Det var frå nabolandet Thailand at meldingane om eit kraftig jordskjelv kom først. Fleire nyheitsbyrå meldte om panikk då skjelvet råka byen. Vitner på staden meldte om at dei såg høgblokkene svaie.
Det tyske geologiske instituttet GFZ meldte om jordskjelv i Myanmar på ein styrke mellom 6,9 og 7,4 fredag morgon. Episenteret skal vere 28 km sør før millionbyen Mandalay i Myanmar.
Bilder fra Bangkok og Mandalay. Hentet fra sosiale medier.
Fleire kontor og butikkar er evakuerte i Bangkok etter skjelvet, melder AFP. Bilde viser store folkemengder som samlar seg på gata.
Videoar på sosiale medium viser at ei høgblokk som er under bygging har kollapsa i byen.
Folk i Bangkok, Thailand evakuert etter skjelvet.
Foto: Athit Perawongmetha / Reuters / NTBOgså i den kinesiske provinsen Yunnan er skjelvet registrert.
Det amerikanske geologiske instituttet USGS har registrert to skjelv fredag morgon. Eitt klokka 07.20 og eitt klokka 07.32. Desse skal ha ein styrke på 7.7 og 6.4 ifølgje USGS.
Det er ikkje meldingar om skadde foreløpig.
Ei bygning har kollapsa i Bangkok, Thailand etter skjelvet.
Foto: Ann Wang / Reuters / NTBPublisert 28.03.2025, kl. 07.49 Oppdatert 28.03.2025, kl. 08.28