknad på lønnsoppgjeret.
– Dei hadde lagt til grunn 2,5 prosent, med desse tala kjem dei nok til å oppjustere tala. Det er eit ordentleg sjokk, seier Knudsen.
Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån
Prognose Norges bank
Sjoko-sjokk
Forskingsinstituttet Sifo har funne ut at matprisane for ein gjennomsnittsfamilie har auka med 33 prosent på tre år.
Det er ingen tvil om at det blir dyrare og dyrare å handle i butikken, ikkje minst for det vi likar å kose oss mest med.
– Prisane steig for dei fleste matvaregruppene, men ting som sjokolade og andre sukkerhaldige varer steig særleg mykje i pris.
Statsminister Jonas Gahr Støre syner fram ein sjokolade i stortingssalen under finansdebatten i 2024.
Foto: NTBDet seier Espen Kristiansen i SSB i ei pressemelding.
Prisane på sjokolade steig med over 24 prosent frå februar 2024 til februar 2025. Det er det den sterkaste veksten over 12 månader som er målt nokon gong.
Påske-dropp?
Vanlegvis stig matprisane i februar på grunn av leverandørane og daglegvarekjedene si årlege prisjustering.Sjølv om enkelte varer som til dømes sjokolade pleier å bli billegare før påske, så ventar matforskar Ivar Pettersen ein merkbar vekst.– Eg trur framleis at matprisinflasjonen kjem til å ligge relativt klart over det målet som Noregs Bank har for prisstigning.
– Kor mykje ventar du at matprisane kan stige i år?
– Mi gjetting blir om lag som i 2024, at vi kjem ut mellom 3,5 og 4,5 prosent, seier Pettersen.
Publisert 10.03.2025, kl. 08.01 Oppdatert 10.03.2025, kl. 09.05